Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘sensur’

Strykrekord

Den siste tida har det gått rykte om at på Dragvoll er det berre å møte opp på eksamen i fag utan å ha lese pensum eller fylgt undervisninga, og så får ein seg nokre gratis studiepoeng. Dei kostar i høgda utgiftene til bussbilletten.

Vel, rett nok gjeld dette nokre få emne med fleirvalseksamen (tippekonkurranse) på eitt bestemt fag i motsett ende av bygningsmassen (psykologi). Og rett nok er det i skrivande stund heller ikkje undersøkt systematisk, berre anekdotisk gjennom ein student som stod fram i avisa.

Men i lys av dette er det likevel interessant å sjå at på ein annan Dragvoll-eksamen i vår var det 100 % stryk. Det var til og med på eit innføringsemne utan forkunnskapskrav.

Eksamenssjangeren var utgreiande og alt anna enn tippekonkurranse. Men det eg vil nemne spesielt, er likevel at rekorden med 100 % stryk fekk me no i eit semester der det ikkje var tilbod om undervisning. Det er eigentleg eit haustemne. Til vanleg har dette emnet ein strykprosent som varierer mellom 10 og 30, avhengig av undervisningsomfanget.

Det ligg menneskelagnader i slike karakterar. Det skal heller ikkje gløymast. Jamvel om det er freistande å seie at det ikkje er gratis studiepoeng å få her, veit eg òg at fleire av studentane på denne eksamenen slett ikkje fekk strykkarakteren sin gratis.

Read Full Post »

Kandidatnummer

Like før eksamensperioden kunne arbeidsgjevaren orientere oss via massemedia om at frå og med no skal studentane bruke kandidatnummer i staden for studentnummer på eksamen. Litt betre anonymisering har me ynskt oss lenge, så dette var hyggjeleg. Kandidatnummera har ingenting med studentnummera å gjere. Ein student har eitt studentnummer, men kandidatnummeret endrar seg frå eksamen til eksamen.

I den eine eksamensbunken i vår la eg merke til at alle kandidatnummera såg mistenkjeleg ut som studentnummer: nøyaktig seks siffer, og i akkurat det same området i talrekkja. Hm, rart.

I bunken fann eg også eit eksamenssvar med eit kandidatnummer som eg ikkje fann att i vurderingsprotokollen (det som tidlegare heitte sensurprotokollen), altså utskrifta over kandidatar der ein skal føre inn karakteren. Når sensurbunken ikkje er i samsvar med kandidatlista, fører eg ikkje inn karakterar før nokon har oppklart saka for meg.

Så saka vart undersøkt. Og saka er at kandidatnummer er på fem siffer, ikkje seks. Kandidatnummera startar nummereringa på 10000, og nummereringa vert starta på nytt kvar dag. På akkurat denne eksamenen var kandidatnummera likevel identiske med studentnummera. Det hadde berre vorte slik, ein må vel rekne med litt hikke i ein slik oppstartsperiode. Og det kunne forklare kvifor kandidatnummera på denne eksamenen såg ut som studentnummer: dei var studentnummer.

Men kva med den mystiske studenten som eg ikkje fann på lista? Jau, den studenten hadde likevel fått eit eige kandidatnummer på lista, men hadde i samsvar med instruksen for denne eksamenen levert eksamenssvar med studentnummer på. Og sjølv om det altså ikkje er på hundretusenvis med studentar som tek eksamen på éin og same dag, hadde kandidatnummeret likevel vorte sekssifra og såg heilt ut som eit studentnummer.

Det såg faktisk ut som studentnummeret til ein annan student ved universitetet. Då byrjar det jo å verte morosamt.

Read Full Post »

Sensur

sensur-20081231Til all lukke kom jola i vegen også denne gongen. For når jola kjem i vegen, vert nemleg sensurfristen utvida frå 21 til 31 dagar.

Det trongst. Den eine av eksamenane hausten 2008 (emnet EXFAC0003) hadde 209 godkjende kandidatar og vart avvikla på laurdag 6. desember. Dagen etter laurdag er som regel sundag, og på slike dagar skjer ingenting, men sensurfristen kjem likevel ein dag nærare. Ikkje før på måndagen vart eksamensbunken utlevert frå pakkekontoret, og den dagen gjekk med til å kopiere heile greia, slik at alle tre faglærarane hadde eit eksemplar å kose seg med. Dermed var bunken i praksis klar på tysdag, tre dagar nærare sensurfristen.

Samstundes var det sjølvsagt mykje anna som skjedde, m.a. andre eksamenar (som i skrivande stund framleis ikkje er ferdigsensurerte) og diverse byråkrati, så eg kom ikkje i gang før endå nokre dagar etter dette igjen. Veka deretter byrja studentane å etterlyse karakterane sine.

23. desember gjekk turen til foreldreheimen på Sunnmøre (med ei jol som vart uvanleg av heilt andre grunnar), og på nyårsaftan (sjå biletet over) kunne 209-studentarsbunken ha eit førebuande sensurmøte via Skype. Det endelege sensurmøtet fann stad måndag 5. januar, dagen før fristen.

karakterfordelingDen såkalla joleferien berga sensuren endå ein gong, og me slapp å få 209 000 kr i bot. Det vart få A-ar denne gongen, men strykprosenten var rekordlåg: ca. 9 %,  truleg fordi det faktisk vart løyvt pengar til øvingar og gruppeundervisning i 2008, jamvel med fleire gruppetimar enn dei har hatt tidlegare. (Ja, og så var det mange studentar som meinte at støttelitteraturen var bra. Håper det, for eg er medforfattar.)

Samstundes fekk eg notert meg mangt morosamt i fila «rare svar.rtf». Men eg trur det ville vere ufint av meg om eg presenterte noko av det her på bloggen. Tja. Hm. OK, eg kan vel ta ein av dei meir uskuldige. Det var ein student som leverte dette dømet på ei setning med ei leddsetning som direkte objekt: «Jardar sa at han liker vørterøl». Og det er jo heilt rett. 🙂

Read Full Post »