Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘straumbrot’

Då straumen var borte

Vi var på Sunnmøre i jula, og så kom stormen, ikkje så ille som i 1992, men han bles godt, ja. Den støvgrå bilen min som stod parkert utanfor nordveggen til foreldreheimen, godt skiten etter turen frå Trøndelag, fekk gratis vask etter naturmetoden, og var skinande rein og raud då det hadde blåse frå seg.

Straumen var borte både i kortare og i lengre tid. Nevøen tok det med godt humør og syntest det var artig (heilt til han ikkje fekk sjå DVD), verre var det med oss utolmodige vaksne. På 1. juledag gjekk straumen rundt kl. 19 og kom ikkje tilbake før rundt 04.50. Så gjekk straumen igjen i 16-tida, og var borte i nesten 17 timar. I mangel av primus vart det brødskiver til middag.

Nyårsorkanen 1992

Eg hugsar korleis det var i 1992, natt til fyrste nyårsdag var det ikkje råd å sove, nabohuset miste delar av taket, straumen var borte, og sjølve sprang vi rundt for å handtere dei luksuriøst minimale problema vi hadde i eige hus. Og då klokka vart 08 og vi slo på radioen, kunne Dagsnytt melde: «Sinnataggen er stjålet.» Fordi dei ikkje hadde samband med Vestlandet, og dermed ikkje visste på det tidspunktet korleis det stod til.

Men etter kvart kom NRK i rute, og vi fekk oppdaterte meldingar om situasjonen heile tida. Hugsar eg ikkje heilt feil, var både bygderadioen og NRK Møre og Romsdal på lufta.

Dagmar i 2011

Så gjekk det tjue år, og stormen Dagmar kom. Bruer vart stengde, sjøen ramponerte vegen, straumen var borte, fasttelefonen fungerte ikkje, snart forsvann datatrafikken frå mobilnettet (niks internett), snart var berre naudsamtalar mogelege, og etter til saman tre–fire timar forsvann mobilnettet fullstendig. Og vi hadde altså ikkje primus.

Det som hadde vore fint no, var litt informasjon om reparasjonsarbeidet, om montørane som var ute i uvêret, om kva for nokre bruer og vegar som var stengde eller skadde, om tidsaspekta i det heile.

Og straumleverandøren Tussa serverte oppdaterte meldingar på nettsidene sine. Dei kunne fortelje nøyaktig kva for nokre område som var råka, nøyaktig kvar feilen låg, og ikkje minst at dei arbeidde med å utbetre problema, og at alt tilgjengeleg mannskap var mobilisert. Dette var nemleg ikkje sjølvsagt i slikt vêr, så slikt ville vere kjekt å få vite.

Men når straumen og alt er borte, må ein ty til andre informasjonskjelder. Så vi skrudde på batteriradioen. Beredskapskanalen NRK P1 var ikkje å finne på den fliken av FM-nettet som framleis fungerte. Vi fann derimot eit skurrande P2, og fekk ei kjensle av kontakt med omverda. Og Dagsnytt fortalde at det var storm på Vestlandet, at straumen var borte for titusenvis av menneske, og at P1 var borte i delar av området. Ikkje så veldig mykje nytt, altså.

Kanskje var det meir informativt på P1, det veit eg ikkje. Vi snakka litt om å prøve DAB-radioen i bilen, men slo det frå oss. Og ikkje berre pga. vêret (som var grunn god nok). Trass i kjempegrønt dekningskart (såkalla «meget god dekning») er det nemleg null DAB-dekning der i garden.

Det som hadde vore kult

17 timar utan straum i eit så stort område kan ein leve med (vi var vel mellom dei som fekk straumen fyrst tilbake). Til og med nokre dagar kan gå an for tolmodige sjeler med primus som nyttar høvet til å avise frysaren. Det kan til og med vere koseleg om ein gjer det beste ut av det.

Men når ein fyrst har eit system for å informere folkesetnaden, hadde det vore kult om Dagsnytt kunne ha også dei elles informasjonsavskorne som målgruppe, og bruke eit minutt på å informere dei litt om korleis det går med arbeidet. Og ikkje bruke heile sendinga på å gjenta kvar bidige time at «titusenvis» der borte i vest er straumlause, og at det er utruleg å oppleve flaum i Førde sentrum. Men NRK hadde denne gongen ikkje ressursar til anna enn å vere austlandsk lokalradio med reisebrev frå vest.

Vel, denne gongen sa dei i alle fall ikkje «les mer på nrk.no».

Read Full Post »