Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Unified Messaging Systems AS’

Kva skal du gjere for å framstå som ein seriøs produktleverandør som har noko viktig å tilby? Lat oss sjå på korleis to norske firma har løyst den oppgåva.

Fyrst har me Aftenposten. Plutseleg her ein dag fekk eg spam frå dei via ein rumensk server, med klar beskjed om at eg burde verte abonnent. Så eg sende ein e-post tilbake til Aftenposten og spurde etter kva kjelda deira til e-postadressa mi er. Svaret kom kjapt:

Hei.
Takk for din henvendelse.
Vennligst send oss din adresse og vi vil hjelpe deg så snart vi kan.

Ja takk. Eg sende dei ein ny e-post og gjorde dei merksame på at dei nettopp hadde sendt meg ein e-post. Då kom det i retur ei utførleg orsaking frå Unified Messaging Systems AS på vegner av Aftenposten. Dei nemnde på eige initiativ at dersom dette var ei privat e-postadresse (og det var det), så er dette i strid med marknadsføringslova. Dei la til at adressa mi no er sletta frå databasen, og at dei bruker ein «sertifisert emailserver».

Dette var jo hyggjeleg. Så eg spurde no for tredje gong om kvar den rumenske reklameutsendaren deira hadde e-postadressa mi frå, og eg hekta også på eit spørsmål om kva som ligg i «sertifisert emailserver». Tyder det rett og slett at serveren fylgjer dei aktuelle RFC-ane, eller kanskje berre at serveren ikkje er svartelista?

Det kom ikkje noko nytt svar.

Nokre dagar seinare kom det spam frå eit firma i Harstad som kallar seg Apro Norge, med reklame for noko dei kallar Offitec Gelehåndstøtte. Spammen var utsend via serveren til Idium AS i Oslo. Nedst i utsendinga las eg at eg kunne få lov til å slutte å abonnere på nyhendebrevet dersom eg fortel dei kva for eit fylke eg bur i, og dessutan:

NB! Dette nyhetsbrevet er sendt til bedriftsadresser.
E-postlisten er hentet fra bedriftsdatabaser og Brønnøysundregistrene.

Dette var jo ei slags kjelde. Problemet er at den private e-postadressa mi vart sletta frå Brønnøysundregistra for fire år sidan. Kva for ein bedriftsdatabase som har fått tak i adressa mi, kan eg ikkje forstå. Så eg skreiv tilbake og spurde etter den konkrete kjelda til adressa mi, slik at eg kan få gjort noko med det. Eg understreka at eg ikkje ynskte å vere «abonnent».

Svaret eg fekk, var:

Vi fortsetter suksessen, gjør et kupp nå!

Ja takk, vi bestiller:
…. Stk håndspritdispenser kr 1.499,- pr stk

Kundenavn:……………………………………………
Postadresse:…………………………………………….
Leveringsadresse:…………………………………………….

Då takkar me Aftenposten, Unified Messaging System AS og Apro Norge for ordskiftet. Dette har vore interessant, og eg trur nok eg kjem til å hugse det.

Read Full Post »