Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘professor’

Wim H. Jansen har vorte utnemnd til professor i interlingvistikk og esperanto ved Universiteit van Amsterdam.

Interlingvistikk er vitskapen om planlagde språk, i praksis særleg esperanto, ettersom dette er det planspråket som har levt lengst og har flest brukarar (herunder også nokre som har lært esperanto i heimen jamsides med det vanlege språket i området).

I meldinga frå Internacia Esperanto-Instituto vert det fortalt at Jansens interlingvistiske karriere til no i hovudsak har handla om syntaks og typologi. Han er elles utdanna som ingeniør (flykonstruksjon, 1970) og innan komparativ lingvistikk, med spesialisering i baskisk (1989). Etter ein karriere innan europeisk romfart byrja han som språklærar i vaksenopplæringa, og fekk òg gjeve ut den fyrste baskisk-nederlandske ordboka. Sidan 2002 har Jansen undervist i interlingvistikk og esperanto ved Universitetet i Amsterdam. I 2007 tok han doktorgraden på ordstillinga i esperanto.

Read Full Post »