Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘terror’

I Oslo

I dag var eg i eit lenge planlagt ærend til Oslo. Der såg det slik ut:

Tigerstatue med blomar, ved Oslo sentralstasjon

Blomehav og nokre tv-kamera utanfor Oslo domkyrkje

Bilar med satellittlink

Blomehavet utanfor Oslo domkyrkje

Fontene med blomar rundt, i bakgrunnen regjeringsbygget med knuste vindaugo

Løvefigur med blomar framfor Stortinget

Read Full Post »

Og i domen

24. juli 2011 kl. 11
Opprørt stemning.
Mange lys.

Nidarosdomen

Lysteppe ved altaret

Read Full Post »

I København opna i dag den 96. Universala Kongreso de Esperanto med ca. 1400 påmelde deltakarar frå 66 land. Normalt skulle eg ha vore der, men av ulike grunnar vart det ikkje slik denne gongen.

Ein grunnleggjande verdi for esperantorørsla er tanken om fred og forbrødring. Den høgtidlege opninga kl. 10 i føremiddag vart innleidd med at president Probal Dasgupta i det internasjonale esperantoforbundet UEA bad om eitt minutts stille for å minnast dei omkomne i terroråtaka.

Som del av opninga er det tradisjon for at representantar frå dei ca. 60 landa bruker nokre få sekund kvar på å framføre ei lita helsing. Ingebjørg Rambjør hadde dette oppdraget på vegner av det norske forbundet, alafabetisk plassert (Norvegio) mellom Nepal og Polen. Men to dagar før skjedde plutseleg tragedien. Eit vanleg «hei frå Noreg» var ikkje nok i år. Vi snakka saman på telefon om ordvalet laurdag ettermiddag, det vart slik, og eg får tårer i augo når eg ser opptaket:

Nome de la norvegaj esperantistoj mi salutas kun la jenaj vortoj: Nur amo povas venki malicon kaj malamon. Amu.

På vegner av dei norske esperantistane helser eg med desse orda: Berre kjærleik kan vinne over vondskap og hat. Elsk.

Helsingane frå Nepal (slutten), Noreg og Polen:

Den japanske deltakaren «Bonulo» overførte opningsseremonien via ustream.tv (del 2 her), og eg har tillate meg å klippe dei to snuttane frå overføringa hans.

Read Full Post »

«Ein av våre eigne»

«Dei» var det nokon som sa ved eit kjøkenbord. «Dei» var det nokon som skreiv i ein lesarkommentar i ei nettavis, under ei nyhendesak som handla om noko heilt anna. «Dei, fy fan.»

Så, plutseleg i forgårs, kom terroren.

«Ein av våre eigne» var det nokon som sa i vantru eit par meter unna i dag. «Ein av våre eigne» les vi på Twitter og i bloggar. «Ein av våre eigne» seier folk overalt.

Ein av våre eigne? Vi og han der? Oss og dei?

Forskjellstenkinga held fram, med dei same grensene som før, trass i stendige og no også eit altfor smerteleg prov på at «vi» som er snille har mindre sams med denne «ein av våre eigne» enn med dei som vert kalla «dei andre». Ja, sjølv i «ein av våre eigne»-tankegangen vert denne som er «av våre eigne», framandgjord gjennom forferdinga over at det var «ein av våre eigne» som gjorde det. For «vi» er vel ikkje slik. Men likevel er han «ein av våre eigne».

Det er nokre tankar som kjem i konflikt her.

Var det ikkje nettopp denne gruppedefinerande forskjellstenkinga som rydda grunnen for det som skjedde?

For Guds skuld, vi er alle menneske.

Read Full Post »