Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘tv’

Hipp og brei

Tenk deg at du har eit fotoapparat som tek bilete i formatet 10 × 13. Etter ein ferietur sender du filene inn til ein fotolab for å få papireksemplar av bileta dine som du kan setje i album. Du kryssar sjølvsagt av for at fotolaben skal ordne korrekt papirformat.

Foto: Andrea De Stefani

Tilbake kjem det eit eksemplar som er 10 cm høgt og 15 cm breitt. Den smale kusina di heilt til venstre og den magre fetteren heilt til høgre har vorte påfallande vide og vrengde i kroppsfasongen, medan folket i midten berre er litt tjukkare enn dei skulle vere.

Foto: Andrea De Stefani, modernisert av Jardar

Du tek kontakt med fotolaben og spør om kva i all verda dette er for noko, og får svar:

Nesten alle fotoalbum i dag har plass til fotografi i formatet 10 × 15 cm. Dersom du skulle fått eit bilete tilbake med korrekte proporsjonar, ville du anten fått kvite striper i kantane på fotopapiret, eller du ville fått eit fotopapir som er kortare enn lomma i albumet ditt. I begge tilfella vil du ikkje fått utnytta den plassen som 10×15-formatet gjev. Derfor fekk du automatisk eit bilete med feil proporsjonar.

Du undrar deg over dette, du vil jo at bileta skal ha korrekte proporsjonar. Svaret tilbake til deg er:

Altså, eg ser ikkje problemet. Det er jo sjølve poenget med dagens fotoalbum at dei skal ha plass til 10×15-bilete. Men om du absolutt vil ha originale proporsjonar, så er det jo berre å bøye biletet litt i kantane, late att det eine auget ditt og sjå på fotoet litt på skrå. Dersom du synest dette er tungvint, så kan du vel berre venje deg til at fotoet ser ut som det gjer, vel?

Dette er i dag situasjonen for fjernsynsapparat. Fjernsynsapparata har skjermformat 16:9, men er sjølvsagt også i stand til å syne filmar i det klassiske 4:3-formatet. Apparata har til og med automatisk omskifting av biletformat når signalet kjem frå ei analog kjelde. Men her ligg også aberet: I dei fleste tilfella er denne automatiske omskiftinga ei veksling ikkje mellom 16:9 og 4:3, men mellom 16:9 og eit maltraktert 4:3 som er utstrekt for å dekkje heile skjermbreidda, der folk i biletkanten er unaturleg utpløste og forvridne, medan folk i midten berre er litt meir lubne enn originalen.

Litt på overtid stod det eit tv-apparat i heimen som var så gammalt at det hadde biletrøyr, men så byrja det å verte smått med reservedelar, og noko måtte gjerast. Dessverre var vi godt vane: Denne gamle dingsen, som trass i høg alder hadde skjerm i 16:9-format, klarte å veksle automatisk mellom 16:9 og ekte 4:3 (altså med svarte stolpar på sidene). Men dette var altså ein tv frå 2001, dvs. frå den yngre steinalderen. Dermed vart vi vanskelege kundar.

Dei tenkte sitata frå fotolaben er ikkje heilt mine eige påfunn. Dei er berre lettare omskrivne versjonar av det vi fekk høyre i kontakt med seljarar og teknisk kundestøtte.

For fleire moderne seljarar skjønar ikkje det utdaterte spørsmålet om automatisk veksling mellom biletformata. «Det er jo ein 16:9-tv.» Gamle gubben i starten på førtiåra (altså eg) forklarer at det hadde vore fint å få korrekte proporsjonar utan å måtte trykkje fem gonger på formatknappen på fjernkontrollen for å velje korrekt format manuelt kvar gong eg skifter kanal eller signalkjelde (vi har både SCART-utstyr og analog kabel-tv med skiftande biletformat). Seljaren ser litt forvirra ut, eller som i det eine tilfellet, ser nokså bestemt ut og seier:

Eg forstår ikkje kva som er problemet, for det er jo ein 16:9-tv, og skjermen vert jo fylt. Og det kan du jo venje deg til, vel.

På ynskjelista stod også OK lyd. Dei fleste flatskjermar har som kjent pistrelyd som signaliserer «sjå kor tynn skjermen min er». I valet mellom betre lyd og det å beundre tv-en sidelengs vel gamle folk det fyrste. For å få OK lyd kunne vi sjølvsagt kjøpt oss ein separat lydplanke med eiga straumforsyning og fjernkontroll. Då eg var ung, var slikt integrert i tv-en.

Standardoppløysningsbilete (SD) er ikkje framtida, men fortida vil nok vere samtid lenge enno, både med filmar, SCART-basert utstyr og eit kabelnett som også har analoge kanalar. Så sjølv om mottakarboksar og sånt kan oppskalere frå SD til HD, leggje på svarte stolpar når det trengst, og gje korrekte proporsjonar, så kan det framleis vere eit poeng å ha ein tv som klarer å oppskalere på ein bra måte på eiga hand.

Då vi byrja å undersøkje kva som fanst på marknaden, var det nokre modellar som peikte seg ut med god lyd og fin SD-attgjeving. I bruksanvisninga til den eine modellen (frå Grundig) stod det til og med at apparatet vekslar automatisk mellom 16:9 og 4:3 på analoge signal, noko som rett nok ikkje stemte med realitetane då vi fekk fysisk tilgang vedunderet. Eg skal ikkje gjenta heile brevvekslinga med teknisk kundestøtte her, det held å sitere litt frå då eg spurde om feilen låg i tv-en eller i bruksanvisninga. Svaret (i mi omsetjing frå tysk) var at når det ikkje er eit 16:9-bilete,

så vert biletet strekt ut slik (mindre i midten enn ved kantane) at det vert attgjeve formatfyllande. Vår røynsle er at dette er den innstillinga som dei fleste kundane vil ha. Dersom dette ikkje svarer til Dykkar førestellingar, kan formatet også stillast inn manuelt. Men automatikken fell ut her.

Ja, det var her vi hadde desse fem tastetrykka, då.

Slik går det når ein sit og mimrar. I verkeleg gamle dagar fanst det til og med ein ekte avknapp på tv-en, men no har visst avknapp-gruvene gått tome.

Gamle gubbar jamrar best. Denne gubben klarte til slutt å jamre seg fram til den oppdaginga at Sony har forstått dette med biletformat, og klarer å veksle automatisk. Det finst til og med eigne innstillingar for korleis den automatiske vekslinga skal fungere, så alle kan gjere det på den måten dei liker best. Lyden òg er bra. Avknapp er det så som så med på vårt eksemplar, men det har vi løyst på andre måtar.

Og her kunne bloggposten ha slutta eller til og med gått upublisert i gløymeboka, eit års tid etter at eg kladda han, om det ikkje hadde vore for at Rislappen (tidsskriftet til Risvollan borettslag) uventa kom med ein, eh, illustrasjon på den illustrasjonen eg opna med, nemleg fotoformat:

Faksimilie, Rislappen 1/2011

Det som ser ut til å ha skjett, er at biletet måtte tilpassast formatet til den ledige plassen mellom spaltene i artikkelteksten. Men det som gjer ironien komplett, er at dette tilfeldigvis er eit bilete av redaksjonsmedlemmer i ein lokal tv-stasjon saman med instruktøren på eit fagkurs i eit redigeringsverkty.

Eg innser at den innleiande illustrasjonen min plutseleg ikkje er så usannsynleg likevel, og eigentleg berre vitnar om at eg ikkje fylgjer med i tida.

Read Full Post »