Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘vvvvvv’

Orsak den dårlege tittelen, men eg kom ikkje på noko betre. Saka er i alle fall at Dagbladet har meldt spelet VVVVVV, kommenterer det alderdommelege preget, men går glipp av nostalgien, og gjev spelet terningkast 3.

VVVVVV (2010)

For oss gamlingane med Manic Miner og Jet Set Willy i bagasjen er det sjølvsagt berre tull å operere med terningkast. Slikt var ikkje oppfunne på den tida. Men det er to ting som verkeleg er annleis enn gamle dagar: Lyden er eit par hakk betre, og farten er mykje høgre. Skal tru om det finst ein cheat code òg?

Manic Miner (1983)

Hm, nei no må eg fyre opp ZX Spectrum-emulatoren og prøve Manic Miner igjen. Ah, der er også ein annan skilnad: VVVVVV tek 46,3 MB på harddisken, Manic Miner tek 36 kB (altså under ein tusendel av plassen), men det er nesten like morosamt, og som bonus har det ein Monty Python-allusjon akkurat der det trengst.

Over til filmsnuttane: I 1983 laga altså syttenåringen Matthew Smith spelet Manic Miner (i denne filmsnutten misser gruvearbeidaren Willy det siste livet sitt allereie på den fyrste skjermen):

Spelet vart veldig populært. Året etter kom Willy tilbake, no som Jet Set Willy, som ikkje fekk sleppe til sengs før han hadde samla saman massevis av ting frå heile huset:

Terry Cavanagh var ikkje eingong fødd på den tida. I 2010 kjem han med VVVVVV:

Read Full Post »