Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Telenor’

Vi leiger av og til film på CanalDigital GO, men så fungerte det plutseleg ikkje meir. Silverlight var installert, vi prøvde ulike nettlesarar, men ingenting fungerte. Trailerane fekk vi sjå, men ikkje den filmen vi hadde betalt for. Då stod det berre og spann på «Opening».

skjermbilete: opening

Så vi sende feilmelding om det, og prøvde i staden den tilsvarande tenesta hjå Telenor (Comoyo), men det fungerte ikkje der heller. Ikkje før Judith kom på at vi hadde jo begge fått oss ny Mac i det siste. Min gamle krasja plutseleg nokre månader i forvegen, og det var ikkje harddisken som gjekk, nei. Jøye meg for eit krasj det var. Sidan då hadde vi sett film på Judiths Mac, fordi eg ikkje hadde skaffa meg VGA- eller HDMI-overgang til min nye enno. Men så hadde ho nyleg fått seg ny Mac òg.

Så vi prøvde gamlemaskina hennar, som altså ikkje hadde krasja, men berre var sliten. Og sanneleg, då fekk vi sjå film.

Dette var eit mysterium. Canal Digital og Telenor hadde den same avspelingsløysinga, så det var vel ikkje så veldig overraskande at problemet var det same hjå begge to. Feilmelding vart send av garde også til selskap nr. 2: Alle innstillingar var identiske på den gamle og dei to nye maskinene som vi prøvde no, både på systemnivå og i nettlesarane. Det var også den same versjonen av både operativsystem, av nettlesar og av Silverlight. Og svaret (som kom frå Comoyo) då vi fortalde alt dette? Nei, at dette hadde dei aldri høyrt om før, så «da må du nesten sjekke innstillingene til mac og nettleser».

Vi forstod at vi måtte finne ut av dette på eiga hand.

Som sagt, så gjort. Og dette var det vi kom fram til:

Når ein kjøper ny Mac som skal erstatte den gamle, så pluggar ein den gamle (eller harddisken til den gamle, eller ein tryggingskopi av den gamle) inn i den nye under installeringa, og vips, så er alt overført, med innstillingar og programvare og alle dokument og heile greiene.

Og det var jo slik vi hadde gjort det. Eg hadde eit krasja hovudkort, men hadde plugga inn disken frå gamlemaskina og overført rubbel og bit. Judith hadde starta gamlemaskina si som ekstern disk (target mode) og plugga inn i nyemaskina. Eit litt gjennomtenkt Google-søk fann at folk hadde problem også med ein amerikansk videoleverandør som bruker Silverlight.

Løysinga er: Gå til /Library/Application Support/Microsoft/PlayReady og slett fila «mspr.hds». Og det er alt som skal til. Urøynd med å navigere på maskina? Gå til Finder og til menyen «Gå», vel «Gå til mappe…», og tast inn /Library/Application Support/Microsoft/PlayReady (pass på skråstrek også heilt i starten).

PlayReady-mappa

Det er DRM-systemet PlayReady i Silverlight som er problemet. Tydelegvis vert opphavsretten verna så godt at dersom Silverlight på ei bestemt datamaskin fyrst har registrert at ein har sett film på denne datamaskina, så er det denne bestemte datamaskina som gjeld. Å flytte DRM-fila til ei anna maskin (som ved overføring av diskinnhald ved nykjøp) fører dermed til at ein ikkje får sett film før ein slettar fila slik at Silverlight må lage ny. For Silverlight lagar ikkje ny fil sånn utan vidare når den gamle ikkje fungerer.

Kanskje Comoyo og Canal Digital skal få lenkja til denne bloggposten, for no har vi i alle fall funne ut av det.

Oppdatering 22.2.2012:
Comoyo las bloggposten, sende lenkja vidare til dei andre på kundeservice, og gav oss ein gratis film som takk for innsatsen. Eg har ikkje fått tilbakemelding frå Canal Digital enno om dei har lese bloggposten, men dei har refundert filmen vi ikkje fekk sett. Takk til begge!

Read Full Post »