Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Warszawa’

Språket esperanto vart grunnlagt i 1887, og i år er det 150 år sidan grunnleggjaren L.L. Zamenhof vart fødd i 1859. Den årlege Universala Kongreso de Esperanto vart difor lagd til fødebyen der han fekk heile ideen, Białystok i Polen. Me hadde lenge vore i tvil om det ville la seg gjere å reise på jubileumskongressen, og me bestemte oss difor i siste augneblink.

Å planleggje reisa

Så seint bestemte me oss at me ikkje var sikre på om me ville få overnatting. Det internasjonale esperantoforbundet UEA hadde nemleg reservert alle hotella i byen, noko som er ei historie for seg sjølv: Hotellreservasjonane er ein måte for UEA å tene pengar på, så dei reserverte alle hotellroma slik at ingen kunne gå utanom UEA, og i tillegg skrudde dei prisane opp til det doble av normalprisane. Dette angra dei på i mai, prisane vart noko lågare igjen, men då hadde jo påmeldingskontingenten gått opp med 80 % (kontingenten går alltid opp ved visse datoar fram mot arrangementet). Det har vorte spekulert i om episoden var medverkande til at det ikkje kom fleire enn 1800 deltakarar.

I alle fall, når me no hadde bestemt oss for å reise på kongress, hadde alle fristar for å gå via UEA gått ut. Men til slutt fekk me faktisk direktenapp på eitt av dei dyre hotella, Hotel Gołębiewski (uformelt omtalt som Goblegoble til dess me hadde klart å lære oss uttalen), under føresetnad av at me betalte alt på førehand.

Dei fyrste dagane av turen vår var me i Warszawa, der me fekk med oss Zamenhofs grav, Esperantogata og massevis av blemmer under føtene. Dei mange strippeklubb-reklamane som låg på fortauet (og bak alle vindaugsviskarar) er eit påtrengjande minne, og eg angrar no på at eg ikkje tok med meg nokre eksemplar som suvenir. Eller eg kunne i det minste ha fotografert ein bunke. Men nei, det tenkte eg ikkje på.

Jubileumskongress

Nokre av dei 1800 deltakarane

Eg har delteke på Universala Kongreso de Esperanto i Bergen (1991), Wien (1992), Tammerfors (1995), delvis i Berlin (1999), og saman med Judith i Göteborg (2003), Vilnius (2005) og no altså i Białystok (2009). Så levde 150-årskongressen opp til det runde talet sitt?

Det var konsertar, teaterstykke, faglege føredrag, møte i alt frå det esperantiske katteeigarforbundet til amatørradioforbundet, filmframsyning, kurs i ditt og datt, seminar om det eine og det andre, og mykje meir. Me var ikkje med på så mykje som tiandeparten av tilbodet, og likevel hadde me meir enn nok å hengje fingrane i. Av fagtilbod vil eg spesielt nemne den interessante serien med moderne fonologi (altså ikkje fonem og slikt) der ein svenske sovna høglydt, eit sosiolingvistisk diasporaopplegg som utarta til eit seminar om det å konvertere til jødedom, og førelesinga om historia, forhistoria og framtida til punktskrift.

Særleg var kulturprogrammet imponerande stort, og det heldt eit svært høgt nivå. På til dømes tysdagen åleine var det 16 kulturarrangement, medrekna alle konsertane, teaterstykka, dokketeater og ein film. Med fagtilbod, møteverksemd og alt anna hadde tysdagen til saman rundt 50 arrangement, herunder også korøving og eksamen i esperanto. Og slik var det altså i ei veke til endes.

Mykje av kulturprogrammet gjekk diverre føre seg andre stader i byen, fordi det ikkje var plass på kongressområdet. Også internt på kongressområdet var det lange interne avstandar. Jamvel det populære bokutsalet til Universala Esperanto-Asocio låg så bortøymt at mange deltakarar brukte fleire dagar på å finne fram til det.

Men slik er det vel når ein skal ha ein jubileumskongress i den byen som er opphav til jubileet. Då må ein bruke dei fasilitetane som er der, og slik sett var det absolutt ikkje så ille, sjølv om me gjerne skulle fått med oss nokre av dei arrangementa i byen som me gjekk glipp av.

Tilgangen til mat var nok litt stusseleg. Menyen på den ca. 50 kvadratmeter store kantina var avgrensa. Dei hadde hamburger på plakaten men pølse bak disken. Då eg ville kjøpe fire sjokoladar, sette dei ei grense ved to. Utandørs fanst det eit større mattelt, men også der med noko avgrensa meny. Eg veit ikkje kvifor det finst så mange vegetarianarar i esperantomiljøet, men eg trur nok dei hadde tøffe dagar. Heldigvis for oss kjøtetande skapningar fanst det ein meksikansk kafé like rundt hjørnet. Og byen var elles stappfull av etestader, med Esperanto Café på bytorget som desidert favoritt. Særleg esperantokaka deira, nam!

Irritasjonsmoment

Oppslag på toalettet: Ver venleg å ikkje kaste dopapir i søpla!

Men éin ting vart eit stendig tilbakevendande irritasjonsmoment: Konsertane og framføringane heldt ikkje tida si. Det var forseinkingar, ekstranummer, kjedereaksjonar med utvida forseinkingar, deretter nye ekstranummer, og slik gjekk dagane. Det var umogeleg å planleggje så grunnleggjande ting som det å få i seg eit måltid før natta var der.

Ein tilleggsirritasjon var Nacia Vespero og Internacia Arta Vespero. Desse arrangementa, som skulle vere høgdepunkta på kongressen, vart rett og slett så einsformige og langtekkjelege at folk gjekk før tida, noko som er heller uvanleg. Den internasjonale kvelden sigla til overmål under falskt flagg, då han i hovudsak vart eit framhald av den nasjonale kvelden.

Likevel

Alt i alt var dette ein flott jubileumskongress. Synd med høgdepunkta som ikkje vart høgdepunkt, men likevel. Det var alltid noko å gjere på.

Noko av det kjekkaste med slike kongressar er likevel å møte folk. Og folk møtte me i massevis. Me snakka kanskje ikkje med alle 1800, men me både møtte att mykje kjentfolk, og me fekk oss nytt kjentfolk som me kan møte att ved neste høve.

Og dei små irritasjonsmomenta får me vel kompensere for på festen i Trondheim esperantoklubb den 15. desember. Det er då sjølve 150-årsjubileet er. Men mest av alt er det eit påskot for å ete kake.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Etter ei veke på esperantokongress i Białystok hadde det vorte fredagskveld. Me hadde vore på den internasjonale kunstkvelden, som vart ei keisam sak med heller sterkt avgrensa internasjonalitet. Det var det internasjonale koret og artisten JoMo som berga den kvelden for oss.

Standsmessig hotell

Klokka var nærare elleve då me kom tilbake til hotellet. Dette var Hotel Gołębiewski, det dyraste hotellet i området (det einaste som hadde noko rom ledig då me endeleg bestemte oss for å reise til byen), og med velutstyrt luksusrestaurant. Den restauranten var også det enklaste valet for oss no så seint på kveld. Så me tinga ein pastarett og litt mineralvatn.

Som på dei fleste luksusrestaurantar var vatnet berre i å få i 2 dl i slengen. Og etter nokre minutt kom kelnaren med ei korg som han sette effektivt frå seg sånn omtrent midt på bordet, med to varme brødstenger (med eit slags fyll inni), men utan tallerken. «Enjoy your meal,» sa han, snudde på hælen og gjekk.

Var det dette som var måltidet? Hm. Kanskje det var ein slags hors d’oevre, for slikt finst jo på luksusrestaurantar. Me håpte på dette, vaska oss med medteken desinfiserande serviett, og tok maten i hendene. Og jau då, etter ei stund kom også pastaretten, like knøttliten som han skal vere på ein luksusrestaurant, slik at me ikkje trong meir vatn. Denne gongen fekk me også tallerken.

Det var mykje som var luksuriøst på dette hotellet, det skal dei ha. Teppet, til dømes. Og at det var ein liten foss i frukostsalen. Og den som skulle ha frukost, måtte innom dama som ikkje stod ved kontrollpunktet som var gøymt bak døra, men som kom halsande til deg frå høgre etterpå fordi du ikkje hadde sett kontrollpunktet, medan ho bad innstendig: «Kejkarrd. Kejkarrd.» Eller var det «gejkarrd»?

Fyrste gongen me oppevde dette, forstod me ingenting i starten. Men så fekk me tenkt oss om: Det fyrste segmentet er ein velar plosiv utan høyrbar VOT. Det kan vere ein ustemd ein, slikt er jo vanskeleg for oss aspirasjonsspråklege å høyre sånn på sparket. Dersom det er engelsk ho prøver å snakke, så kan diftongen svare til ein ortografisk «ey», og, ja, då er det keycard ho seier.

Den stakkars amerikanske esperantomannen som kom inn i frukostsalen noko seinare, hadde ikkje den aktuelle fagkompetansen, og måtte få tolka «kejkarrd» til esperanto (ŝlosilkarto). Han forstod framleis ikkje kvifor han skulle leite fram lyklekortet sitt, men det gjorde sikkert ingenting. For plutseleg snappa dama kortet ut or hendene hans, sprang bort til kontrollpunktet, kom tilbake, gav frå seg kortet igjen, og etterlét amerikanaren som eit stort spørjeteikn.

Til Warszawa

Det vart laurdag morgon. Me hadde på førehand bestemt oss for å sløyfe avslutninga med alle talane, resolusjonane og avsynging av hymne. Høgtida måtte vike då me oppdaga at kulturpalasset i Warszawa hadde ei mumieutstilling og ei dinosaurutstilling, og desse ville me gjerne få med oss.

Drosjesjåførane hadde no vorte vane med at folk skulle til Politechnika Białostocka, og dit køyrde me fyrst med ein triveleg kar frå Japan som elles måtte ha venta på neste drosje. Me hadde forresten felles kjende, for han hadde tidlegare vitja esperantofolk i Bergen.

Judith og eg var ikkje dei einaste som hadde tenkt å ta 10-toget. Det hadde me nesten rekna med, men det hadde ikkje dei rekna med, dei som sette opp toget. Då me kom til stasjonen eit kvarter før tida, var toget allereie stappfullt. Me hadde prøvt å kjøpe oss forbi køen ved å skaffe oss billett til 1. klasse, men vart ståande på gangen utanfor ein låst kupé saman med ørten andre håpefulle. Ved hjelp av lommeordbok kom me fram til at lappen på døra sa noko om «for mødrer med born» eller noko sånt. Plasseringa vår var likevel svært heldig då ei myndig dame ca. 45 minutt etter avgang henta ein lykel hjå konduktøren og låste oss inn.

Drosja til hotellet i Warszawa heldt seg til lokal trafikkultur, og brydde seg altså ikkje om det var skilta med 50 km/t gjennom krysset. Nitti går jo så mykje raskare! Som vanleg vart farten stort sett berekna på grunnlag av trafikksituasjonen ti meter i slengen, så får ein heller bråbremse om det absolutt trengst.

Men slik var det alle køyrde, og det hadde vel vorte lurveleven i trafikken om nokon prøvde å køyre defensivt.

Me tok inn på Courtyard by Marriott Warsaw International Airport Hotel, eit minutts spasertur frå flyplassen.

Dama i hotellresepsjonen hadde tydelegvis eit problem. Om me hadde tinga «king size bed»? Ja, det hadde me. Hm. Ho henta ein annan resepsjonist, dei utveksla eit par ord, og så sa den nytilkomne at me skal få eit betre rom enn me hadde tinga, men til same pris. Og slik gjekk det altså til at me for andre gong på turen fekk eit luksusrom for småpengar.

Kulturpalass

Etter innsjekkinga var det av garde til kulturpalasset, mumieutstilling og dinosaurutstilling!

Hm. Plastmumie? Barneutstilling med falske rekvisittar? Øh… Nei, då ser me heller på utsikta. Det kostar berre… Ikkje lov å ta med seg veskene våre? Hm. Då er det vel berre å… ja… greitt, me finn noko anna å gjere på.

Men på veg ut or kulturpalasset vart me stogga av ein hyggjeleg mann som ville ha oss til å fylle ut eit skjema om korleis det er å vere turist i Warszawa. Det gjorde me, og dermed gjorde me trass alt litt nytte for oss likevel. Utan at eg eigentleg trur at det me skreiv om trafikkulturen og drosjene, vil gjere nokon nytte for seg.

Plutseleg stilt

Turen gjekk vidare til gamlebyen, fyrst med trikk, deretter til fots. Me møtte eit brudepar på veg ut or kyrkja, og sidan me sjølve gifte oss for tre år sidan, var me framleis i det romantiske hjørnet og stogga og såg på dei. Me såg gamle hus og fine utsikter, og kom også til eit torg med havfrue-fontene. Judith gjekk for å finne vatn å drikke, sjølv stod eg og gjorde videoopptak av nokre jazzmusikarar på ei utescene og deretter av nokre born som plaska i fontena… Då eg plutseleg vart merksam på at det var veeeeeeldig stilt rundt meg.

Eg såg meg rundt. Alle stod. Alle var heilt stille. I det fjerne høyrde eg kyrkjeklokker og flysirene.

Etter rundt tre minutt var alt over. Folk sette seg igjen, og alt var som før. Kva hadde hendt?

Me måtte spørje oss litt rundt før me fann ein som kunne nok engelsk til å forklare det for oss. Det viste seg sidan at dette var årsdagen for Warszawaoppstanden 1. august 1944, og kvart år klokka 17 reiser folk seg på denne måten. Hadde me gjort turistleksa vår før me reiste til Polen, skulle me ha stilt oss opp på ein stad der det hadde høvt seg betre å ta bilete av det som skjedde, slik turistar gjerne gjer. Det får vente til neste gong, då.

Drosjene i Polen hadde bilbelte også i bakseta, men då gjerne med feste som var godt nedstappa og ikkje alltid like lette å finne. På veg tilbake til hotellet var det ikkje anna råd enn berre å ta eit godt tak rundt beltet og håpe at turen gjekk bra.

Flyplassar

Flyet gjekk sundag 2. august kl. 14.20. Om flyplassen i Warszawa er å seie: Dei sel mangt og mykje, men vil du ha eit skikkeleg måltid, bør du ete på førehand. Dei med det største utvalet på flyplassen var kafeen i enden, men alle rettane inneheldt ein bestemt ingrediens som eg ikkje bør ete. Me sette oss på ein annan etestad på området, Business Shark heitte det der, og fekk ein pastarett som vart varma i mikrobylgjeomnen, til makropris. Business Shark var elles prega av bakgrunnsmusikk som vart skrudd opp til stendig nye høgder når det kom noko som beteninga syntest var fint.

Gardermoen. Greitt nok å måtte bere med seg bagasjen sin gjennom tollen. Men kvifor må me ut av det sikra området, stille oss i ny tryggleikskø og gå gjennom alt på nytt saman med alle som er komne til også frå innlandet, når me allereie var klarerte i Warszawa? Hadde det ikkje vore til hjelp både på tida og på køane om me kunne ha levert frå oss bagasjen igjen i transitt-området?

Då me kom heim til Trondheim i 21-tida på kvelden, var me akkurat så trøytte som det høyrest ut som i denne bloggposten, sjølv om dette er skrive lenge etterpå.

Sånn

«Sånn!» sa eg. «No e’ ì ferdi’ med turì.» Judith ser på meg: «Helt? Har du itj nå fornuftig å ta dæ til?» Ho ligg nemleg noko etter meg i skrivinga.

Judiths bloggpost om heimreisa finn du her. I neste bloggpost skal eg oppsummere opplevingane på ein kortfatta måte.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »

Zamenhof

Ludwik Zamenhof

Som eg nemnde i førre bloggpost, har eg nettopp vore i utlandet. Det var saman med fru Judith, og utlandet heitte Polen. Det var der alt starta for oss esperantobrukarar, den 26. juli 1887, då Ludwik Lejzer Zamenhof (1859–1917) fekk gjeve ut den fyrste læreboka i esperanto.

I sin bloggpost har Judith noko sjølvironisk kalla turen vår ei pilegrimsvandring. I år er det 150 år sidan Zamenhof vart fødd i byen Białystok, og i det høvet vart den 94. Universala Kongreso de Esperanto lagd dit. Familien Zamenhof budde i byen til 1873, då dei flytte til Warszawa.

Hotell

Warszawa-utsikt

Utsikt frå hotellromet

Warszawa var også vårt fyrste møte med Polen, seint på kvelden onsdag 22. juli. Drosjeturen frå flyplassen sette livet i perspektiv. Når sjåføren lynte seg veg gjennom fire felt, gjerne i 90 i 60-sona, samstundes som han bøygde seg ned mot høgre for å snakke i radio medan han smatt inn framom bilen til venstre for oss, så kom me i alle fall fort fram til hotellet. Resten av trafikken heldt tilsvarande fart, og var sjeldan lenger enn tre–fire meter unna.

Resepsjonen på hotellet informerte om at «because you are our special guest, we will give you a room with higher standards». Me vart dermed effektivt plasserte på minisuite med to rom i 21. etasje, to fjernsynsapparat, to telefonar, badekar, badekåpe, dobbelseng med dobbeldyne, sofa, lenestol, sånn der espressomaskin (det er sånn kaffi, det?) og fin utsikt over kulturpalasset og ei rundkøyring. Legg spesielt merke til hotell-lampeskjermen i nedre, høgre kant av kulturpalasset.

Romprisen som var slegen opp på innsida av døra, var avskrekkande nok, men me fekk våre tre netter der til førehandsavtalt pris, nauta billeg altså, og eg mistenkjer at det kanskje var ei overbooking i vår romkategori som var grunnen. Judith har ein annan hypotese. Ho tinga romet i namnet til «dr. Abrahamsen», og i dei lågare etasjane hadde hotellet akkurat innlosjert ein flokk av det yngre og meir lydkreative slaget som finare herremenn kanskje bør skånast for. Nja, eg held no framleis ein liten knapp på overbookinga.

Pilegrimsmål

Neste morgon sov me lenge. Svært lenge. Men klokka 12:34:27 registrerte GPS-loggaren at me stod utanfor hotellet, og ikkje så lenge etter åt me ein pizza på jarnbanestasjonen.

z-grav

Zamenhofs grav

Nasen vart deretter vend mot det som Judith kallar det fyrste pilegrimsmålet vårt: den jødiske gravplassen.

Dette skjedde til fots. Det er liksom så praktisk det, tenkte eg, til ei viss ergring for Judith. At denne transportmetoden skulle føre til store blemmer under føtene i resten av ferien, tenkte me ikkje så nøye på akkurat der og då, og for meg var det meir eit spørsmål om å «prøve ut» dei nye sandalane. Det kan ein gjerne kalle korttenkt.

Men me skulle altså til Cmentarz Żydowski, som det visstnok heiter på polsk. Den jødiske gravplassen i Warszawa er for folk flest kjend som ein jødisk gravplass. For oss er han derimot mest kjend som gravplassen der «La tombo» ligg. «La tombo» tyder ‘grava’ på esperanto, og det dreier seg om grava til L.L. Zamenhof.

Ja, for ærleg talt, er me fyrst på esperantotur til Polen, så kan me like gjerne dra han heilt ut.

Gravmonumentet er reist «av verdas esperantistar», og er ein helgen verdig (berre at Zamenhof ikkje var ein helgen, rykta skal jamvel ha det til at han var røykjar). Og der ligg altså Ludwik Zamenhof, sjølvaste Doktoro Esperanto, han som grunnla det språket som eg lærte som syttenåring. Trass i turistinstinkt med fotoapparat og videokamera kan ein tillate seg å tenkje på kven si grav ein no stod attmed, og kva den gamle doktoren har stelt i stand for så mange menneske.

Ulica Esperanto

Esperantogata

Dagen etter, fredag, vart det ny tur til grava for å ta betre bilete, og me tok sjølvsagt også turen til det andre pilegrimsmålet, Ulica Esperanto (Esperantogata), der det vart knipsa eit bilete av gatenamnet men ikkje av gata. I esperantokrinsar finst det tradisjonar for (les: ein hang til) å ta bilete av slike gateskilt, t.d. dei tilsvarande på Hamar og Elverum (ja, eg har bilete av dei òg), men for ekte esperantoturistar er det lite som kan måle seg med esperantogateskiltet berre nokre meter unna La tombo. I alle fall prinsipielt sett.

Vandring elles

gps-logg-20090723

GPS-logg torsdag 23. juli 2009

Allereie på heimvegen ettermiddagen før lærte me å bruke kollektivtrafikken i Warszawa, noko anna hadde me ikkje lenger føter til. Blemmene er allereie nemnde. Me hadde med oss gnagsårplaster, men for få. Heldigvis er det slik i Polen at dersom du lurer på kvar neste gatehjørne er, så ser du berre etter eit skilt som seier «Apteka». Vel, rett nok heng desse skilta også andre stader, men om det er apotek du treng og ikke eit gatehjørne, så gjer det ikkje noko. Apoteka ligg tettare enn gatehjørna, og dei har både gnagsårplaster og, som me fekk oppdage seinare på turen, myggmiddel.

Men å få kjøpt billett til kollektivtrafikken var ikkje lett. Postkontoret me fann, hadde billettar, men det var skralt med engelskkunnskapane, og ikkje snakka dei korkje tysk eller esperanto heller. Når me då ynskte oversikt over kva slags billettar som finst, og om dei kan brukast på både trikk, buss og metro (det kan dei), var det berre éi av dei tilsette som kunne nok engelsk, og det var berre så vidt.

Så er det sagt, det òg: Engelsk er ikkje eit så universelt internasjonalt språk som somme vil ha det til! (Det er ikkje esperanto heller, men pytt pytt.)

Fredag kom også fleire vener frå Trondheim Esperantoklubb til byen, og saman tok me turen til Kulturpalasset, og såg på det frå utsida.

Ein tur til restane av ghettomuren måtte me òg få med oss, adresse ul. Sienna 55. Desse restane ser du ikkje frå gata. Du må gå inn i bakgarden. Dette oppdaga me på ein nølande måte, men der inne vart me fort huka tak i av ein gutunge som vinka oss vidare innover til eit endå større murfragment.

Novotel

Hotellet vårt

På kvelden vandra me litt omkring og leitte etter ein stad å ete. Dei såre føtene og ein litt fuktig atmosfære gjorde at me enda opp på vårt eige hotell (Novotel Warszawa Centrum), og fann ut at me skulle prøve luksusrestauranten der. Det var luksus. Alle detaljane som me ikkje visste om, var på plass. Me vart tiltalte som «madam» og «sir» (i den rekkjefylgja), fekk to hors d’oeuvre utanom menyen, tre slags smør med grundig forklaring av innhaldet, ei stor flaske med vatn (i motsetnad til dei bittesmå tyrst-i-hel-flaskene som andre restaurantar trudde var symbol på luksus), vakkert dandert hovudrett og ein créme brûlée som kunne ta pusten frå ein. Kelnaren var nøyen med alle detaljar, alt frå å gå rundt bordet for leggje på plass kniven (i staden for å stå bak oss eller strekkje seg framfor oss) til å smile med både munn og augo, og til og med nekte å ta imot tips. (Han fekk likevel.)

Og der sat me, sveitte og forkomne i sommarkleda våre, og følte oss alt anna enn luskuriøse. Men sjølv dette klarte kelnaren å oversjå. Det var så flott at det nesten var flautt å ete der.

På desse to dagane i Warszawa lærte me oss elles fort å sjå på bilane kor lenge dei hadde stått parkerte. Dersom dei hadde stått nokre timar, låg det tjukke bunkar med strippeklubb-reklame under viskarane. Hadde dei stått berre i nokre minutt, var bunken tynnare. Fortaua var fulle av slike lappar (alltid med framsida opp), og det var vel Judith som kommenterte at heime i det liksom så sekulariserte Noreg ser me ikkje slikt. Her i det djupt katolske Polen, derimot…

Fru Judith har òg blogga om Warszawa. Eg skulle ynskje eg var like flink til å skrive som ho. Men eg er mektig stolt over å ha henne som kone. Klikk her for å lese bloggposten hennar.

I neste bloggpost om esperantoferda reiser me til Białystok.

– – –

[Esperantoferd 2009: 1. Warszawa2. Til Białystok3. Dei fyrste kongressdagane4. Zamenhofs fødeby5. Dei siste dagane6. Heim7. KortversjonenEpilog: Vandalar]

Read Full Post »