Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2016

Markeringa av NTNU-fusjonen vart send direkte på nett på nyåret, med mange gjester i innslaga frå Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Somme der var nøkterne. Men alt i alt var det rett og slett ikkje grenser for kor innovativt, nytenkjande, nyskapande, spanande og dynamisk vi skal få det, særleg i forhold til synergiar, ambisjonar, potensiale, moglegheiter, næringsliv, betre forsking, betre undervisning, utfordringar og felles identitet.

Det var vel også eit minimumsinnslag av «framoverlent», men heldigvis var folk i feststemning og unngjekk «robust». Ordet «robust» vert i mi røynsle brukt når ein treng å grunngje kvifor ein legg ned noko.

Men han som vart ein aldri så liten snakkis på arbeidsplassen mellom dei av oss som fekk det med seg, var kunnskapsministeren. For ca. 9 minutt og 35 sekund ute i sendinga, midt i den samstemde rusen der alle skulle inkluderast i den nye heilskapen slik at vi kan få ein felles identitet, så fekk han spørsmål om kva det er ved NTNU slik det framstår no, som ville appellert til han dersom han sjølv var nitten år og skulle velje seg ein studiestad. Og med tilvising til at han sjølv er samfunnsvitar, svarte han:

Teknologien gjennomsyrer og påvirker stadig mer både av politikken, samfunnslivet, offentlig sektor, forvaltning, næringsliv, arbeidsliv. Og det å klare å ha et universitet som gjør at også humaniorafagene og samfunnsvitenskapene forstår og tar innover seg hvilke formidable utfordringer og muligheter som ligger i teknologi, det hadde jeg vært interessert i å studere.

Slikt ordval ser ikkje direkte ut som ein overlagd situasjonsrapport, men minner meir om sånn ein kan formulere eit ynske for framtida. Kva det ville innebere konkret fagleg, kom han ikkje inn på. Eg for min del må vel kanskje rett og slett leggje frå meg fjørpenn og pergament, og heller sjå om eg oppdagar EDB-maskinene?

I dette videoutdraget (la oss for ordens skuld kalle det faksimile) har eg synkronisert lyd og bilete litt betre enn i originalen. Spørsmålet kjem etter 14 sekund, etter den avsluttande merknaden om felles identitet:

Dersom svaret hans var meint som eit uttrykk for hans personlege studieinteresser, så får det passere. Sjølv soknar eg til (respektive er i slekt med) ein flik av humaniora som på sitt vis er noko meir teknofilt og realfagleg orientert enn somt anna på huset, og vi skulle gjerne hatt fleire studentar også av hans type før fakultetet legg oss endå meir ned. Noko er jo allereie nedlagt.

Som politisk utsegn ville formuleringa hans vere litt meir klønete. For det ville sjølvsagt ikkje vere uproblematisk dersom t.d. humaniora, som er ein fagfamilie med naturleg svært stor variasjon i studieobjekt og tilnærmingar, vert erklært meir verdt å studere dersom det berre kunne gjerast meir teknologisk. Det ville naturleg nok også vere problematisk, somme ville sagt nedlatande, å implisere at heile fagfamiliar treng å «forstå og ta inn over seg» noko som vaksne menneske både forstår og tek inn over seg heilt for eiga maskin og i tråd med relevansen. Og i det høvet ville det sjølvsagt ha vore problematisk å definere kva ein fagfamilie eller eit fag eigentleg burde ha handla om: Såpeoperaer gjennomsyrar tv-livet, så oljeingeniørane må forstå og ta inn over seg utfordringane og moglegheitene i film- og teatervitskap?

Folk kan prøve å studere noko som helst, eller berre forhalde seg til livet, utan t.d. å kunne språk eller vite litt om det å vere menneske. For alle treng slikt som sorterer under interessefeltet til humaniora, og alle treng slikt som sorterer under interessefeltet til realfag (då ikkje berre avgrensa til teknologi, som ministeren var oppteken av), slik har det alltid vore, og det er så sjølvsagt at det er flautt å seie det.

Og då har vi ikkje eingong sett på eigenverdien til og den langsiktige effekten av kunnskap. Sånt snakkar ein jo ikkje høgt om lenger. Men det er no hyggjeleg, då, at det i alle fall etter mi røynsle finst fagfolk på tvers av campusar som veit og aksepterer det sjølvsagde at fag er forskjellige.

Relatert:
Kvifor det unyttige er nyttig

Read Full Post »