Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Reinhard Mey’

Notar og sure tonar

Her om dagen tok eg turen innom heimesida til Reinhard Mey, og fann ut at han har lagt ut notane sine, med besifring og det heile. Men tydelegvis ikkje rubbel og bit, for eg finn ikkje klassikarar som «Über den Wolken» og «Ich möchte wie Orpheus singen».

Eg tok likevel hintet, notar er lasta ned, sordinen er på plass, og folk i grannelaget kan framleis fylgje uforstyrra med på det der idrottsstemnet på sportskanalen NRK1. Nei forresten, stemnet er visst slutt, ja, for i dag høyrde eg at dei hadde byrja på nedteljinga til ei balltevling i Sør-Afrika staden. Ja då. Eg måtte berre seie det. Sparke litt (ha ha).

Men det er i alle fall kult at det finst notar å laste ned. Hadde eg endå vore kompetent til å framføre dei utan høveleg demping, så. På det instrumentet eg gnikka på i gamle dagar, laga eg meg ein noko meir avrunda stol slik at vinkelen mellom strengene vart større. Det var rein symptombehandling, men eg trur det berga høyrsla til dei rundt meg.

Read Full Post »

Reinhard Mey

Den 16. juli 1994 sat eg heime hjå foreldra mine på Sunnmøre og underheldt meg med parabolen. Kanalslalåmen førte meg til Bayerischer Rundfunk og ein konsert der eg fekk med meg slutten på ei vise med ein rundbrilla og lettare ubarbert fyr som song:

Wann ist Frieden, endlich Frieden,
Wann ist Frieden, endlich Frieden und all das Elend vorbei!
Wann ist Frieden, endlich Frieden,
Wann ist Frieden, endlich Frieden und das Ende der Barbarei!

Ei veke seinare var eg tilbake på nett og spurde meg føre der. Reinhard Mey, var svaret, han ser slik ut! Sidan då har eg kjøpt CD-ar frå Amazon, med eit opphald den tida EMI laga ikkje-CD-ar med innebygde feil (avspelingssperre), men no lagar dei CD-ar igjen.

Tekstane til Reinhard Mey er svært varierte, og handlar om det meste mellom himmel og jord, til dømes familien hans, krig og fred og sånt, urettferd, bakendar (altså kroppsdelen under ryggen), kjøkenet, alder, Berlin, kjærleik, politikarar, galskap, glede, einsemd, venskap, karakterbøker med forfalska foreldreunderskrift, blekkslagarar, mordarar, grasklipparar… Ja, og sjølvsagt flyging. Den mest kjende visa hans er Über den Wolken (Over skyene), og ein av studentane mine har sagt at ho nesten er å rekne som nasjonalsong.

Mey vart fødd i Berlin i 1942, og sidan han platedebuterte med visa Ich wollte wie Orpheus singen i 1967, har han produsert rundt eit halvt tusen songar. Han nektar konsekvent å verte sponsa, og han nektar òg å ta imot ordrar frå plateselskapet: Han vil vere seg sjølv, fullt ut og utan å få noko pressa ned over hovudet sitt. Ei nidvise om plateselskapet (Noch ein Lied) var resultatet då dei ville ha han til å presse ut éi ekstra vise til den nye plata i si tid.

Eg har i årevis ynskt å reise på Reinhard Mey-konsert. I desember 2007 oppdaga me at hausten 2008 skulle han på turné gjennom Tyskland, Sveits og Austerrike. Det var knapt billettar å oppdrive, men på den tredje siste konserten, Salzburg 16. november, var det framleis nokre få ledige sete.

Billettar vart kjøpte sporenstreks, og dei kom med DHL. Dette ville kome til å vere heilt på tampen av haustsemesteret, men i god tid før eksamen. Fire av mine 25 statlege feriedagar vart dermed plasserte i november, med von om at det skulle gå greitt.

Reinhard Mey i Salzburgarena 16.11.2008

Reinhard Mey i Salzburgarena 16.11.2008

Elleve månader gjekk, og 14. november på ettermiddagen reiste fru Judith og eg sørover, overnatta på Gardermoen, tok flyet vidare til Wien neste dag, U-Bahn til Westbahnhof og tog til Salzburg. Me fekk sett litt av byen før me sovna, stod opp og såg diverse Mozart-hus, før me vende nasane mot Salzburgarena sundag i 19-tida.

Der var det stappfullt, nokre uheldige sjeler stod utanfor med plakatar om at dei ville kjøpe billettar, drosjesjåføren føreslo å selje våre for 1000 euro pr. billett, men nei takk, desse billettane ville me ha sjølve!

Klokka 20 sat me der, 2500 menneske, og inn kom Reinhard Mey og stod åleine med gitaren sin på den store, svarte scena.

Eg skal ikkje utdjupe for mykje om den fantastiske konserten, om talentet hans, om den store spennvidda i tekstar og musikalsk uttrykk. Eg skal berre skrive dette:

Tenk, her har me ein vidgjeten visesongar som fleire titals millionar av menneske i nabolanda våre i sør har hatt eit forhold til i over førti år. Her har me nydelege og vakre melodiar med kloke, humoristiske, beiske og skjemtsame tekstar. Her har me ein komponist som meistrar varierte musikalske sjangrar og ein lyrikar som meistrar alle slags humør, her har me ein samfunnsrefsar og svært dyktig underhaldar. Her har me rett og slett (etter mi ikkje heilt objektive meining) verdas beste visesongar – og så er det nesten ingen her i Noreg som har høyrt om han.

Kvifor ikkje det? Fordi norsk radio og fjernsyn ikkje speler musikken hans. Norsk radio og fjernsyn speler nesten berre engelskspråkleg musikk (om det ikkje er norsk). Og Reinhard Mey syng på tysk. Då er det ikkje hjelp i bra musikk eingong. Er det ikkje på engelsk, kan det visst vere det same.

Lilienthals Traum:

51er Kapitän:

Viertel vor sieben:

Read Full Post »