Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘sjukdom’

Sjuk

Eg er sjuk for tida, og har vore det ei stund. Det eg har lært så langt i denne perioden, er at det er viktig å lese seg opp på det medisinske fagfeltet, og dessutan at ein må unngå å berre vere «snill pasient» som blindt godtek alt som helsepersonell seier eller gjer (eit råd eg fekk frå ein sjukepleiar, forresten).

Det finst til dømes situasjonar der ein ikkje berre skal godta rådet frå lækjarvakta om at det er nok å ete ei blanding av ibux og paracet. Og det finst situasjonar der ein ikkje skal godta at resepsjonen på lækjarkontoret på grunnlag av negativ urinprøve sender pasienten heim med smertar og utan lækjarkonsultasjon, for sidan å be pasienten om å vente nokre dagar til for å sjå om plagene som då har vakse i tre–fire veker, kanskje går over før helga. Men eg har også lært at den mest effektive måten å få stilt diagnose på i slike tilfelle, er å bruke Google og deretter føreslå diagnosen for lækjaren.

Kven veit, hadde eg fått rett hjelp i tide, ville eg kanskje ikkje ha vore sjuk i dag. Men det er det ingen som kan vite no, for aktuelle undersøkingar har ikkje vorte gjorde.

Stor takk til fru Judith, som gjer alt for å lette kvardagen for meg. Og til studentane mine, som er fleksible med planlegginga av semesteret.

Read Full Post »