Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘trapp’

Stengd dør

Det er vanskeleg å finne fram til instituttet i bygg 4 nivå 5, i alle fall dersom ein er student og ikkje går der så ofte. Det er tre vegar dit.

  1. Den eine er trappesiloen i bygg 1 (ved Studentservice), med bru på 5. nivå over til bygg 4.
  2. Den andre vegen er heisen opp til brua mellom bygg 1 og 4.
  3. Den tredje vegen er ei godt bortgøymd trapp ved dataavdelinga i bygg 4, ikkje så langt unna kantina i bygg 5.

Bygg 1 er (pr. desember 2008) stengt pga. rehabilitering, og brua er sperra mellom heisen og bygg 1. I dag var også døra vår ut til brua og heisen låst. Skjønar ikkje kvifor. Men heisen er på rett side av sperringa, så heis går bra.

For å finne den godt gøymde trappa kan du gjere som så:

Når du kjem frå kantina og går vestover (altså i retning Moholt), passerer du trappesiloen opp til framandspråk og religion. Til høgre for deg har du ei trapp ned til gatenivå, til venstre har du utgangen bak kantina. Gå ikkje dit, gå i staden rett fram og inn i korridoren. Gå deretter til venstre og gjennom den kvite døra. Då er du i trappesiloen. Gå opp og inn den kvite døra, så er du på Insitutt for språk- og kommunikasjonsstudiums avdeling i bygg 4.

Read Full Post »