Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘tavle’

Tavle, min venn og allierte i kvardagen, og litt ekling. Men mest venn.

Jau, tavla er nyttig. Det finst fleire slags tavler, til dømes den typen som bruker krit. Tavle og krit har både fordelar og ulemper. Ei openberr ulempe er at krit kan støve, kan leggje seg under neglene, og kan gjere hendene turre i lang tid etterpå. Tavla kan verte grå og uleseleg dersom ho ikkje har vorte vaska skikkeleg, og sanneleg finst det også kvalitetsforskjellar på kritstykka. For nokre veker sidan kom det krit som føltest så lette og bortimot elastiske at då dei kladda seg på tavla og nesten gav gangsperre pga. friksjonen, forstod eg godt kvifor produsenten hadde valt å fokusere på at dei var støvfrie. Litt meir støv og litt mindre friksjon skulle eg gjerne ha tolt, ja, og så kom det ny ladning med betre krit igjen.

PowerPoint (eller i mitt tilfelle: Keynote) har visse fordelar i alt dette, og også med den bonusen at ein kan gjere ferdig mykje på førehand, og førelesaren slepp å skrive så mykje undervegs i førelesinga (medan det kan gå litt for fort for studentane).

Likevel, tavle gjer det lettare å improvisere når det trengst, og vere mindre manuskriptbunden. Kvar førelesar har jo sin stil, nokre bruker PowerPoint med stor suksess, men i mine hender vil dette fort få ein tendens til å verte føredragsaktig og monologisk. Ei anna sak er at videokanonen bråkar, så når eg av og til bruker videokanon til noko, er det gjerne eit ynske frå studentane å slå av denne så snart som råd.

Lesaren Marta nemner i ein kommentar til ein tidlegare bloggpost:

Men det eg kanskje synest er aller best med vanleg tavleundervisning, er at førelesaren kan styre når fokuset skal vere på han/ho og når fokuset skal vere på tavleteksten, sånn at studentane slipp å lese éin ting og høyre på noko anna – på same tid. I tillegg er tavla og førelesaren lokalisert på omtrent same stad, og da er det enklare å flytte blikket mellom teksten og personen som snakkar.

Eg kjenner folk som klarer å kombinere førelesing, PowerPoint og støtteark på ein fortreffeleg måte, men eg har òg opplevt dei som kombinerer slikt til eit fyrverkeri av gjensidig utkonkurrerande informasjon som ingen får med seg. Folk har forskjellige stilar, vi er forskjellige menneske, og må bruke verktya litt forskjellig òg.

Eg veit med meg sjølv at eg bereknar farten betre, og gjev studentane litt betre tid til å tenkje undervegs, dersom også eg må skrive, og ikkje berre studentane. Då får det ikkje hjelpe at eg skriv stygt. Hittil har det gått relativt bra, studentane har fått greie karakterar, så eg kan ikkje vere håplaus.

Ja, det var dette med å skrive, då. Keynote/PowerPoint har jo den fordelen at det kan delast ut på papir eller elektronisk, så ein slepp å skrive så mykje sjølv. Fordelen med å skrive mykje sjølv er at då lærer ein betre. Då må ein bearbeide stoffet undervegs på ein annan måte, og får brukt både auge, øyre og hender. Men dette er også meir slitsamt. (I parentes skal eg nemne dei holete støttearka som ein kollega av meg har utvikla. Denne støttearksjangeren er meir krevjande å lage, men fungerer godt til å aktivisere studentane.)

* * *

Smarttavle.
Foto: Nightscream

Av tavler finst det mange slag, og whiteboard er jo ei historie for seg, med turre tusjar og med permanente tusjar som har funne vegen til auditoriet ved ein feil. Har observert nokre slike uhell, ja. Ei tid hadde eg eit whiteboard på kontoret, og det var nyttig, men så fekk eg ei stor bokhylle i staden som trong veggplassen. Det viste seg forresten at sjølv slik tusj som er berekna på whiteboard, fort kan setje seg fast om han ikkje vert turka bort fort nok.

Men det siste i tavlemoten er elektroniske tavler (smartboard, smarttavle). Desse har dei fordelane at dei ikkje støvar og ikkje gjev gangsperre. Det som vert skrive der, kan også enkelt redigerast, lagrast, ein kan bla fram og tilbake, osb.

Eg har høyrt eit rykte om uhell med permanent tusj på slike òg (det vert i overkant dyrt), men dei meir vanlege ulempene er at smarttavler gjerne bråkar (ettersom dei har videokanon), dei må kalibrerast, og dei kan krasje. («Førelesinga er avlyst, tavla har krasja.»)

Oppløysninga er avhengig av videokanonen, og flatemålet er ikkje all verda. Den største krittavla eg bruker, er, ja, eg har ikkje skritta opp, men eg tippar ho er rundt 8 meter lang, pluss-minus. Den minste er på oppunder 3 meter eller deromkring (sjå biletet under). Skulle eg bruke ei smarttavle, ville det ofte ikkje ha vore plass til å la ein figur stå som modell medan vi arbeidde med ein liknande konstruksjon. Og særleg ikkje i eit stort auditorium der eg må skrive stort fordi mange av studentane sit 20–30 meter unna.

Sjå forresten her om korleis det gjekk då ein delegasjon frå insituttet vårt var på tavleekskursjon. Med i den historia er at ekskursjonsstaden hadde bytta til seg ei smarttavle mot eit whiteboard (førre eigar ville heller ha whiteboard), og etter det hadde smarttavla nesten ikkje vorte brukt.

Dette resonnementet er det ikkje utan vidare plass til på ei smarttavle.
(Analyse jf. Russell i Archangeli & Langendoen. Foto © Jardar Eggesbø Abrahamsen.)

Ein student minte meg på at dersom eg har laga ein stor og fin figur som eg berre skal justere litt i sin andre versjon, så kan eg kopiere tavlebiletet, flytte på det aktuelle elementet og på den måten lage ein heilt ny figur. I staden for å teikne opp to figurar attmed kvarandre (som det uansett ikkje vert plass til på smarttavla). Eg går med på at dette ville vere ein fordel for meg (men ikkje naudsynleg for studentane).

Slike modifikasjonar i ein figur kan eg sjølvsagt gjere på krittavle òg, berre at då går det litt saktare. Og på krittavle kan eg ikkje kopiere ein figur og så modifisere kopien. Og om det går for fort på ei smarttavle, så er det jo berre å lagre det og dele det ut etterpå (i den grad eg har lyst til å dele ut arbeidet mitt digitalt). Hm ja, men så var det dette forholdet, då, mellom konsumering, grad av eigenaktivitet og læringsprosessen, her er det greitt å kunne variere litt.

Og igjen, det er lite hjelp i å kunne bla fram og tilbake, dersom det ein treng, er å la fleire figurar stå attmed kvarandre samstundes. Kvar veke bruker eg krit til å skrive eller teikne ting på tavla som bør få lov til å stå ei stund, men som det ikkje ville ha vore plass til å la stå ei stund på ei smarttavle. Andre tider skulle det derimot ha vore veldig kjekt å kunne bla tilbake til førre tavlebilete, det finst det ikkje tvil om. Og dersom PowerPoint er normaltilstanden (og for meg ville dette altså verte for programmatisk og hastig), kan sjølvsagt ei smarttavle vere nyttig for å skrible litt ekstra undervegs.

Nei, eg synest det er fint at det finst mange ulike slags verkty, alle med sine styrkar og sine veikskapar. Men for meg, i min konkrete situasjon, med mine personlege eigenskapar som menneske og med mine konkrete utfordringar i auditoriet, så er det – om eg velje – den analoge krittavla som siglar opp som favoritten alt i alt. Oppfinninga har overlevt lenge, slik det ofte er med gode oppfinningar.

Det hindrar meg sjølvsagt ikkje i å bruke digitale verkty òg, for det gjer eg. Men eg håper verkeleg at eg aldri av politiske grunnar vert tvinga til å bruke eitt bestemt verkty. Kva verkty som vert brukte i undervisninga, bør overlatast til det pedagogiske skjønet til den som står i den konkrete situasjonen.

Read Full Post »

Tavleekskursjonen

Det vart aldri til at eg fortalde kva som skjedde då delegasjonen frå instituttet var på ekskursjon for å sjå på den elektroniske tavla som eg nemnde i ein bloggpost i desember.

Det fyrste som skjedde, var at tavla ikkje ville la seg skrive på. Ho måtte feilrettast fyrst, eg veit ikkje om nokon forstod korleis det skjedde, men til slutt fungerte ho.

Når ein driv tavleundervisning, er det greitt å kunne improvisere (det er noko av poenget med tavle, at ein kan skrive på henne etter behov). På ei krittavle er me vane med at streka kan vere ulikt tjukke, ein kan skravere svakt eller sterkt, osb. Den elektroniske tavla har eit noko mindre flatemål, men det er framleis viktig å kunne endre etter behov t.d. kor tjukke streka skal vere, særleg når ein ikkje har så stor plass å gjere på. Strektjukkleik endrar ein ved å gå inn i menyane og klikke seg fram til dei rette innstillingane. Noko meir omstendeleg enn på ei krittavle, sjølvsagt, men til gjengjeld vil innstillingane overleve til neste gong du er der. Med mindre ein annan tavlebrukar har vore der i mellomtida og har justert tavla etter sine eigne behov, då.

No var det rett nok ikkje så lett å stille inn tavla med strektjukkleik og fargar akkurat den dagen. Det var nemleg ei stund sidan tavla hadde vorte kalibrert, så det var vanskeleg å treffe akkurat der ein skulle treffe for å nå menyen med innstillingane for strektjukkleik og fargar.

Ein annan fin ting med ei sånn elektronisk tavle er at det går an å lagre skribleria til fil, og ein kan også gå tibake til tidlegare tavlebilete. Ja, tavla skulle truleg også fungere for Mac-brukarar så sant det finst høveleg programvare som dertil er installert på maskina til den aktuelle tavlebrukaren, om vedkomande ikkje vil bruke den maskina som allereie er tilkopla.

Om ein ikkje står i vegen for lyset frå videokanonen, kan ein enkelt sjå det ein skriv og teiknar på tavla. Og når ein så har skribla og laga mange rundingar og strek og krusedullar, så går det an å leite fram den elektroniske svampen og turke bort akkurat denne vesle krused… Oi. Der forsvann plutseleg alt som stod på tavla. Og så kan me snu oss mot publikum og verte blenda av videokanonen.

Ei slik tavle kostar normalt nokre titusen. Men akkurat dette eksemplaret var ein bytehandel, fordi dei som hadde hatt tavla før, heller ville ha eit whiteboard. Noverande eigar av tavla har omtrent ikkje brukt henne.

Read Full Post »

Tavle

Frå professor Wim kom denne meldinga på postlista til instuttet:

Instituttet undersøker om det vil lønne seg å få kjøpt elektronisk tavle («smartboard») til Språklab og Linlab. En slik tavle finnes på SVT-fakultetet, hvor man er villig til å demonstrere den. Hvis noen vil være med, gi gjerne beskjed til meg. Så vil jeg kontakte SVT for å avtale dato, helst denne uken.

Eg har sete med Pine i årevis (og med Elm før det), med tekstgrensesnitt og fine greier, men no bruker eg Mail.app i alle fall på jobb, og klikkar i veg med mus. Kall meg gjerne gamaldags og utdatert, men eg har i alle fall vore på nett sidan før det vart opna for kommersielle aktørar og «folk flest», og bør ha god kontroll på kven eg svarar til.

Slik var det ikkje i går, då dette svaret skulle til Wim, men gjekk ut på heile lista:

Til erstatning for den svært praktiske og analoge krit-tavla, den tusenårige klassikaren som aldri streikar, og som taklar ulik pressgrad og skiftande detaljar i fysisk tilnærming?

Eller som eit stilig supplement til den eviggrøne slageren, den trufaste bodberaren (άγγελος) som korkje treng elektrisitet eller brukarmanual, og som ikkje treng lyskjelde eller projektorvifte, men som står som eit fyrtårn gjennom alle tider, og der skrifta ikkje forsvinn i skuggen frå den som skriv?

Sei gjerne frå til meg, så vert eg kanskje med og ser på.

Ryktet seier at folk no lurer på om smarttavla er smart nok til å sleppe gjennom Jardars kvalitetskontroll.

[Oppdatering: tavleekskursjonen]

Read Full Post »