Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘varmt’

Eg er ein ramp

Eg veit ikkje om foreldra mine vil vere samde, men eg vil sjølv påstå at eg aldri gjekk gjennom dei store trassperiodane i oppveksten. Samanlikna med dei som stod og spydde i blomsterbedet, var eg ein engleungdom. Ikkje har eg vore i klammeri med domstolane heller. Men på eitt eller anna tidspunkt må ein ta igjen det som ein gjekk glipp av i ungdommen, elles vert ein ikkje eit skikkeleg menneske. Mitt forseinka ungdomsopprør kjem no, og eg har med byrg og resolutt småangst bestemt meg for å gjere noko som eg ikkje har lov til.

Alle som har vore inne på kontoret mitt, veit at ventilasjonen der er mest proforma. Året rundt må døra stå open med ei vifte som blæs luft inn frå korridoren. Men ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko: På denne måten får eg nemleg med meg alt sladderet og alle faglege samtalar på gangen. Dessutan får eg lov til å vere turistkontor for forvirra studentar som forvillar seg til bygg 4 når dei eigentleg skal til bygg 5. Mannen med den opne døra er nemleg den fyrste dei spør om vegen når dei blandar saman Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium (oss som tilbyd fonetikk, lingvistikk, swahili og meir til) med Institutt for moderne framandspråk (som engelsk- og spanskstudentane og mange fleire eigentleg vil til).

Eg prøvde ein gong å be vaktmeisteren om å regulere ventilasjonen, men oppnådde ikkje anna enn at han låste seg inn på kontoret, stod eit par sekund under lufteholet, og gjekk igjen.

Men tilbake til saka og det forseinka ungdomsopprøret mitt. No er det nemleg juli, og den siste tida har sola steikt meir her i Trøndelag enn ein sunnmøring er skapt for. Dragvoll har glastak, og er i praksis eit drivhus. Rett nok kan taket opnast, og det har berga oss mang ein sumar tidlegare, men utanfor hjå oss i bygg 4 er taket stengt. Døra ut til brua skal også vere stengd. Dermed er det heller ikkje like mykje framdrift for den frisklufta som me elles kunne ha fått gjennom korridoren. Grunnen til at alt skal vere stengt i dette området, er at dei driv og fiksar bygg 1 på hi sida av brua.

Og her kjem det som eg ikkje har lov til: Eg har opna vindauga mitt! Ja visst, vindauga, det som vender mot den delen av drivhuset som bygg 1 finst. Ingenting på den veggen skal vere ope. Men no har eg opna vindauga mitt!

vindauga

Eg har altså vore ulydig som ein ekte tenåring, og med fullt overlegg. Støyen frå arbeidet i bygg 1 strøymer innover bokhyllene, og kven veit kva slags støv som kjem (eg har ikkje sett noko støv, men noko må det vel vere som gjer at me ikkje får lov til å opne vindaugo på den veggen). Saman med vifta og ein trass alt litt kaldare korridor har eg dermed klart å få temperaturen på kontoret ned til 30 grader. Men fyrst og fremst har eg prova for meg sjølv at også eg er i stand til å vere ein ramp.

Read Full Post »