Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘tid’

Stendig vaksnare

Eg er så heldig å ha fått ein gradvis overgang frå rolla som student til rolla som undervisar. Når ein ikkje har ei brå rolleendring, er det andre hendingar undervegs som fortel om aldringa til den som opplever dette livet.

Eitt har i alle fall ikkje endra seg: Eg har aldri har vore flink med namn og andlet. Ein gong på 1990-talet var det noko veldig kjent med den eine jenta som sat i auditoriet som eg underviste i. Etter å ha grunda ei stund på det byrja eg å få ein mistanke, og eg spurde: Er det nokon her som har studert saman med meg? Det var det, ja, og mistanken vart stadfest. Eg underviste altså ein tidlegare medstudent. Ikkje så mykje annleis enn då eg kanskje eit år seinare oppdaga at eg studerte saman med nokon eg underviste.

Det var framleis på 90-talet då ei vaksen dame ein dag kom bort til meg i pausen på ei førelesing eg heldt. «Vaksen» skriv eg, til skilnad frå meg sjølv, som framleis var under 30. Ho hadde lagt merke til namnet mitt, og lurte på om eg var i slekt med henne som altså er mor mi. Ja, det er mor mi, sa eg. «Ja då veit eg kven du er! Eg hugsar då du vart fødd!» Jepp, no underviste eg foreldregenerasjonen min. Og framleis mange på min eigen alder.

Det gjekk ein del år og endå litt til. Plutseleg no i haust var det ein student som spurde meg: «Jardar, kor gamal er du?» For han hadde ein onkel som hugsa både meg og bror min frå vidaregåande. Aha, eg er altså ørlite eldre enn onkelen til studenten min.

I pausen på ei førelesing dagen etter kom det ei jente bort til meg og lurte på om eg er sonen til henne som altså er mor mi.

Det er eg framleis, så svaret var ja. Jenta har hatt mor mi som lærar, og det er det jo mange som har hatt. «Men kven er du,» spurde eg, og fekk namnet. Etternamnet plasserte eg momentant, så eg spurde om det var dén familien. Det var det.

Og eg følte meg med eitt vaksen på ein ny måte: Min referanse var ikkje foreldra hennar men besteforeldra.

Read Full Post »