Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Polen’

Den 25. juli til 1. august var det verdskongress med i overkant av 1800 esperantospråklege deltakarar i Białystok i nordaustlege Polen, heimbyen til 150-årsjubilanten Ludwik Lejzer Zamenhof, som grunnla språket i 1887.

Me høyrde ikkje så mykje til det på kongressen, men då me kom heim, las me i nettavisa Libera Folio [lenkje 1] [lenkje 2] og andre stader (sjå lenkjer nedover i bloggposten) at tre esperantobussar med polske og tsjekkiske tilreisande fekk oppskorne dekka sine. I alle fall den eine bussen var klart merkt med esperantoflagg og ordet «esperanto».

Allereie før opninga av kongressen var det nokon som sette fyr på teltet der dei store fellesarrangementa skulle haldast. Brannen vart sløkt i tide, men 30 kvadratmeter med teltduk vart øydelagt, med ein prislapp på meir enn 2500 euro.

I ein liten park i Białystok sentrum står bysta til Zamenhof, i høve kongressen med polske flagg, podlasiske regionflagg, blå EU-flagg og grøne esperantoflagg på kvar side. Men esperantoflagga hadde ein lei tendens til å forsvinne.

Det vert også fortalt at lokale polakkar gjekk til åtak på husa med sovesal der det budde ungdommar som var med på kongressen. Ein stein kom inn gjennom eit vindauga og skadde ein brasiliansk kongressdeltakar.

Natt til torsdag i kongressveka var det nokon som kasta ein molotovcocktail mot det nyopna Zamenhof-senteret i byen. Og fredagskvelden, kvelden før avslutninga på kongressen, vart Zamenhof-bysta i den vesle parken tilgrisa med rosa måling (sjå biletet, som er henta frå lokalavisa Kurier Poranny).

Varaordføraren sa i Libera Folio si attgjeving (her i mi omsetjing vidare til norsk):

– Eg har ikkje ord. Det er ikkje mogeleg å kommentere dette. Mest bittert er det at kvar av desse gjerningane er det lokale byfolk som er skuld i. Og ingen reagerte. På denne måten er det at Białystok-borgarane tek avskil med esperantistane.

Esperantobloggaren Dirk Bindmann refererer også Kalle Kniiviläs meldingar på postlista uea-membroj om at ein turistplakett framfor Zamenhofs gamle skule vart ramponert, og at ein reklameplakat for kongressen vart øydelagd.

Białystok har visst Polens mest hyggjelege kriminalstatistikk, og det har verka rart at alt dette skulle råke esperantokokongressen berre heilt sånn tilfeldig. Lokale massemedia har spekulert på om det var rasisme som låg bak, ettersom Zamenhof var jøde (det ville i tilfelle ikkje vere heilt nytt: Mein Kampf fortel at esperanto er «die jüdische Universalsprache»). Den austerrikske avisa Der Standard har såleis meldt at kongressområdet fekk vitjing av ungdommar som hadde på seg svarte t-skjorter med gjennomstreka davidsstjerne. Bindmann nemer i tillegg i den nemnde bloggposten at like før kongressen dukka det opp nazistiske plakatar i Białystok, og han konkluderer slik (i mi omsetjing):

Ja, vandalisme kan skje kvar som helst, ikkje berre i Białystok. Eg meiner likevel at åtaka mot Zamenhof, mot den jødiske Zamenhof, er typiske for Białystok og Polen. Sjølvsagt er ikkje alle polakkar jødehatarar, og slett ikkje dei mange polske esperantistane. Likevel er det eit faktum at antisemittisme har ein brei samfunnsmessig basis i Polen. I ei undersøking frå 2005 uttrykte nesten annankvar polakk å mislike jødar. Og viktigast: Antisemittar i Polen er ikkje berre makteslause marginale personar. Dei bestemmer også over andre menneske og over samfunnsutviklinga. Lat oss ikkje gløyme namnet Jerzy Targalski. Det var han som vedtok å leggje ned esperantosendingane til polsk radio den 15. desember 2006. Targalski har til og med offentleg sett denne avgjerda i samanheng med at Zamenhof var jøde.

Kalle Kniivilä kommenterer til den bloggposten at vandalismen gjenspegla den store merksemda som kongressen fekk: Jamvel vandalane vart merksame på at esperanto finst, men likevel ikkje berre dei.

Og formuleringa «men likevel ikkje berre dei» (tamen ne nur ili) er viktig:

Personleg opplevde eg ikkje noko ubehag ved å vere esperantomann i Białystok den veka, sjølv ikkje med namnelapp med namnet Abrahamsen på brystet (det kling visst litt jødisk, har eg forstått). Tvert imot var alle polakkane eg møtte, hyggjelege og hjelpsame (med unntak av ei billettlukedame som treng smilekurs, men det er jo ei heilt anna sak).

Esperantokonsertane som vart haldne i det offentlege rom, var prega av god stemning med mange byborgarar til stades, og eg fekk eit inntrykk av at byen er svært byrg over at Zamenhof vart fødd der. Berre slik er det jo mogeleg å drive ein kafé med namnet Esperanto Café i stasbygget på bytorget, med esperantokake (med grøn marsipanstjerne oppå) som søt spesialitet. Og berre slik kunne byen Białystok stille seg bak kongressen som sponsor og som samarbeidspartnar.

Politiet i Białystok har sidan pågripe ein 17-åring som har tilstått å ha kasta måling på Zamenhof-bysta, utan at han sjølv heilt veit kvifor. Dette tyder at vandalismen i alle fall ikkje alltid har vore like gjennomtenkt.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Språket esperanto vart grunnlagt i 1887, og i år er det 150 år sidan grunnleggjaren L.L. Zamenhof vart fødd i 1859. Den årlege Universala Kongreso de Esperanto vart difor lagd til fødebyen der han fekk heile ideen, Białystok i Polen. Me hadde lenge vore i tvil om det ville la seg gjere å reise på jubileumskongressen, og me bestemte oss difor i siste augneblink.

Å planleggje reisa

Så seint bestemte me oss at me ikkje var sikre på om me ville få overnatting. Det internasjonale esperantoforbundet UEA hadde nemleg reservert alle hotella i byen, noko som er ei historie for seg sjølv: Hotellreservasjonane er ein måte for UEA å tene pengar på, så dei reserverte alle hotellroma slik at ingen kunne gå utanom UEA, og i tillegg skrudde dei prisane opp til det doble av normalprisane. Dette angra dei på i mai, prisane vart noko lågare igjen, men då hadde jo påmeldingskontingenten gått opp med 80 % (kontingenten går alltid opp ved visse datoar fram mot arrangementet). Det har vorte spekulert i om episoden var medverkande til at det ikkje kom fleire enn 1800 deltakarar.

I alle fall, når me no hadde bestemt oss for å reise på kongress, hadde alle fristar for å gå via UEA gått ut. Men til slutt fekk me faktisk direktenapp på eitt av dei dyre hotella, Hotel Gołębiewski (uformelt omtalt som Goblegoble til dess me hadde klart å lære oss uttalen), under føresetnad av at me betalte alt på førehand.

Dei fyrste dagane av turen vår var me i Warszawa, der me fekk med oss Zamenhofs grav, Esperantogata og massevis av blemmer under føtene. Dei mange strippeklubb-reklamane som låg på fortauet (og bak alle vindaugsviskarar) er eit påtrengjande minne, og eg angrar no på at eg ikkje tok med meg nokre eksemplar som suvenir. Eller eg kunne i det minste ha fotografert ein bunke. Men nei, det tenkte eg ikkje på.

Jubileumskongress

Nokre av dei 1800 deltakarane

Eg har delteke på Universala Kongreso de Esperanto i Bergen (1991), Wien (1992), Tammerfors (1995), delvis i Berlin (1999), og saman med Judith i Göteborg (2003), Vilnius (2005) og no altså i Białystok (2009). Så levde 150-årskongressen opp til det runde talet sitt?

Det var konsertar, teaterstykke, faglege føredrag, møte i alt frå det esperantiske katteeigarforbundet til amatørradioforbundet, filmframsyning, kurs i ditt og datt, seminar om det eine og det andre, og mykje meir. Me var ikkje med på så mykje som tiandeparten av tilbodet, og likevel hadde me meir enn nok å hengje fingrane i. Av fagtilbod vil eg spesielt nemne den interessante serien med moderne fonologi (altså ikkje fonem og slikt) der ein svenske sovna høglydt, eit sosiolingvistisk diasporaopplegg som utarta til eit seminar om det å konvertere til jødedom, og førelesinga om historia, forhistoria og framtida til punktskrift.

Særleg var kulturprogrammet imponerande stort, og det heldt eit svært høgt nivå. På til dømes tysdagen åleine var det 16 kulturarrangement, medrekna alle konsertane, teaterstykka, dokketeater og ein film. Med fagtilbod, møteverksemd og alt anna hadde tysdagen til saman rundt 50 arrangement, herunder også korøving og eksamen i esperanto. Og slik var det altså i ei veke til endes.

Mykje av kulturprogrammet gjekk diverre føre seg andre stader i byen, fordi det ikkje var plass på kongressområdet. Også internt på kongressområdet var det lange interne avstandar. Jamvel det populære bokutsalet til Universala Esperanto-Asocio låg så bortøymt at mange deltakarar brukte fleire dagar på å finne fram til det.

Men slik er det vel når ein skal ha ein jubileumskongress i den byen som er opphav til jubileet. Då må ein bruke dei fasilitetane som er der, og slik sett var det absolutt ikkje så ille, sjølv om me gjerne skulle fått med oss nokre av dei arrangementa i byen som me gjekk glipp av.

Tilgangen til mat var nok litt stusseleg. Menyen på den ca. 50 kvadratmeter store kantina var avgrensa. Dei hadde hamburger på plakaten men pølse bak disken. Då eg ville kjøpe fire sjokoladar, sette dei ei grense ved to. Utandørs fanst det eit større mattelt, men også der med noko avgrensa meny. Eg veit ikkje kvifor det finst så mange vegetarianarar i esperantomiljøet, men eg trur nok dei hadde tøffe dagar. Heldigvis for oss kjøtetande skapningar fanst det ein meksikansk kafé like rundt hjørnet. Og byen var elles stappfull av etestader, med Esperanto Café på bytorget som desidert favoritt. Særleg esperantokaka deira, nam!

Irritasjonsmoment

Oppslag på toalettet: Ver venleg å ikkje kaste dopapir i søpla!

Men éin ting vart eit stendig tilbakevendande irritasjonsmoment: Konsertane og framføringane heldt ikkje tida si. Det var forseinkingar, ekstranummer, kjedereaksjonar med utvida forseinkingar, deretter nye ekstranummer, og slik gjekk dagane. Det var umogeleg å planleggje så grunnleggjande ting som det å få i seg eit måltid før natta var der.

Ein tilleggsirritasjon var Nacia Vespero og Internacia Arta Vespero. Desse arrangementa, som skulle vere høgdepunkta på kongressen, vart rett og slett så einsformige og langtekkjelege at folk gjekk før tida, noko som er heller uvanleg. Den internasjonale kvelden sigla til overmål under falskt flagg, då han i hovudsak vart eit framhald av den nasjonale kvelden.

Likevel

Alt i alt var dette ein flott jubileumskongress. Synd med høgdepunkta som ikkje vart høgdepunkt, men likevel. Det var alltid noko å gjere på.

Noko av det kjekkaste med slike kongressar er likevel å møte folk. Og folk møtte me i massevis. Me snakka kanskje ikkje med alle 1800, men me både møtte att mykje kjentfolk, og me fekk oss nytt kjentfolk som me kan møte att ved neste høve.

Og dei små irritasjonsmomenta får me vel kompensere for på festen i Trondheim esperantoklubb den 15. desember. Det er då sjølve 150-årsjubileet er. Men mest av alt er det eit påskot for å ete kake.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Etter ei veke på esperantokongress i Białystok hadde det vorte fredagskveld. Me hadde vore på den internasjonale kunstkvelden, som vart ei keisam sak med heller sterkt avgrensa internasjonalitet. Det var det internasjonale koret og artisten JoMo som berga den kvelden for oss.

Standsmessig hotell

Klokka var nærare elleve då me kom tilbake til hotellet. Dette var Hotel Gołębiewski, det dyraste hotellet i området (det einaste som hadde noko rom ledig då me endeleg bestemte oss for å reise til byen), og med velutstyrt luksusrestaurant. Den restauranten var også det enklaste valet for oss no så seint på kveld. Så me tinga ein pastarett og litt mineralvatn.

Som på dei fleste luksusrestaurantar var vatnet berre i å få i 2 dl i slengen. Og etter nokre minutt kom kelnaren med ei korg som han sette effektivt frå seg sånn omtrent midt på bordet, med to varme brødstenger (med eit slags fyll inni), men utan tallerken. «Enjoy your meal,» sa han, snudde på hælen og gjekk.

Var det dette som var måltidet? Hm. Kanskje det var ein slags hors d’oevre, for slikt finst jo på luksusrestaurantar. Me håpte på dette, vaska oss med medteken desinfiserande serviett, og tok maten i hendene. Og jau då, etter ei stund kom også pastaretten, like knøttliten som han skal vere på ein luksusrestaurant, slik at me ikkje trong meir vatn. Denne gongen fekk me også tallerken.

Det var mykje som var luksuriøst på dette hotellet, det skal dei ha. Teppet, til dømes. Og at det var ein liten foss i frukostsalen. Og den som skulle ha frukost, måtte innom dama som ikkje stod ved kontrollpunktet som var gøymt bak døra, men som kom halsande til deg frå høgre etterpå fordi du ikkje hadde sett kontrollpunktet, medan ho bad innstendig: «Kejkarrd. Kejkarrd.» Eller var det «gejkarrd»?

Fyrste gongen me oppevde dette, forstod me ingenting i starten. Men så fekk me tenkt oss om: Det fyrste segmentet er ein velar plosiv utan høyrbar VOT. Det kan vere ein ustemd ein, slikt er jo vanskeleg for oss aspirasjonsspråklege å høyre sånn på sparket. Dersom det er engelsk ho prøver å snakke, så kan diftongen svare til ein ortografisk «ey», og, ja, då er det keycard ho seier.

Den stakkars amerikanske esperantomannen som kom inn i frukostsalen noko seinare, hadde ikkje den aktuelle fagkompetansen, og måtte få tolka «kejkarrd» til esperanto (ŝlosilkarto). Han forstod framleis ikkje kvifor han skulle leite fram lyklekortet sitt, men det gjorde sikkert ingenting. For plutseleg snappa dama kortet ut or hendene hans, sprang bort til kontrollpunktet, kom tilbake, gav frå seg kortet igjen, og etterlét amerikanaren som eit stort spørjeteikn.

Til Warszawa

Det vart laurdag morgon. Me hadde på førehand bestemt oss for å sløyfe avslutninga med alle talane, resolusjonane og avsynging av hymne. Høgtida måtte vike då me oppdaga at kulturpalasset i Warszawa hadde ei mumieutstilling og ei dinosaurutstilling, og desse ville me gjerne få med oss.

Drosjesjåførane hadde no vorte vane med at folk skulle til Politechnika Białostocka, og dit køyrde me fyrst med ein triveleg kar frå Japan som elles måtte ha venta på neste drosje. Me hadde forresten felles kjende, for han hadde tidlegare vitja esperantofolk i Bergen.

Judith og eg var ikkje dei einaste som hadde tenkt å ta 10-toget. Det hadde me nesten rekna med, men det hadde ikkje dei rekna med, dei som sette opp toget. Då me kom til stasjonen eit kvarter før tida, var toget allereie stappfullt. Me hadde prøvt å kjøpe oss forbi køen ved å skaffe oss billett til 1. klasse, men vart ståande på gangen utanfor ein låst kupé saman med ørten andre håpefulle. Ved hjelp av lommeordbok kom me fram til at lappen på døra sa noko om «for mødrer med born» eller noko sånt. Plasseringa vår var likevel svært heldig då ei myndig dame ca. 45 minutt etter avgang henta ein lykel hjå konduktøren og låste oss inn.

Drosja til hotellet i Warszawa heldt seg til lokal trafikkultur, og brydde seg altså ikkje om det var skilta med 50 km/t gjennom krysset. Nitti går jo så mykje raskare! Som vanleg vart farten stort sett berekna på grunnlag av trafikksituasjonen ti meter i slengen, så får ein heller bråbremse om det absolutt trengst.

Men slik var det alle køyrde, og det hadde vel vorte lurveleven i trafikken om nokon prøvde å køyre defensivt.

Me tok inn på Courtyard by Marriott Warsaw International Airport Hotel, eit minutts spasertur frå flyplassen.

Dama i hotellresepsjonen hadde tydelegvis eit problem. Om me hadde tinga «king size bed»? Ja, det hadde me. Hm. Ho henta ein annan resepsjonist, dei utveksla eit par ord, og så sa den nytilkomne at me skal få eit betre rom enn me hadde tinga, men til same pris. Og slik gjekk det altså til at me for andre gong på turen fekk eit luksusrom for småpengar.

Kulturpalass

Etter innsjekkinga var det av garde til kulturpalasset, mumieutstilling og dinosaurutstilling!

Hm. Plastmumie? Barneutstilling med falske rekvisittar? Øh… Nei, då ser me heller på utsikta. Det kostar berre… Ikkje lov å ta med seg veskene våre? Hm. Då er det vel berre å… ja… greitt, me finn noko anna å gjere på.

Men på veg ut or kulturpalasset vart me stogga av ein hyggjeleg mann som ville ha oss til å fylle ut eit skjema om korleis det er å vere turist i Warszawa. Det gjorde me, og dermed gjorde me trass alt litt nytte for oss likevel. Utan at eg eigentleg trur at det me skreiv om trafikkulturen og drosjene, vil gjere nokon nytte for seg.

Plutseleg stilt

Turen gjekk vidare til gamlebyen, fyrst med trikk, deretter til fots. Me møtte eit brudepar på veg ut or kyrkja, og sidan me sjølve gifte oss for tre år sidan, var me framleis i det romantiske hjørnet og stogga og såg på dei. Me såg gamle hus og fine utsikter, og kom også til eit torg med havfrue-fontene. Judith gjekk for å finne vatn å drikke, sjølv stod eg og gjorde videoopptak av nokre jazzmusikarar på ei utescene og deretter av nokre born som plaska i fontena… Då eg plutseleg vart merksam på at det var veeeeeeldig stilt rundt meg.

Eg såg meg rundt. Alle stod. Alle var heilt stille. I det fjerne høyrde eg kyrkjeklokker og flysirene.

Etter rundt tre minutt var alt over. Folk sette seg igjen, og alt var som før. Kva hadde hendt?

Me måtte spørje oss litt rundt før me fann ein som kunne nok engelsk til å forklare det for oss. Det viste seg sidan at dette var årsdagen for Warszawaoppstanden 1. august 1944, og kvart år klokka 17 reiser folk seg på denne måten. Hadde me gjort turistleksa vår før me reiste til Polen, skulle me ha stilt oss opp på ein stad der det hadde høvt seg betre å ta bilete av det som skjedde, slik turistar gjerne gjer. Det får vente til neste gong, då.

Drosjene i Polen hadde bilbelte også i bakseta, men då gjerne med feste som var godt nedstappa og ikkje alltid like lette å finne. På veg tilbake til hotellet var det ikkje anna råd enn berre å ta eit godt tak rundt beltet og håpe at turen gjekk bra.

Flyplassar

Flyet gjekk sundag 2. august kl. 14.20. Om flyplassen i Warszawa er å seie: Dei sel mangt og mykje, men vil du ha eit skikkeleg måltid, bør du ete på førehand. Dei med det største utvalet på flyplassen var kafeen i enden, men alle rettane inneheldt ein bestemt ingrediens som eg ikkje bør ete. Me sette oss på ein annan etestad på området, Business Shark heitte det der, og fekk ein pastarett som vart varma i mikrobylgjeomnen, til makropris. Business Shark var elles prega av bakgrunnsmusikk som vart skrudd opp til stendig nye høgder når det kom noko som beteninga syntest var fint.

Gardermoen. Greitt nok å måtte bere med seg bagasjen sin gjennom tollen. Men kvifor må me ut av det sikra området, stille oss i ny tryggleikskø og gå gjennom alt på nytt saman med alle som er komne til også frå innlandet, når me allereie var klarerte i Warszawa? Hadde det ikkje vore til hjelp både på tida og på køane om me kunne ha levert frå oss bagasjen igjen i transitt-området?

Då me kom heim til Trondheim i 21-tida på kvelden, var me akkurat så trøytte som det høyrest ut som i denne bloggposten, sjølv om dette er skrive lenge etterpå.

Sånn

«Sånn!» sa eg. «No e’ ì ferdi’ med turì.» Judith ser på meg: «Helt? Har du itj nå fornuftig å ta dæ til?» Ho ligg nemleg noko etter meg i skrivinga.

Judiths bloggpost om heimreisa finn du her. I neste bloggpost skal eg oppsummere opplevingane på ein kortfatta måte.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Torsdag 30. juli var nest siste dag i juli, og det var nest siste dagen vår på kongressen. Me hadde allereie bestemt oss for å sløyfe avslutninga på laurdag morgon, og heller få oss litt betre tid i Warszawa.

Fagleg

Og torsdagen vart også ein veldig roleg dag for oss. Av faglege ting gjekk me på føredraget til vår eigen Otto Prytz om Braille (som ville ha fylt 200 i år) og punktskrift. Otto kom m.a. inn på spørsmålet om ikkje teknologien med lydopptakarar og talesyntese er komen så langt no at blinde kan klare seg utan punktskrift. Svaret var nei. Som illustrasjon nemnde han at han ikkje ville ha klart å halde dette føredraget på denne måten dersom han fyrst skulle høyre manuskriptet sitt på øyra og deretter fortelje til publikum kva han nettopp hadde høyrt. Noko slikt ville også gjere det vaskeleg å hoppe over eller korte ned på avsnitt på ein god og improvisert måte for å tilpasse tida, slik ein kan gjere når ein har eit skriftleg manuskript.

Me var òg med på siste del av dei optimalitetsteoretiske analysane av esperantofonologi. Det var her han svensken kom i skade for å snorke. Men sjølv syntest eg at dette hadde vore ein glimrande serie, og jamvel Judith, som slett ikkje er fonolog, og som frå før berre kunne sofa-OT à la ektemann, fekk med seg poenga.

Parkkonsert

På kvelden heldt JoMo og Kim konsert i ein park. Slikt vert det show av. JoMo er esperantokjendis i superklasse. Han er tidlegare vokalist i det franske bandet Les Rosemary’s Babies (La Rozmariaj Beboj), og Wikipedia fortel at han har hamna i Guinnes rekordbok for å ha eit songrepertoar på 22 ulike språk. I Polen høyrde me han sjølvsagt på både polsk og esperanto.

Kim er dansk, og er òg esperantokjendis i superklasse. Han har m.a. spelt i Esperanto Desperado, seinare i Hotel Desperado, og er særleg kjend for songen «Sola» (Åleine). Når dei to kjem saman, vert det som på denne videoen (Kim med trekkspel):

Sjå elles på Youtube for meir av både JoMo og Kim med vener.

Siste dag

Me opna fredagen med eit forfattarmøte. John C. Wells (ja, fonetikaren, som er både esperantokjendis og meir ordinær fagkjendis) var i forfattarhjørnet på bokutsalet og fortalde om den nye ordboka han arbeider med.

Ein annan esperantokjendis er amerikanaren Humphrey Tonkin, fyrst og fremst kjend for å vere veldig aktiv (altså i styre og stell), men òg kjend for å leie kongressauksjonane som ingen annan. På auksjonen i år var det fleire esperantosuvenirar som gjekk under hammaren, gamle bøker og sånt. Og som alltid også «kongressnummer 1» til neste års kongress. Kongressnummer er det laupenummeret som alle deltakarane får utdelt, og som står både på namnelappen på brystet og i adresselista i kongressboka. Sjølv hadde eg nummer 1709 i år, og var nøgd med det, men nr. 1 er altså til sals på auksjon, og eg har høyrt at det ved høve har gått for fleire hundre euro. Kva neste års nr. 1 gjekk for i år, fekk me ikkje med oss, for me hasta vidare til neste esperantokjendis:

Dette var Georgo Handzlik, trubadur med både spretne, sarkastiske og triste tekstar. Eg har ved eit høve fått vite av nokon at esperanto ikkje kan fungere som eit skikkeleg språk, for det er jo ikkje mogeleg å banne på det. Eg svarte han med eit par saftige esperantogloser og fekk avsanna myten der og då. Georgo Handzlik dreg dette heilt ut, og har laga ei vise som er stappfull av skjellsord, alt frå avføring til vulgærutgåva av kjønnslivet var representert, sjølvsagt også allusjonar til esperantos kulturhistoriske referanserammer av typen «volapukisto», og han hadde også drista seg til å smugle inn ein ideologisk «finvenkisto» midt mellom skiten og underlivet. Au, den må ha gjort låkt for nokre av dei som var til stades. He he.

Andre songar av meir alvorleg kaliber hadde han òg, men ein av publikumsfavorittane er den me høyrer utdrag av på videoen: Dette er songen om klubben «Verda Stel’» (Grøn Stjerne), som hadde som føremål å velje klubbleiar. Songen går etter formelen «ti klubbmedlemmer kom saman… ni klubbmedlemmer… åtte…», og etter mange fråfall pga. kranglar, keisemd, ulukker og dødsfall var det til slutt berre éin att, og då fekk klubben endeleg ein leiar.

Internacia Arta Vespero (dette vert langt)

Me har aldri sett så mykje maur på eit golv før som akkurat der me sette oss før den internasjonale kvelden. Eit telt får ikkje stå ute i naturen så altfor mange dagar før naturen tek hemn. Me flytta oss, og åtvara ei som sette seg etter oss i maurkolonien. Aha, sa ho og plukka opp veska si frå golvet, dette kan jo forklare kvifor ho hadde funne maur i veska si nokre dagar før.

Internacia Arta Vespero, den populære internasjonale kunstkvelden, er alltid på fredagskvelden i kongressveka. Her er det at kongressdeltakarar frå alle verdshjørna presenterer scenekunsten sin, rett nok gjerne amatørmessig, men også ofte med høg kvalitet. (Ein gong var det ein som såg ut som ein parodi på Monty Python, utan at eg trur det var meininga.)

Det byrja kjempebra. Internacia Koruso (det internasjonale kongresskoret) er eit populært kor med medlemmer frå heile verda. Ofte kan dei opplevast både med eigen konsert (ikkje i år) og med ei framføring på Internacia Arta Vespero, denne gongen med tre songar. At ein publikummar presterte å klappe takta til ein kjend esperantosong med melodien til «Deg være ære», får så vere. Dette er elles så absolutt eit amatørkor, men dei er glade amatørar!

Internacia Koruso

Så vart ei profesjonell operasongarinne introdusert, sopranen Joanna Albrzykowska Clifford. Ho skulle syngje… Hæ? Ho skulle syngje ti songar på ti europeiske språk, for å illustrere det språklege mangfaldet i Europa? Hallo? Verdskongress? Internasjonal kveld?

Jau. Me skulle ha lese programmet i kongressboka betre. Det viste seg at verdsinnslaga på verdskongressen allereie var over, dei hadde funne stad på ein bortgøymd kafé ein stad i byen tysdags- og torsdagskvelden. I staden for dei blanda dropsa frå alle verdshjørna var den «internasjonale» kvelden sett saman av fire separate konsertar etter kvarandre med til dels sterk europeisk og polsk slagside.

Korsong og operasong krev ein noko annan slags konsentrasjon enn mange andre sjangrar. Og det er klart, ein skal jo ikkje døme skravlegubbar og skravlekjerringar nord og ned. Det finst jo ein grunn til at dei snakkar så høgt som dei gjer. Grunnen er at det skjer så mykje på scena, med så mykje musikk og sånt, at dei berre snakke skikkeleg høgt om dei skal høyre kvarandre.

Og alle som har prøvt å snakke i mobiltelefon på ein stad der nokon syng opera, veit òg at det ikkje nyttar å kviskre. Også esperantistar er moderne menneske med mobiltelefon, og dei har akkurat like mykje mobilvit som alle andre. Så kom ikkje her og klag på ungdommen.

Ein får ikkje meir underhaldning enn den ein klarer å lage sjølv. For oss var berginga å skrive små meldingar til kvarandre, delvis kviskre svara, og delvis prøve oss på det vesle me har lært av norsk teiknspråk (ja, for all del, me har då betre manerar enn skravlegubbane, skravlekjerringane og mobiltelefonpratarane). Frå lappen:

Judith: Med unntak av Internacia Koruso blir dette også flere «konserter» på én kveld.

Jardar: Dei har berre europeiske innslag, og snakka jamvel om «nia multlingva Eŭropo» [vårt språkmangfaldige Europa], men bruker berre dei store språka som trugar la multlingvecon [språkmangfaldet, som esperantistar no til dags er så glade i]. – Kva med sorbisk, luksemburgsk, friulsk, baskisk, irsk og dei ikkje-europeiske språka?

Judith: Ikke så mange komponister derfra.

Judith (då songarinna ikkje var ferdig likevel): Enhver konsert har jo ekstranummer.

Ein kommentar om kommentaren min om «dei ikkje-europeiske språka»: Her tenkte eg på at verda (dette var den internasjonale kvelden på ein verdskongress) er mykje større enn Europa. Ethnologue pr. august 2009 tel 6909 språk i verda, derav 234 i Europa, altså ca. 3 %.

Etter ein halvtime med operasjanger byrja me å føle trong for avveksling, og etter 50–60 minutt med solosong frå scena, etter ti europeiske songar, ein esperantosong og nokre ekstranummer (ja, for det var altså ekstranummer) fekk me avvekslinga vår i form av ein ny sjanger:

Małanka

Den nye sjangeren var dansbar kviterussisk folkemusikk. Folkemusikkgruppa Małanka skulle representere den kviterussiske minoriteten i Polen «med fylgjande songar». Og konferansierane byrja å lese opp namna på songane. Og dei las. Og las. Judith var om seg og byrja å telje, sjølv om det var vanskeleg, ettersom alle songane heitte ei lang setning som handla om noko med skog eller elv. Til slutt hadde ho talt tretten songtitlar. Men dette var ikkje slutten. Songane skulle syngjast også.

Og ingenting skal seiast på rytma. Dette var fengjande! Stemninga stod i taket, fleire i publikum dansa, og me òg var med på stemninga på stolane våre både gjennom den fyrste, andre og tredje songen. Men når me passerte åtte songar, byrja me å verte slitne. Undervegs fekk Judith variasjon i livet ved å telje kor langt me var komne, men måtte til slutt også skrive noko:

Judith: Så ensformig…

Etter ca. 50 minutt med tretten kviterussiske folkesongar og eit ekstranummer kom, i tråd med visse tradisjonar, den beste vinen til slutt. Dette var franskmannen JoMo (sjå over), han var proff, visste å avgrense seg, og var også langt meir variert i uttrykket. JoMo er aldri keisam! Og fordi han ikkje var keisam, klarte me heller ikkje å telje songane hans. JoMo kompenserte også for arrangementskomiteens eurosentrisme ved på eige initiativ å invitere den brasilianske rap-artisten Tony opp på scena. Applaus for JoMo!

Men alt i alt vart altså den «internasjonale» kvelden i høg grad ein europeisk og polsk kveld. Eg sat også og tenkte på ei gamal teikneseriestripe i bladet Bamse – verdens sterkeste bjørn, der ein songar med gitar sat og song den same strofa hundre gonger fordi han trudde at då vart songen hundre gonger betre. Det var Internacia Koruso og JoMo som berga kvelden, sjølv om folk byrja å gå før tida også på dette arrangementet.

I neste bloggpost (som kjem om under eit døger) et me middag på fredagskvelden før me legg oss, og neste dag byrjar heimreisa. Judith fortel om dei siste kongressdagane her.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Hotellet til høgre, jarnbanestasjon og bussterminal nede til venstre

Universala Kongreso de Esperanto er eit fenomen som opptrer ein gong i året, og denne gongen altså i Białystok i Polen. Kvar dag er det halvdagsutflukter hit og dit for dei som vil bruke pengar på det, og som har tid, og på onsdagen i kongressveka er alt anna program avlyst til ære for heildagsutflukter. I år kunne deltakarane velje mellom seks heildagsutflukter, m.a. tur langs elva Bug og nærkontakt med Europas siste urskog, Białowieża-skogen, landet til den europeiske bisonen.

Men me fór ikkje på utflukt. Ikkje på denne måten. Trass i vassblemmer under føtene laga me vår eiga utflukt til fots omkring i Białystok, byen der helten vart fødd i 1859. GPS-loggaren tok opp ruta, som du kan sjå på kartet. Eg har nemnt loggaren før, og han høyrest jo ut som eit leikety. Men grunnen til at me hadde med oss GPS-loggar, var at me etterpå kunne geotagge bileta, slik at det berre er å klikke på ein knapp, så ser ein kvar i verda me var då me fotograferte (hugs berre å stille kameraklokka heilt nøyaktig på sekundet før fotografering). Innandørs vert loggaren fort unøyaktig, så sporet på kartet er ikkje heilt rett.

Jiddisch

Me fekk oppleve ei språkleg snadderhending, eller kanskje storhending, etter at me hadde spasert til ein benk utanfor domkyrkja. Ein litt eldre mann kom bort til oss og sa noko på polsk. Eg svarte: «Deutsch? English? Esperanto?» Han skjøna korleis det var fatt, og sa: «Nie farshtein?» Dette kunne eg stadfeste: «Nie farshtein.»

Eg har aldri lært jiddisch, men dette forstod eg: «Nie» (eller «nje», om me skulle ha stava det på norsk) er openbert henta frå polsk, og tyder ‘ikkje’. «Farshtein» liknar på tysk «versthehen», og tyder ‘forstå’. Eg høyrde det som «forshtein», men torer ikkje vedde på at den trykklette vokalen faktisk var uredusert, så her held eg meg til den rettskrivinga som Olve Utne bruker i si Jiddisch-norsk ordliste.

Eg levde lenge på denne opplevinga. Det er ikkje kvar dag ein vert tilsnakka på jiddisch på gata!

Eit barn er født i Białystok

zamenhofgateskiltMe hadde tidlegare vore på Zamenhofs grav i Warszawa. No nærma me oss den motsette enden av livet hans: Zamenhofs fødestad. Vegen gjekk via ul. Ludwika Zamenhofa, der me sjølvsagt tok eit bilete av oss sjølve framfor gateskiltet med nokre utearbeidande handverkarar som publikum. Dei såg rart på oss, som venteleg var. Etter fotoseansen gjekk me vidare mot… «En la mondon venis nova sento!» gjalla det bak oss med kor og fullt orkester. Me bråsnudde og nærast sprang på blemmene våre forbi dei utearbeidande handverkarane igjen og mot hymnen. Var det utekonsert? Dette var jo like ved bytorget, kanskje det skjedde noko der.

Fasaden til Zamenhofs fødehus

Plutseleg slutta musikken, me kika forvirra til alle kantar, og frå ein høgtalar på ein utekafé sa dei noko på polsk om esperanto. Åh. Det var radioen som hadde sendt fyrste strofe av La Espero, og no var det slutt. Bah, esperantofolk på tur, er me ikkje sære nok når me er heime, er me i alle fall sære nok som turistar. Då me passerte Zamenhof-gateskiltet for tredje gong, passa eg godt på å ikkje sjekke andletsuttrykka til handverkarane.

Men det passa fint med La Espero no, for der i enden av Zamenhof-gata (me måtte berre snu igjen fyrst) stod Zamenhofs fødestad. Og for å gjenta for nye lesarar:

Ludwik Zamenhof (1859–1917) var mannen som grunnla språket esperanto i 1887. Han vart fødd i Białystok i det som i dag ligg i det nordaustlege Polen, og i 2009 er det 150 år sidan 1859. Dette er grunnen til at den 94. Universala Kongreso de Esperanto (korkorta: UK) i 2009 vart lagd nettopp til Białystok, og 104 år etter den fyrste UK i 1905 var dette også fyrste gong at UK fann stad i den byen. Familien Zamenhof flytte til Warszawa i 1873, same året som Ludwik seinare fylte 14.

uk4-z-hus

Judith tok bilete av at Jardar tok bilete av at nokon hadde måla bilete på veggen til det huset som står der det huset som stod der før, ikkje lenger står.

Huset som Zamenhof vart fødd i, står der ikkje lenger, men ei bustadblokk på same stad har ein plakett, og attmed står ei turisttavle med bilete av det opphavlege huset. Det vil seie, biletet på turisttavla (her attgjeve med eit bilete som er henta frå La Ondo) er av den delen av huset som vende ut mot gata, Ludwik Zamenhof var frå bakgarden, som ikkje såg like fasjonabel ut. Men for esperantoturistar er både bustadblokk med plakett og turisttavle med feil husbilete heilt i orden. Det viktige er å ha vore der med fotoapparatet sitt.

Og likevel: Når ein tek vare på barndomsheimane til diverse kunstnarar rundt omkring i verda, så kunne ein kanskje ha venta at også fødestaden til ein språkgrunnleggjar kunne ha vorte teke vare på. Wikipedia fortel på esperanto at det gamle trehuset stod i det som på den tida var Zielona 6. Bydelen hadde hovudsakleg jødisk busetnad, men elles var det både kviterussarar, polakkar, litauarar, russarar og tyskarar der. Det noko anspente forholdet mellom desse folkegruppene gjorde så sterkt inntrykk på tiåringen Ludwik at han skreiv eit drama i fem akter om Babels tårn, og sidan arbeidde han mykje med å forbetre forholdet mellom folk, m.a. som me veit ved å grunnleggje språket esperanto.

Eit lite apropos frå Jardar: Noko mindre kjent er at Zamenhof også arbeidde med ein livssynsideologi som heitte homaranismo ‘menneskeætt-tilhengjar-isme’, som ikkje var ein religion, men som var ei samling med prinsipp for korleis ein kunne leve saman her i denne verda. Prinsippa samanfattar den gode viljen som ligg i oss alle uavhengig av religion, etnisitet osb., så når svensk Wikipedia pr. 22. august 2009 seier at «Homaranismo är namnet på en sorts religion eller medmänsklighetslära», så ville eg nok ha sløyfa sekvensen «religion eller».

uk4-veggmaleri

Tilbake til Wikipedia-artikkelen om Zamenhofs fødehus, som eg gjenfortel på norsk ettersom det sikkert er mange av lesarane som ikkje kan esperanto: Det var ekteparet Ciechanowski som åtte huset, og familien på Zamenhof (to foreldre og seks born) leigde tre små rom. Familien flytte altså sidan til Warszawa, Ludwik Zamenhof døydde i 1917, og heime i Białystok stod det gamle huset til forfalls. Men takka vere esperantopioneren Jakub Szapiro vart gata omdøypt frå Zielona til Zamenhofa i 1919. Ein ville også gjerne ære Zamenhof med ein plakett på husveggen, men prosjektet kom aldri i hamn. Ikkje før i 1927 kom det ein slik minneplakett, takka vere byadministrasjonen, ikkje esperantistane.

Vidare heiter det i Wikipedia-artikkelen at det var fleire esperantoturistar (omtalte som pilgrimantoj, ja ja) som klaga over den skrale tilstanden på huset, men ingenting vart gjort. No var det farleg å gå i trappene. Eit initiativ i 1929 om å kjøpe huset og lage esperantomuseum stranda. Dette gjentok seg to år seinare. Ein la høgtidleg ned grunnsteinar for eit Zamenhof-monument på staden, men noko monument dukka aldri opp. Huset rotna på rot, og i 1939 vart eigedomen kjøpt av eit polsk telefonselskap som var dotterbedrift av svenske Ericsson, dei ville byggje telefonsentral på staden.

Sjokkerte esperantistar frå Białystok fekk stogga rivinga, men så kom krigen. Huset stod i den jødiske ghettoen, og i august 1943 brann ghettoen ned under eit jødisk opprør. Men Zamenhofs fødehus overlevde. Etter krigen hadde minneplaketten forsvunne, og det fattige Polen måtte prioritere andre gjeremål enn å ta vare på falleferdige hus. Białystok by reiv huset i 1953, og bygde i staden ei moderne bustadblokk. Og slik sluttar forteljinga i Wikipedia-artikkelen.

Men som esperantoturistar kunne me jo likevel sjå at den blokka står på historisk esperantogrunn. Ein nyoppussa minneplakett frå 1950-talet med gullskrift er på plass, og det same er tre store veggmåleri over kvarandre, som kom på plass så seint som i fjor. Det øvste måleriet er av ein flokk med glade born med ballongar ute på balkongen. I midten står Zamenhof sjølv og helsar til oss frå sin eigen balkong, om enn i ein noko meir mogen alder enn då han sjølv budde på staden. Nedst er det måla eit vindauga der esperantopionerane Jakub Szapiro og Abraham Zabar sit og kosar seg med hatten på foten.

Jakub Szapiro, seier Wikipedia, vart fødd i 1897, lærte esperanto som fjortenåring, og vart straks aktiv i esperantorørsla m.a. som ivrig skribent i viktige esperantotidsskrift. Etter fyrste verdskrigen (der han hadde vorte ivrig krigsmotstandar) arbeidde han som lærar ved handelsgymnaset i Białystok, og takka vere hans innsats fekk altså Zamenhof-gata sitt noverande namn i 1919. Han var ein av grunnleggjarane av Bjalistoka Esperanto-Societo (altså den lokale klubben) i 1922, men aktiviteten var så laber at dei to år seinare like godt grunnla klubben på nytt, no med Szapiro som leiar.

Szapiro og Zbar

Jakub Szapiro og Abraham Zbar på 1930-talet, i vindauga sitt i Lipowa 31 i Białystok. (Wikimedia Commons)

Esperanto vart synleggjort i byen som aldri før, og plutseleg var det over 300 namn frå Białystok i ei adresseliste over polske esperantobrukarar. Sjølv handelsstanden var med, prenta reklametekstar på esperanto, og sette opp skilt av typen «Ĉi tie oni parolas Esperanton» (Her snakkar ein esperanto). Szapiro var ein ivrig skribent, og skreiv både bøker og artiklar på fleire språk og i ulike sjangrar.

I 1941 arresterte tyskarane nokre tusen jødar i Białystok, m.a. Jakub Szapiro, og kravde løysepengar i form av 5 kg gull, 300 kg sylv, pengar og verdisaker. Då dei fekk løysepengane, var tyskarane nøgde, og skaut like godt alle saman.

Zamenhof-byste

Eit par–tre hundre meter unna fødestaden har Białystok laga ein liten park til minne om Zamenhof. Ei fontene med ein rullande stein, duer som bada seg, benker langsmed, nokre planter og tre, og i enden ei byste av mannen sjølv på høg sokkel. I høve esperantokongressen var bysta flankert på begge sider av polske flagg, regionflagg frå Podlasie-provinsen, blå EU-flagg og grøne esperantoflagg. Også eit ynda turistmål. Dit måtte me, og der tok me bilete, før me vandra vidare i endå nokre få minutt på jakt etter mat.

Judith tok bilete av at Jardar tok bilete av bysta til byens store son.

Esperantokake

Mellom Zamenhof-gata og bysta, og litt lenger sør, ligg bytorget i Białystok, og på torget står det eit stashus som på esperanto vert kalla «la urbodomo» (rådhuset), men som ikkje er noko rådhus, det vart berre bygt i si tid fordi det var noko som meinte at Białystok burde ha eit slikt hus. I det huset finst det ein kafé som heiter Esperanto Café. Den kafeen serverer mykje god mat, m.a. ein kyllingpyramide med ein sopp på toppen (festa med tannpirkar). Dei serverer også ei esperantokake.

esperantokake

Esperantokaka er laga av to lag med sukkerbrød, det nedste med litt sjokolade. Mellom laga og oppå det øvste er det ein veldig søt og god krem som langt baki minte litt om sitrus og banan, kaka har marsipanlok, og på kvart kakestykke er det ei grøn marsipanstjerne. Slik må det vere om det skal vere ei skikkeleg esperantokake! Dette er 120 gram med godsmakande samvit. Eg spurde kelnaren om han kunne skaffe oppskrifta, men utan at det førte til noko. Sidan har eg også send ein e-post til kafeen og spurt etter oppskrifta, men det har ikkje kome noko svar.

Den grøne, femtagga esperantostjerna, som også finst i esperantoflagget, symboliserer tradisjonelt dei fem verdsdelane. Ordet «esperanto» (opphavleg Zamenhofs pseudonym, Doktoro Esperanto) tyder ‘ein håpande’, og grønt er fargen til håpet, i dette tilfellet håpet om fred og forbrødring, med esperanto som eit hjelpemiddel i kommunikasjonen (slik seier esperantoideologien anno 1887). Rett nok har historikaren Ziko Marcus Sikosek (seinare: Ziko van Dijk) problematisert dette i boka Esperanto sen mitoj (Esperanto utan mytar), t.d. var det ein ire som føreslo grønfargen, og denne iren tenkte fyrst og fremst på Irland. Men dagens esperanto-folklore snakkar om grønfargen som håpets farge, noko også Zamenhof hadde tenkt då den grøne stjerna fyrst dukka opp. At stjerna også har hatt ei fortid som gul, er ei anna sak som nesten ingen veit i dag.

Zamenhof-senter

Medan me sat der og koste oss med kulinariske opplevingar, kom det eit rykte om at det skulle vere omvising på det nyopna Zamenhof-senteret om litt. Og omvising vart det.

Zamenhof-senteret har ei utstilling som eigentleg ikkje handlar om Zamenhof men om Białystok på den tida då Zamenhof budde der. Andletet hans som 16-åring er manipulert inn på ein del plansjar som heng der, og på plansjane er det også tekstar på fleire språk, m.a. på ein ikkje akkurat plettfri esperanto. Omvisaren kunne fortelje at han hadde lese korrektur, men at då plansjane vart laga, var det likevel ein tidlegare versjon av teksten som låg til grunn. Ja ja.

I overetasjen var det ei utstilling med ex libris-merke, postkort og frimerke, alt med esperantosamanheng. Mellom anna såg me eit postkort med bilete av Kabe, den polske esperantopioneren som sidan plutseleg berre slutta med esperanto.

Togbillettar

Me hadde for lenge sidan oppfatta at folk på polske trafikknutepunkt som jarnbanestasjonar ikkje snakkar engelsk. Frå esperantovener som allereie hadde kjøpt seg togbillett til heimreisa, fekk me også høyre rapportar denne dagen om at personalet bak billettluka på jarnbanestasjonen i Białystok ikkje berre nekta å forstå kvasipolske saker som «dva biljeti do Warszawa» (korrekt polsk er «dva bilety do Warszawy»). Nei, dama i billettluka var også veldig sur og sint.

Lappen som me fekk med oss frå hotellet

Så då me skulle vende nasen mot jarnbana denne ettermiddagen, tok me ingen sjansar. I resepsjonen på hotellet fekk me hjelp til å skrive ein lapp på polsk som sa: To billettar til Warszawa laurdag kl. 10, fyrste klasse, reservasjon om mogeleg, ikkje-røyk.

Og bra var det. Nokre minutt seinare var me på stasjonen, hadde stilt oss i køen, og vart vitne til korleis det kan gå om ein så snakkar polsk flytande. Me stod no på tredjeplass i køen, og fremst stod det to jenter som sjølvsagt skulle ha billett. Då det vart deira tur, starta dei med eit smilande billettynske, og fekk eit glefs tilbake. Jentene svarte medgjerleg, og fekk ei noko meir høglydt bjeffing i retur. Dialogen gleid gradvis over i ein heftig monolog frå innsida av luka, og dei fleste forsøk på å svare frå utsida vart kontant avbrotne av gnelling og gauling. Jentene rista på hovuda, serverte innvendingane sine, og såg meir og meir oppgjevne ut. Mellom dei og oss stod det ei kvinne som etter kvart berre snudde seg mot oss, smilte diskret og himla med augo.

Me vurderte å stille oss i nabokøen fordi den andre billettlukedama såg mindre skummel ut. Ja, ikkje berre vurderte. Eg stilte meg i den andre køen i eit stilt håp om at den vonleg litt snillare billettdama kunne verte fortare ledig enn den meir skumle billettdama. Men nei då, plutseleg var me fremst i den fyrste køen.

Me nikka ærbødig til den myndige dama på innsida, skuva lappen frå hotellet inn bak glaset, billettdama treiv papiret til seg og las. Etter få sekund kom det eit halvvegs heftig utbrot som me forstod slik at det ikkje var mogeleg å reservere. «OK, OK,» sa me på engelsk og prøvde å avvæpne henne med eit diplomatisk smil, utan at det var særleg hjelp i. For i neste augneblink kom det eit bryskt spørsmål på polsk som me diverre ikkje forstod, og då knyttneven hennar deiste mot oss frå innsida medan ho sa noko om złoty og noko anna, var me mest opptekne av at det heldigvis var eit glasstengsel mellom oss.

Knyttneven hennar hadde pengesetlar i seg.

Aha, ho lurte på om me skulle betale med kort eller med złoty. «Złoty!» sa me, la pengane under glaset, fekk billettane, og gjekk til ein tryggare stad. Me hadde sloppe lett unna.

Eg lurer forsyne meg på om det kan ha vore den same bilettdama eg provoserte med mitt nærvær i 1993. Om ikkje, så har Polen og Białystok eit problem i sørvisnæringa. Hm, jau, dei har eit problem i sørvisnæringa. Sjølv i turistinformasjonen på jarnbanestasjonen i Warszawa hadde dei vorte sure på oss då me spurde om dei visste kor lenge billettlukene er opne. Den gongen vart me berre effektivt vifta bort før dama bak informasjonsskranken gjekk sin veg.

Judith har i årevis høyrt om fadesen frå då eg sist var i Białystok (omtalt i ein annan bloggpost i denne serien), og etter å ha inspisert billettluka og lukedama på jarnbanestasjonen fekk ho òg sjå bussterminalen.

Det som sidan skjedde den kvelden, var at me gjekk heimover mot hotellet i myggsvermen. GPS-loggen fortel at me var tilbake på hotellet kl. 20:49:21, og då hadde me heilt tilfeldig passert huset hans Jakub Szapiro på vegen. Og vegen var full av flagg. Ja, omtrent kvar me enn var i Białystok, såg me esperantoflagg jamsides med polske flagg på lyktestolpane, og også massevis av reklameplakatar for esperanto og verdskongressen. Det var ikkje tvil om at det var esperantokongress i byen denne veka.

I neste episode nærmar kongressen seg slutten, og me reiser heim. Judiths bloggpost om onsdagen finn du her.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

I førre bloggpost om esperantoferda 2009 fortalde eg om turen til Białystok og om opningsarrangementet. Mellom anna fortalde eg at eg var veldig kortfatta då eg skulle helse på vegner av Noreg. Tenk om eg hadde klart å vere kortfatta også her i bloggen, då ville eg kanskje hatt lesarar som las heile bloggposten. Men nei då. I denne bloggposten skal eg fortelje om sundagskvelden, måndag og tysdag.

Optimalitetsteori

nicolau

Eit litt uskarpt bilete av gjennomgangen av ein akustisk-fonetisk analyse

Allereie sundagen, den 26. juli, byrja ein førelesingsserie i tre delar, stappfull av fonetikk, fonologi og optimalitetsteoretiske analysar av måten som morsmåla til esperantobrukarane påverkar esperantoen deira på (altså «feil» uttale, for å seie det folkeleg). Nicolau Dols Salas er kanskje den fyrste på ein slik kongress som har brukt Praat til akustiske analysar av legendariske esperantobrukarar, og kanskje den fyrste som har teikna OT-tablå på tavla.

Kanskje vart det litt høgtsvevande for nokre av tilhøyrarane. Hugs, dei fleste esperantobrukarar som veit noko om fonologi, er strukturalistar, utan at dei naudsynleg veit at det er det det heiter. På den siste samlinga (som var på torsdagen) var det jamvel ein svenske som kom i skade for å sovne (ja, han snorka). Eg skal ikkje nemne namn. Men min sluttrespons til kurshaldaren var at dette hadde vore ein veldig artig presentasjon. Sjølv Judith, som kjenner OT berre frå sofapludringa mi, forstod det som vart sagt. Når det faglege nivået samstundes var heilt forsvarleg (berre med eit par pedagogiske forenklingar, og det er jo tillate), så seier det ein del.

Og til studentane mine: Weight to Stress » Align (Ft, ω, Rt) er ikkje rett rangering om de vil snakke normert esperanto.

Nacia Vespero

Kulturprogrammet var så fullstappa på denne kongressen at det taut ut i endane med mange parallelle arrangement. Det var imponerande mykje å ta seg til. Nacia Vespero (nasjonal kveld) er alltid same dag som opninga, i år altså sundag 26. juli. På det arrangementet får vertslandet presentere seg, og alle plar sjå fram til det.

cantio polonica

Cantio Polonica

På kongressen i Białystok opna Nacia Vespero med blokkfløyteensemblet Cantio Polonica med renessansemusikk og dans. Som ein ser på biletet, var det svært unge musikarar, og dei imponerte storleg. Dei unge jentene der (og den unge guten) vart forresten sjølve sterkt sjarmerte av ein japanar i publikum som hadde open gylf og som viste dei fløyta si. Eg snakkar no heilt bokstavleg. Han hadde gløymt å ordne buksa si, utan at det vart skandale av det. Og så hadde han med seg blokkfløyta si. Den fløyta må ha vore veldig spesiell, for dei unge fløytespelarane flokka seg rundt han både før Nacia Vespero (altså etter generalprøva) og etter at dei var ferdige med det førti minutt lange innslaget sitt.

Vidare på Nacia Vespero vart det folkedans med folk i folkedrakter, akkompagnerte av feler, trekkspel, treblåsarar og trommer. Det var fengjande musikk! I førti minutt i strekk. Etter desse var det ein flokk med talentfulle born som dansa så lystig til moderne, altså engelskspråkleg, musikk med tekstar som passar for den aldersgruppa: «You’re way too beautiful girl, that’s why it’ll never work. You had me suicidal, suicidal when you say it’s over.» Jepp.

Etter dei kom det nokre som framførte ein slags eksperimentell ballett om folk som til slutt alle døydde, med musikk som var endå meir moderne. Deretter var det ei moderne dansegruppe (med hiphop og annan dunkdunk) som er veldig kjende i Polen no etter at dei har gjort det stort i TV-programmet You Can Dance. Til slutt fekk me ein full konsert med dei glade songarane som me allereie hadde møtt på opninga, med reprise av alt det dei hadde servert oss under opninga tidlegare på dag (med unntak av hymnen).

Men kvifor så himla mykje dans? På eitt eller anna seint tidspunkt fekk me forklaringa at Białystok er Polens dansehovudstad. Men neste dag snakka alle om at dette vart for mykje av det gode. For jau, artistane var kjempeflinke (sjølv om den tilhardnande musikkstilen etter kvart bomma på store delar av publikum), men for fyrste gong på alle mine kongressar (1991, 1992, 1995, 1999, 2003, 2005, 2009) opplevde eg at publikum forlét salen lenge før Nacia Vespero var slutt. Det vart rett og slett for mykje med fem fulle danseførestellingar og ein korkonsert. Men som Judith skriv i sin bloggpost, låg det positive i at det trass alt var ein del variasjon i uttrykket, om enn kvar delførestelling gjerne kunne ha vore mykje mindre omfattande: fire nummer pr. gruppe i staden for fjorten hadde vore tingen.

For oss frå Trondheim enda kvelden godt, med vin (vatn til meg) og saltstenger og sjokolade og hyggjeleg lag utanfor kongresslokalet saman med folk frå venskapsbyen Darmstadt og frå deira nederlandske venskapsby igjen.

Omsetjing

«Kleriga lundo» (Utdannande måndag, Opplysings-måndag) på måndag føremiddag hadde massevis av utdannande og fagleg orienterte seminar om alt frå å hovudrekning til kulturelle referanserammer i esperantomiljøet. Me gjekk på eit seminar med tittelen «Ĉu vi iĝus oficiala tradukisto pri Esperanto? Testu vian tradukkapablon!» (Kunne du ha vorte offisiell esperanto-omsetjar? Test omsetjarevna di!) Førehandsomtalen sa, i mi omsetjing til norsk:

Tenk deg at esperanto vart offisielt EU-språk. Då må ein omsetje tekstar til esperanto frå alle fagfelt der EU har ei rolle. Saman skal me gjere slikt praktisk arbeid, i lag med Brian Moon og István Ertl, profesjonelle omsetjarar ved EU, og etterpå trekkjer me terminologiske og språkpolitiske konklusjonar.

Saka er nemleg at ein heil del svært glødande esperantobrukarar ivrar for å få innført esperanto som «bruspråk» i EU. Men fyrst ei lita avsporing:

Omsetjingsseminaret, med tavla full av offisielle EU-språk

I EU er det i dag mange språk med offisiell status (bra for demokratiet), men somme språk er meir offisielle enn andre, og framfor alt vert engelsk brukt. Dette er sjølvsagt noko urettvist, og gjev i realiteten betre vilkår til dei som kan engelsk kjempebra (t.d. som morsmål), enn til dei som ikkje kan det. Noko av poenget med esperanto då det vart lansert i 1887, var at det skulle vere eit språk som ikkje nokon skal eige meir enn andre, det skal vere eit «nøytralt» språk i politisk samanheng. Difor er det ein del esperantobrukarar i dag som ivrar for å få innført esperanto som offisielt språk i EU, for det er politisk nøytralt, og ingen eig det meir enn andre. Dermed er det meir rettvist enn om dei engelskspråklege skal få ha alle fordelane åleine. Problemet med dette er sjølvsagt at dersom esperanto vert offisielt EU-språk, vil det i realiteten verte «EUs språk», og dermed vil det i ein verdssamanheng vere nokon (EU) som eig det meir enn andre, og språket er ikkje lenger «nøytralt». Lat oss kalle det å bite seg sjølv i den ideologiske halen.

Dette var ei lita avsporing, men det er ein viktig del av bakgrunnen for det som kjem no. Mange av dei mest glødande esperantobrukarane ivrar altså for esperanto som «bruspråk» i EU: I staden for å bruke pengar på å omsetje mellom alle EU-språka i alle retningar kan ein omsetje til esperanto og vidare til neste språk. Sverige treng dermed berre esperantokunnige folk, ikkje folk som kan tysk, fransk, italiensk, portugisisk, maltesisk osb.

Ideen er besnærande og ser fin ut på papiret, og tanken er sjølvsagt eigentleg at på denne måten kan esperanto verte eit stort og viktig språk i regi av EU.

Korleis var det så i praksis å omsetje frå eit kjent språk til esperanto, og ikkje eingong vidare? Var det lett, trur du? Hehe, me vart ikkje eingong ferdige med det fyrste avsnittet. Teksten i denne øvinga var ei pressemelding om miljøvern. Judith og eg valde oss den danske versjonen, som altså skulle omsetjast til esperanto, men sidan det ikkje fanst danskar der, sette me oss saman med svenskane.

Me oppdaga fort at allereie her var den danske og den svenske teksten forskjellige. Det skulle me vel eigentleg ikkje ha oppdaga, for det var ikkje del av øvinga. Men me forstod etter kvart kvifor ei direkte omsetjing frå (truleg) engelsk til svensk kunne verte heller ulik ei direkte omsetjing frå det same originalspråket til dansk.

For sjølv ei direkte omsetjing mellom to språk er vanskeleg nok: Vil ein i den konkrete samanhengen (der me omsette frå dansk/svensk til esperanto) «pritaksi» (evaluere), «interpreti» (tolke) eller «prognozi» (prognostisere) noko, når den danske versjonen seier «vurdere de fremtidige udviklingstendenser»? Kva ligg i ordet «vurdere» i den samanhengen? Den svenske versjonen sa til samanlikning «tyda framtida utveckling».

Implisitt (men ikkje nemnt med eitt ord på seminaret): Kor god og kor nøyaktig vert omsetjinga dersom ho skal gå i to steg? Når den som omset vidare frå bruspråket kanskje ikkje eingong kjenner originalspråket og har høve til å leite etter bodskapen ved å samanlikne med originalen? Her i denne gruppa kunne me i det minste samanlikne dansk og svensk.

Diaspora

dansande førelesar

Dansande sosiolingvist

Ein diaspora er det når ei folkegruppe bur spreidd omkring utanfor heimlandet sitt, t.d. jødane. Diasporaanalogien haltar litt når ein snakkar om esperanto, men har òg noko føre seg med tanke på felles historiske referanserammer, felles språk (til skilnad frå den jødiske diasporaen) og felles kulturelle referanserammer, t.d. visse forfattarar og musikkgrupper.

Dette handla den eine førelesinga på kongressuniversitetet om på måndag, med mitt gamle fag sosiolingvistikk på timeplanen. I alle fall det som fanst av fag innimellom alle jødevitsane. Føredragshaldaren, Tsvi Sadan, var nykonvertert jøde frå Japan, og avslutta med å danse ein jødisk dans for oss. Som med optimalitetsteorien var det også her to oppfylgingsseminar, og også her var det mogeleg å ta eksamen i regi av vitskapsakademiet i San Marino (AIS). Korleis eventuelle kandidatar fekk det til, torer eg ikkje å lure på eingong.

For det fyrste oppfylgingsseminaret, som var på tysdag, gjekk med til å orientere tilhøyrarane om jødedom, her medrekna at føredragshaldaren i realiteten hevda monopol på kva det går ut på å ta religionen sin på alvor. Og sidan eg interesserer meg også for religionar, var også dette kjempeinteressant: Me fekk vite ein heil del om korleis det er å konvertere til jødedom («kom tilbake om eit år»), og korleis ein må lyde reglane i Guds lov, medrekna dei mange tilleggsreglane som detaljregulerer dagleglivet heilt ned til om ein kan rive sundt eit papirark på laurdagar eller ikkje. Me fekk også vite at ein gjerne bør vere på den trygge sida dersom ein er i tvil om ein regel er oppfylt, t.d. feire sabbat to dagar dersom ein er i tvil om tidssona, osb. Sjølv bruker føredragshaldaren kippa konstant, berre for å vere på den trygge sida, sånn i tilfelle han kjem ut for ein situasjon der hovudet etter Guds lov må dekkjast til. (I mangel av noko så praktisk som kippa kan ein også bruke papir, si eiga hand eller noko anna.) Me fekk også høyre mange jødevitsar frå jødisk hald (det var mange jødar til stades, og dei hadde ein god porsjon sjølvironi), men sosiolingvistikk var det altså ikkje, og stort sett snakka alle i munnen på kvarandre. Les Judiths skildring av denne seansen, seier eg berre.

Det var veldig hyggjeleg og interessant, men me gjekk ikkje på den siste samlinga i serien.

Måndagskonsertar

carina-natasha-jhomart

Carina, Nataŝa og Ĵomart

Dei store kjendisane i Esperantujo (Esperantoland) hadde god rutine både på å avgrense seg i tid og på å variere programmet. Og av kjendisar er det for min del Ĵomart og Nataŝa som ragar høgst. Deira musikk vart eg kjend med då Universala Kongreso vart lagd til Bergen i 1991 med 2400 deltakarar. Visene deira fekk i år delvis fylgje av dottera Carina. Og medan nettavisa Libera Folio korrekt påpeiker at Zamenhof-teltet (hovudforsamlingssalen) mangla skikkeleg akustikk, og at det var for stor avstand mellom publikum og scena (fordi det skulle vere kongressball der på måndagskvelden like etter konserten), vil eg leggje til at kvaliteten på musikken deira kan vege opp for dei fleste dårlege forhold. [Youtube.] Publikum kan tekstane og melodiane, og eg kunne mime til fru Judith at… nei forresten, det seier eg ikkje. 🙂

Ei lita stund var me på ballet, før me utpå kvelden tok føtene fatt og gjekk til bytorget, der Białystok-filharmonien, operakoret og solistar framførte ein del esperantosongar (med tekstar av William Auld) og til slutt fjerde sats frå Beethovens niande, også denne på esperanto. Flott stemning med polakkar og esperantofolk, og med konferansierar som snakka både polsk og esperanto. Og sidan Judith nemner at eg filma litt med mobilkameraet, kan eg jo leggje ut opptaket her:

Mygg

klezmer-konsert

Chanajki Klezmer Band

Tysdagskvelden sikta me oss inn på ein 45 minutt lang klezmer-konsert i Zamenhof-teltet kl. 20.00–20.45, etterfylgd av eldteater utanfor teltet klokka 21.00.

Ettersom klezmer-konserten starta kl. 20.30, ein halvtime forseinka pga. førre arrangement, måtte me forlate dei svingande, austaskenasiske rytmene eit kvarter før tida for å nå eldteateret. Der ute var det massevis av hissig, polsk mygg. Og tida gjekk. Etter 45 fullførte minutt med konsert kl. 21.15 var det framleis ikkje eldteater, og etter ei stund fekk me vite at me måtte nok vente på at konserten skulle ta slutt, slik at alle kunne få med seg eldteateret.

Myggen var som sagt hissig, og stemninga var ikkje lenger på topp. Ein tyskar i nærleiken utbraut: «Ho ve! Tiuj kuloj! Tiuj polaj kuloj! Ili estas fikuloj!» Då lo me godt. For det tyder: «Æsj, fy! Desse myggane! Desse polske myggane! Dei er…» Ordet «fikuloj» er høgst tvitydig. Det kan tyde «hersens myggar», oppbygt av avleiingsformativen fi- (hersens), rota kul (mygg), ordklassemarkøren o (som markerer substantiv, og som dermed er obligatorisk i alle substantiv) og fleirtalsendinga j. Men ein fikulo (her altså i fleirtal, fikuloj) kan også vere ein person (ul er avleiingsformativ à la ing i norsk dumming, kloking) som er mest oppteken med å fiki. Hakket sterkare ein ein forfikulo, som eigentleg er eit saksedyr (lat. forficula), men som i folkeleg esperanto rett og slett kan omsetjast til engelsk med ein som skal fuck off, ut ifrå oppbyginga for (bort) + fik + ul + o. Og då har eg vel sagt nok om den saka.

Den etter planen 45 minutt lange konserten var ferdig kl. 21.45, ein time etter planen, med ein halvtime med ekstranummer i tillegg til den like store forseinkinga. Då hadde myggen ete opp dei fleste av oss som hadde passa tida og som framleis gadd å vente (nokre hadde byrja å gå). Men me som heldt ut, angrar ikkje, der me stod fremst mellom publikum:

Eldteateret var Tolkien-inspirert (til dels også med slik musikk). Eldjentene og eldgutane gjekk rundt med alveøyro der dei sjonglerte med eldkulene sine, slukte eld, pusta eld, det hang lykter omkring, elles var det stupmørkt, og me rygga litt då dei kom mot oss med bestemt blikk og bles eld ut or munnane sine så me kjende varmen berre ein meter unna.

Sidan fann eg fire myggstikk på fingrane på venstre hand, eitt myggstikk på tilhøyrande handledd, eitt stikk i andletet, og i tillegg litt på høgre hand. Heldigvis hadde eg hatt på meg langbukser. Mygg var det over heile byen, og apotekarane sa at det var ekstremår i år.

Judiths bloggpost om dei same dagane finn du her. I neste bloggpost om esperantoferda er det onsdag og fridag på kongressen.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Utsikt frå toget

Utsikt frå toget

Me hadde kjøpt togbillettar til Białystok (uttale: [bja’wistok]) med avgang frå Warszawa laurdag 25. juli kl. 11.25. Det kunne me berre gløyme. Toget var så stappfullt at me ikkje gadd, det var trass alt meldt på over 1800 deltakarar på verdsesperantokongressen i Białystok, og det var openbert veldig mange av dei som hadde tenkt å ta tog dit. Perrongen hadde stort sett eitt språk, og det var esperanto.

Billettane våre hadde automatisk vorte til 2. klasse utan plassreservering (gyldige heile dagen), for me hadde ikkje vorte spurde om kva klasse me ville ha. Dette tok me som eit teikn på at kanskje alle hadde fått billettar til 2. klasse. Dermed var valet lett: Me oppgraderte til 1. klasse med plassreservering, og gjekk på toget kl. 14.15 i staden, fekk ein kupé for oss sjølve (med unntak av ei stakkars gamal dame som hadde sett seg på feil klasse og vart jaga ut av konduktøren), og kom som planlagt fram kl. 16.50, akkurat i tide til å svippe innom hotellet og deretter vende nasen i retning kongresslokalet for å få utdelt kongresspapira våre før kl. 18. Det ville vere ein fordel å rekke dette, for med namneskilt er det lettare å kome inn på arrangement der berre folk med nameskilt har tilgang.

(WordPress nektar å leggje inn lenkje i biletteksten. Klikk her for å sjå kvar GPS-loggaren seier at biletet frå toget vart teke kl. 16:03:58.)

Førre gong

Bialystok jarnbanestasjon

Białystok jarnbanestasjon

Eg har vore i Białystok før. Det var i 1993, på veg frå overnatting i Warszawa til baltiske esperantodagar i bygda Priekuļi i Latvia. Den gongen var eg berre på gjennomreise, og tenkte at eg ville i alle fall sjå på minnesmerka etter Zamenhof når eg fyrst var i området. Som eg skreiv i ein reisebrevserie i Sunnmørsposten etterpå, så er eg redd eg sjølv vart eit slags minnesmerke der, eller i alle fall ein turistattraksjon.

Saka var nemleg den at over perrongane i Białystok går det ei bru eller to. For å få meg til jarnbanestasjonen gjekk eg opp på den næraste brua og fylgde folkestraumen. Der borte kom eg meg inn i eit stort bygg med billettluker og tidstabellar for ulike avgangar over. Folk kunne ikkje noko språk som eg kunne, men etter litt om og men klarte eg å ringje til ein lokal esperantobrukar, som skulle kome og hente meg. «Stå akkurat der du står no,» sa han.

Og der vart eg ståande og vente. Klokka vart tre, ho vart fire, toget skulle gå klokka fem. Tolmodet mitt vart mindre, mykje mindre. Til slutt måtte eg berre prøve å finne meg ein billett vidare til Rīga på eiga hand.

Som sagt hadde eg språkproblem, men etter ei stund var det ein engelskkunnig person i køen som forbarma seg over meg, og som kunne tolke at det går ikkje nokon buss til Rīga i kveld, berre til Vilnius.

Buss? Eg skulle jo ta tog! «Men dette er bussterminalen,» sa hjelparen min, «jarnbanestasjonen er på den andre sida av sporet».

Så i 1993 fekk eg sett bussterminalen og jarnbanestasjonen i Białystok. I 2009 hadde eg med meg Judith, og visste at me skulle gå i ei anna retning. Denne gongen stogga forresten toget og vogna vår slik til at det berre var å gå rett over skjenegangen til jarnbanestasjonen og bort til næraste drosje.

Anonymt kongresslokale

Politechnika Białostocka

Politechnika Białostocka

I resten av denne bloggposten skal eg konsentrere meg om dei to fyrste dagane på kongressen (for det er nemleg slik fru Judith har tenkt å gjere det i sin bloggpost, nemleg, og eg er tøffel, så det så, og gjer som ho, ja).

Kvar var eg, jau eg skal skrive om kongressen.

For det fyrste måtte me finne kongressen. Kongressen skulle vere på Bjalistoka Politekniko, stod det i det me hadde fått tilsendt på førehand. Men i all verda, då, kunne me ikkje få vite namnet på kongresslokalet på polsk, slik at me visste kva me skulle seie til drosjesjåføren?

Dette er ein typisk esperantovane. Ein tenkjer liksom ikkje på å opplyse om adresser på det lokale språket. I annonsar har eg til og med sett postadresser av typen «poŝtkesto 617» (postboks 617), medan det heller burde stått noko mykje meir eksotisk. Ikkje for det, eg har også sett «post office box» på engelsk brukt i norske adresser. Og i Warszawa stod det opplyst i brosjyrane at ghettomuren finst i «55 Sienna Street», medan me eigentleg burde leite etter «ulica Sienna 55». OK, så er det ikkje typisk esperanto, det er berre typisk.

Ved å seie «politekniko» til drosjesjåføren kom me i alle fall fram til Politechnika Białostocka, men kvar var kongressen? Alt såg audt og mørkt ut. Hm, kunne me ha misforstått alt? Kanskje var det ikkje her likevel?

Drosja tok éin og ein halv runde rundt bygningsmassen, og me fann ingenting. Men det måtte vere her, håpte me. Og var det ikkje eit lite esperantoflagg me hadde sett langt der borte på ein vegg? Så me bestemte oss for å gå ut og ta sjansen. Der borte stod det nokre andre som hadde kome ut or ei anna drosje, me satsa på at dei kunne esperanto, og spurde: «Ĉu ĉi tie estas la kongresejo?» (Er det her kongresslokalet er?)

Det var det. Og på baksida av trappa der borte hang det ein lapp med teksten vend innover mot bygningane:


Kongresejo

Opp trappa gjekk me, og der var dei alle. Me hadde funne kongresslokalet, og med ein halvtimes margin fekk me utdelt kongresspapira ca. kl. 17.30.

Den fyrste kvelden

kabe

Kabe

Den fyrste kvelden er alltid sett av til registrering og «vert kjend»-kveld (Interkona vespero). Det vil seie, i år vart det ikkje nokon Interkona vespero med musikk og noko godt i glaset. Arrangementskomiteen hadde endra både på dette og, skulle det vise seg, mangt anna. Men møte folk kunne me jo likevel, slikt treng ein ikkje noko eige arrangement til.

Den tyske byen Darmstadt har ein norsk venskapsby som heiter Trondheim. Dette var grunnen til at esperantoklubben i Darmstadt tidlegare hadde teke kontakt med oss i Grupo Esperantista de Trondheim og avtalt med oss at kongressdeltakarane kunne møtast. I fyrste omgang ved oppslagstavlene klokka 19, slik at me kunne avtale eit seinare møte. Og slik vart det. Ein triveleg delegasjon med to damer og ein mann frå Darmstadt møtte ein triveleg delegasjon med fire menn og ei dame frå Trondheim, og avtalte å møtast neste kveld igjen, gjerne saman med endå ein mann med fartstid i trondheimsklubben.

På esperantokongressar av denne typen er alle lokala og salane oppkalla etter gamle esperantoheltar. Litt artig var det at årets kongress hadde eit auditorium som heitte Kabe, oppkalla etter Kazimierz «Kabe» Bein (1872–1959), ein profilert esperantopioner som sette viktige spor etter seg i det litterære språket. Det artige ligg i at Kabe i dag er mest kjend for å ha «kabeert» (esperanto: kabeis, i fortid). Det tyder at etter å ha vore ein aktiv esperantobrukar, så berre plutseleg slutta han med esperanto. Det skjedde i 1911, og namnet hans har altså gjeve namn til eit verb. Les meir om han på esperanto eller på engelsk.

Den største salen på ein Universala Kongreso, der dei store og viktige fellesarrangementa skjer, heiter alltid «Salono Zamenhof». Denne kvelden fauk eit par andre trondheimsborgarar forbi og sa at dei skulle på konsert med jødiske songar i Zamenhof klokka 20.00. Ja, det høyrdest jo interessant ut, så me òg vende nasen mot Zamenhof, som i år var eit stort telt på kongressområdet. Det fanst vel ikkje store nok forsamlingssalar på Politechnika Białostocka, som på engelsk heiter Białystok Technical University.

Der klokka lever sitt eige liv

dansarar

Ikkje ei songarinne

GPS-loggaren fortel at me fann vegen til teltet kl. 20:09:20, og der framme på scena var det nokre som dansa etter noko som for oss høyrdest ut som jødisk musikk. Men ein heil gjeng, skulle det ikkje berre vere ei songarinne, då? Hoi, der kom dansegjengen ned mellom publikum. Stor stemning, og… Hæ, var det slutt allereie? Det var sanneleg ein kort konsert til å vere sett opp med to timar. Kanskje teltet berre var reservert i to timar, men så var konserten mykje kortare?

Folk tok til å forlate Zamenhof, medan det kom noko på polsk i høgtalarane. Sjølv sat me der og visste ikkje heilt kva me skulle gjere. Men ein esperantist kan alltid be ein annan esperantist om råd, i alle fall på slike sosiale samankomstar som dette. Så då ei dame med ordet «Pollando» under namnet på namneskiltet gjekk forbi, sa me «pardonu», og spurde om kva som hadde vorte sagt på polsk.

Jau, fekk me vite, om få minutt skulle det verte konsert med jødiske songar, fortalde den hyggjelege dama.

Aha. Konserten var altså forseinka.

Det skulle sidan vise seg at dette var normalen heller enn unntaket. Det meste som fanst av slike kulturarrangement, varte mykje lenger enn den oppsette tida, som oftast pga. tjue ekstranummer, og dermed vart neste arrangement forseinka. Legg til tjue ekstranummer også på dei forseinka arrangementa, og du har ein situasjon der det er uråd å planleggje noko som helst, aller minst det å få i seg mat i høveleg tid før ein legg seg.

Men no vart det altså konsert med Irena Urbańska, som framførde jødiske songar så heilt meisterleg, rett nok ein halvtime forseinka, men med ein pianist som òg hadde medverka i filmen «Schindlers liste».

På denne konserten møtte me forresten att Kalle frå Estland, som hadde vore også i bryllaupet til bror min då han gifte seg for to år sidan. Bror min kan ikkje esperanto, det kan heller ikkje kona hans, men Kalle kan!

Opninga

Sundag 26. juli var det høgtidleg opning (solena inaŭguro) i Salono Zamenhof. Eigentleg klokka 10.00, men me kom jo ikkje i gang før nokre minutt etter. Opningsarrangementet inneheld alltid mange talar og ord, helsingar frå fjern og nær, og i år også ei prisutdeling.

studiopiosenki1

Louis Zaleski-Zamenhof sitjande til venstre

I år som mange andre år var også Louis-Christophe Zaleski-Zamenhof til stades. Han er det næraste ein kjem ein «kongeleg kjendis» i Esperantoland: Han har ikkje noko formelt verv, og ynskjer heller ikkje å ha noko å seie i esperantorørsla. Men han er æresmedlem i verdsesperantoforbundet UEA og æresborgar av Białystok, og ikkje minst: Bestefaren heitte Ludwik L. Zamenhof. Så dette er ein som mange vil ha ein bit av, og han stiller høfleg opp for å verte fotografert saman med kven det måtte vere, sjølv om mange bilete vert tekne utan at han veit det (men det veit han vel). Jau då, ein gong i tida har eg òg heilt «tilfeldig» teke eit bilete av han utan at han visste det. Mannen er då kjendis, og då kriblar det i amatørpaparazzifingeren. Zamenhof junior byrjar å dra på åra no (84 i år), men hadde med seg ein representant for neste generasjon, og begge to stod på podiet etter tur og helste frå familien Zamenhof. Det vart ikkje noko betre bilete på meg i år enn der me ser bakhovudet på han oppe på podiet, men Judith tok eit bilete frå storskjermen under opninga, som ho presenterer i sin bloggpost.

Białostockie Studio Piosenki

Białostockie Studio Piosenki snudde seg også mot oss på podiet.

Eit langt stykke ute i arrangementet var det tid for avveksling frå talane, og det var lagt inn ein konsert med Białostockie Studio Piosenki, som song for oss på esperanto. Det var ein sjarmerande gjeng, og kjempeflinke var dei òg. Etter den fyrste songen song dei ein song til. Og så kom ein tredje song. Og deretter kom det ein fjerde song. Og etter denne kom det endå ein song, og…

Dette viste seg å vere eit fenomen som skulle gjenta seg heile veka, og me hadde jo allereie fått ein smakebit av det kvelden før: Den lokale arrangementskomiteen hadde lagt inn kunstnarlege innslag som som regel varte noko lenger enn publikum var budde på.

Opningsarrangementet inneheld alltid mange talar og helsingar. For somme er det stor høgtid, for andre er det berre keisamt. Keisamt var det i alle fall å sitje utan Judith. Judith sat nemleg i salen saman med publikum, medan eg sat på podiet saman med ein flokk andre «landaj salutantoj» som skulle helse kongressen frå sine respektive land. Typisk for den seansen er at helsarane tradisjonelt har vorte bedne om å bruke maksimalt eitt verb, likevel frykta me på grunnlag av lang røynsle at dei fleste ville seie noko à la dette:

Karaj samideanoj! (Kjære meiningsfellar!) Eg representerer Landland, eit land som er prega av mange politiske parti og mange språk, både innfødde språk og framandspråk som me lærer på skulen. Den 94. Universala Kongreso de Esperanto er lagd til L.L. Zamenhofs fødeby, og det er noko ekstra symbolsk over dette. Her var det Zamenhof oppdaga kor viktig det er å snakke saman, og her vart ideen om esperanto sådd. Det er i år 150 år sidan Zamenhof vart fødd. På vegner av Landlands esperantolaug har eg den store ære og glede å få lov til å helse den 94. Universala Kongreso de Esperanto. Lat oss nyte kongressen, gå på konsertane og føredraga, og lat oss snakke med kvarandre og verte gode vener. Til neste år skal Landland arrangere eit stort esperantotreff, og alle er velkomne dit. Påmeldingsblankett ligg på http://www.landland-esperanto.zz, hugs bindestrek og punktum på rett plass i nettadressa.

Mulipliser dette med dei 61 landa som var representerte, og ein skjønar kvifor me såg fram til opninga med hjarto fulle av keisemd allereie på førehand. Eg har hatt for vane å protestere mot slike uvanar ved berre å seie «saluton el Norvegio» (hei frå Noreg), og det har brukt å vere populært.

I år måtte fordommane våre vike! Helsarane fekk beskjed om å vere kortfatta (som vanleg), og helst berre seie «gode ynske om fred» eller noko sånt til kongressdeltakarane, og då på våre eigne språk. «Me veit allereie at me er i Białystok, at Zamenhof vart fødd her for 150 år sidan, og at dette er den 94 Universala Kongreso. De treng ikkje å seie dette!» Dette var ei presisering som verkeleg hadde effekt.

saluto

Judith rakk å ta bilete då eg hadde helst ferdig og var på veg bort. Bak ventar New Zealand.

Formaninga måtte rett nok gjentakast nokre gonger før helsarane fekk det med seg (så me fekk altså eit par helsingar av den frykta typen likevel), men til vår store glede klarte  dei fleste helsarane å vere svært så kortfatta. Dette var ei ny og hyggjeleg oppleving! Sjølv nekta eg også å seie så mykje som tre ord om fred på norsk. Eg sa: «Samlingvanoj! Saluton!»

Det tyder «språkfellar, hei». Fyrste del av helsinga mi var òg ein liten protest. For det er då sanneleg ikkje ideologi eller meiningar som bind saman oss esperantobrukarar (sjølv om det kanskje var det i 1887). Det er språket.

Opninga var over tjue minutt forseinka (me skulle ha slutta kl. 12), og esperantohymnen «La Espero» (Håpet) vart avsungen, tradisjonen tru. Denne gongen vart den høgtidlege songen modulert før siste strofe.

Fotografering

Etter opninga var det tillyst fellesfotografering kl. 12.00 på scena utanfor Zamenhof-teltet. No var klokka altså 12.20. På førehand hadde me smilt håpefullt av planane om fellesfotografering. Slikt er jo eit stilig tiltak som ein ikkje møter for ofte i våre dagar, og som så absolutt høver seg på ein 150-årskongress. Men esperantobrukarar er ofte store individualistar, så me såg føre oss 1800 individualistar som alle ville insistere på å ta ein snartur ut av flokken for å ta eit bilete med sitt eige fotoapparat. Skulle dette gå bra, måtte dei arrangere det med takt og mynde.

Det gjorde dei ikkje.

For det fyrste hadde fellesfotograferinga vorte flytta pga. dårleg vêr. Rett nok var det fint vêr den dagen. Noka scene der ute fanst ikkje same kva, så det var sikkert greitt at fotograferinga var flytta. Ei beskjed om fotograferinga vart gjeven etter at folk hadde byrja å forlate teltet, så den beskjeda var det ingen som høyrde, og dermed visste ingen kvar me skulle fotograferast.

fellesfotografering

Fellesfotografering

Nærare ein time forseinka dukka det likevel opp ein stigebil utanfor Zamenhof-teltet, med to fotografar i korga. Dei klarte å samle kanskje eit par hundre av dei til saman 1860 påmelde deltakarane. Resten hadde funne vegen til dei mange føredraga, eller hadde berre gjeve opp å finne nokon fotograf. Ja ja.

I neste bloggpost om esperantoferda skal eg fortelje om andre saker og ting som skjedde på kongressen: feiande konsertar, interessante føredrag og kanskje meir til.

Førre bloggposten min om esperantoferda finn du her. Judiths bloggpost om kongresstarten kan du lese her.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Zamenhof

Ludwik Zamenhof

Som eg nemnde i førre bloggpost, har eg nettopp vore i utlandet. Det var saman med fru Judith, og utlandet heitte Polen. Det var der alt starta for oss esperantobrukarar, den 26. juli 1887, då Ludwik Lejzer Zamenhof (1859–1917) fekk gjeve ut den fyrste læreboka i esperanto.

I sin bloggpost har Judith noko sjølvironisk kalla turen vår ei pilegrimsvandring. I år er det 150 år sidan Zamenhof vart fødd i byen Białystok, og i det høvet vart den 94. Universala Kongreso de Esperanto lagd dit. Familien Zamenhof budde i byen til 1873, då dei flytte til Warszawa.

Hotell

Warszawa-utsikt

Utsikt frå hotellromet

Warszawa var også vårt fyrste møte med Polen, seint på kvelden onsdag 22. juli. Drosjeturen frå flyplassen sette livet i perspektiv. Når sjåføren lynte seg veg gjennom fire felt, gjerne i 90 i 60-sona, samstundes som han bøygde seg ned mot høgre for å snakke i radio medan han smatt inn framom bilen til venstre for oss, så kom me i alle fall fort fram til hotellet. Resten av trafikken heldt tilsvarande fart, og var sjeldan lenger enn tre–fire meter unna.

Resepsjonen på hotellet informerte om at «because you are our special guest, we will give you a room with higher standards». Me vart dermed effektivt plasserte på minisuite med to rom i 21. etasje, to fjernsynsapparat, to telefonar, badekar, badekåpe, dobbelseng med dobbeldyne, sofa, lenestol, sånn der espressomaskin (det er sånn kaffi, det?) og fin utsikt over kulturpalasset og ei rundkøyring. Legg spesielt merke til hotell-lampeskjermen i nedre, høgre kant av kulturpalasset.

Romprisen som var slegen opp på innsida av døra, var avskrekkande nok, men me fekk våre tre netter der til førehandsavtalt pris, nauta billeg altså, og eg mistenkjer at det kanskje var ei overbooking i vår romkategori som var grunnen. Judith har ein annan hypotese. Ho tinga romet i namnet til «dr. Abrahamsen», og i dei lågare etasjane hadde hotellet akkurat innlosjert ein flokk av det yngre og meir lydkreative slaget som finare herremenn kanskje bør skånast for. Nja, eg held no framleis ein liten knapp på overbookinga.

Pilegrimsmål

Neste morgon sov me lenge. Svært lenge. Men klokka 12:34:27 registrerte GPS-loggaren at me stod utanfor hotellet, og ikkje så lenge etter åt me ein pizza på jarnbanestasjonen.

z-grav

Zamenhofs grav

Nasen vart deretter vend mot det som Judith kallar det fyrste pilegrimsmålet vårt: den jødiske gravplassen.

Dette skjedde til fots. Det er liksom så praktisk det, tenkte eg, til ei viss ergring for Judith. At denne transportmetoden skulle føre til store blemmer under føtene i resten av ferien, tenkte me ikkje så nøye på akkurat der og då, og for meg var det meir eit spørsmål om å «prøve ut» dei nye sandalane. Det kan ein gjerne kalle korttenkt.

Men me skulle altså til Cmentarz Żydowski, som det visstnok heiter på polsk. Den jødiske gravplassen i Warszawa er for folk flest kjend som ein jødisk gravplass. For oss er han derimot mest kjend som gravplassen der «La tombo» ligg. «La tombo» tyder ‘grava’ på esperanto, og det dreier seg om grava til L.L. Zamenhof.

Ja, for ærleg talt, er me fyrst på esperantotur til Polen, så kan me like gjerne dra han heilt ut.

Gravmonumentet er reist «av verdas esperantistar», og er ein helgen verdig (berre at Zamenhof ikkje var ein helgen, rykta skal jamvel ha det til at han var røykjar). Og der ligg altså Ludwik Zamenhof, sjølvaste Doktoro Esperanto, han som grunnla det språket som eg lærte som syttenåring. Trass i turistinstinkt med fotoapparat og videokamera kan ein tillate seg å tenkje på kven si grav ein no stod attmed, og kva den gamle doktoren har stelt i stand for så mange menneske.

Ulica Esperanto

Esperantogata

Dagen etter, fredag, vart det ny tur til grava for å ta betre bilete, og me tok sjølvsagt også turen til det andre pilegrimsmålet, Ulica Esperanto (Esperantogata), der det vart knipsa eit bilete av gatenamnet men ikkje av gata. I esperantokrinsar finst det tradisjonar for (les: ein hang til) å ta bilete av slike gateskilt, t.d. dei tilsvarande på Hamar og Elverum (ja, eg har bilete av dei òg), men for ekte esperantoturistar er det lite som kan måle seg med esperantogateskiltet berre nokre meter unna La tombo. I alle fall prinsipielt sett.

Vandring elles

gps-logg-20090723

GPS-logg torsdag 23. juli 2009

Allereie på heimvegen ettermiddagen før lærte me å bruke kollektivtrafikken i Warszawa, noko anna hadde me ikkje lenger føter til. Blemmene er allereie nemnde. Me hadde med oss gnagsårplaster, men for få. Heldigvis er det slik i Polen at dersom du lurer på kvar neste gatehjørne er, så ser du berre etter eit skilt som seier «Apteka». Vel, rett nok heng desse skilta også andre stader, men om det er apotek du treng og ikke eit gatehjørne, så gjer det ikkje noko. Apoteka ligg tettare enn gatehjørna, og dei har både gnagsårplaster og, som me fekk oppdage seinare på turen, myggmiddel.

Men å få kjøpt billett til kollektivtrafikken var ikkje lett. Postkontoret me fann, hadde billettar, men det var skralt med engelskkunnskapane, og ikkje snakka dei korkje tysk eller esperanto heller. Når me då ynskte oversikt over kva slags billettar som finst, og om dei kan brukast på både trikk, buss og metro (det kan dei), var det berre éi av dei tilsette som kunne nok engelsk, og det var berre så vidt.

Så er det sagt, det òg: Engelsk er ikkje eit så universelt internasjonalt språk som somme vil ha det til! (Det er ikkje esperanto heller, men pytt pytt.)

Fredag kom også fleire vener frå Trondheim Esperantoklubb til byen, og saman tok me turen til Kulturpalasset, og såg på det frå utsida.

Ein tur til restane av ghettomuren måtte me òg få med oss, adresse ul. Sienna 55. Desse restane ser du ikkje frå gata. Du må gå inn i bakgarden. Dette oppdaga me på ein nølande måte, men der inne vart me fort huka tak i av ein gutunge som vinka oss vidare innover til eit endå større murfragment.

Novotel

Hotellet vårt

På kvelden vandra me litt omkring og leitte etter ein stad å ete. Dei såre føtene og ein litt fuktig atmosfære gjorde at me enda opp på vårt eige hotell (Novotel Warszawa Centrum), og fann ut at me skulle prøve luksusrestauranten der. Det var luksus. Alle detaljane som me ikkje visste om, var på plass. Me vart tiltalte som «madam» og «sir» (i den rekkjefylgja), fekk to hors d’oeuvre utanom menyen, tre slags smør med grundig forklaring av innhaldet, ei stor flaske med vatn (i motsetnad til dei bittesmå tyrst-i-hel-flaskene som andre restaurantar trudde var symbol på luksus), vakkert dandert hovudrett og ein créme brûlée som kunne ta pusten frå ein. Kelnaren var nøyen med alle detaljar, alt frå å gå rundt bordet for leggje på plass kniven (i staden for å stå bak oss eller strekkje seg framfor oss) til å smile med både munn og augo, og til og med nekte å ta imot tips. (Han fekk likevel.)

Og der sat me, sveitte og forkomne i sommarkleda våre, og følte oss alt anna enn luskuriøse. Men sjølv dette klarte kelnaren å oversjå. Det var så flott at det nesten var flautt å ete der.

På desse to dagane i Warszawa lærte me oss elles fort å sjå på bilane kor lenge dei hadde stått parkerte. Dersom dei hadde stått nokre timar, låg det tjukke bunkar med strippeklubb-reklame under viskarane. Hadde dei stått berre i nokre minutt, var bunken tynnare. Fortaua var fulle av slike lappar (alltid med framsida opp), og det var vel Judith som kommenterte at heime i det liksom så sekulariserte Noreg ser me ikkje slikt. Her i det djupt katolske Polen, derimot…

Fru Judith har òg blogga om Warszawa. Eg skulle ynskje eg var like flink til å skrive som ho. Men eg er mektig stolt over å ha henne som kone. Klikk her for å lese bloggposten hennar.

I neste bloggpost om esperantoferda reiser me til Białystok.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »