Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘timetal’

Noko av stillinga mi er sett av til undervisning. Eg er glad i å undervise, og er glad i å møte studentar. Men eg er altså ikkje lærar, undervisningsrelaterte aktivitetar skal i prinsippet utgjere under halvparten av timeverka mine. Og undervisning er sjølvsagt mykje meir enn det å stå i auditoriet og snakke med studentane, auditoriebiten utgjer berre ein mindre del av den delen av jobben som er undervisningsrealtert. Og då skal eg ikkje eingong kome inn på rettleiingsarbeid på mastergrad og slikt, som også skal hente timar frå denne potten.

På eit gjeve kurs med så og så mange studiepoeng er det sett av så og så mange timar til førelesing (etter fastsette normer). Med eit visst timetal til førelesingar fylgjer det med eit anna timetal (etter visse andre normer) til førebuingar og litt administrasjon av undervisninga. Dette femner m.a. om å snakke uformelt med studentane, kopiere papir til bruk i undervisninga, velje pensum, melde inn pensum til bokhandelen, setje seg inn i pensum og sjølvsagt skrive førelesingane.

Det samla normerte timetalet, undervisning med førebuingstid, ligg til grunn for arbeidsplanar, budsjett osb.

Så har det kome nokre reformer. Somme arbeidsoppgåver har alltid vore der, t.d. å lage eksamensoppgåver og å vere tilgjengeleg i eksamenslokalet. Andre oppgåver var friviljuge før men obligatoriske no, eller dei er heilt nye: møte referansegrupper og rapportere utførleg om det etterpå (slik at nestemann kan rapportere om motteken rapport), utarbeide evalueringsskjema og gjennomføre evaluering, utarbeide eit opplegg for øvingar (somme er obligatoriske for studentane, somme er friviljuge for dei), syte for at det vert gjeve tilbakemeldingar på obligatoriske øvingar, samordne og føre godkjenningslister, skrive sensurrettleiingar på ein måte som tek fleire juridiske omsyn enn faglege omsyn (under trugsmål frå fakultet og meir sentralt hald om at studentar kan saksøkje oss), osb.

Eigentleg bør ein vel også skrive ein rapport om evalueringsskjemaet for å presisere rammevilkår og forståingsmåtar som ikkje er openberre for dei overordna som les rådata frå skjemaet, men dette er ikkje obligatorisk, og kan sløyfast. Ein er nemleg ikkje pålagd å gjere skjemaet brukbart, ein er berre pålagd å bruke skjemaet.

Dei fleste av pliktene er velmeinte og nyttige, nokre er det også umogeleg å leve utan, men alt tek sjølvsagt tid. Då finst det eit vedtak om at alle undervisningsrealterte plikter, også reint administrative, er ein del av nettopp den tida som tidlegare vart kalla førebuingstid til undervisning. Dermed vil ikkje den auka tidsbruken der dukke opp i arbeidsplanane, budsjetta eller andre dokument, og formelt sett finst det ikkje noko problem med tidsbruken. Det er eins eige ansvar å ikkje bruke for mykje tid, ein må berre passe på å oppfylle alle pliktene sine.

Realitetane på det mest administrerte kurset mitt er likevel slik at når eg har gått på alle møte, fylt ut alle skjema, gjennomført alle evalueringar, svart på alle spørsmål, skrive alle obligatoriske dokument, kvalitetssikra alle godkjenningar, sjekka alle lister, gjeve rettleiing til læringsassistentane som skal avlaste meg slik at eg får meir tid til undervisning, og til slutt har sett av tid til å stille opp i eksamenslokalet, så er eg allereie på minussida i timetal, og har eigentleg ikkje tid att til å skrive førelesingane eller halde dei. (Men nettopp å skrive førelesingane og halde dei er jo også noko som ein ikkje akkurat kan hoppe bukk over utan å verte oppdaga.)

Det er altså mange fleire oppgåver som i dag formelt sett (og reelt nok i budsjett og arbeidsplanar) skal inn i dei timane som tidlegare var førebuingstid, men normene for utrekning av samla timetal pr. undervisningstime er uendra. Giss korleis ein då i realiteten får tid til alt.

Eg har difor to ynske: ein auka timefaktor for å gjenspegle realitetane både i arbeidsplanar og budsjett, og fleire tilsette i kvar fagdisiplin å fordele oppgåvene på.

Ynska mine er neppe realistiske. Dei kostar nemleg pengar.

Read Full Post »