Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2019

Utvida norsk 2.3

Endeleg, og etter ein liten periode med privat utprøving, er versjon 2.3 av tastaturoppsettet Utvida norsk på plass, og ligg klart til nedlasting. Tastaturoppsettet fungerer på Mac, og gjev tilgang til dei vanlege teikna frå det ordinære norske tastaturoppsettet, men har i tillegg mange andre teikn, slik at det vert lettare å skrive ulike språk direkte på tastaturet. Vil ein skrive teikn som ð þ ǫ đ ŧ č ĉ ā ŭ ǿ ǘ ł ʒ ņ ń ż ½ ¼ → ⌘ ⌥ ⇧, så er det berre å taste i veg. Det er ikkje alle latinske skriftteikn som er dekte, men nokså mange av dei.

Siste versjon av oppsettet kan lastast ned her: Klikk her.

Fyrste versjonen av oppsettet laga eg i 2003, ni månader før Apple kom med sitt «Norsk utvidet». I Utvida norsk 2.3 er det 1125 ulike teikn og andre utputtar.

Denne versjonen av tastaturoppsettet har m.a. nokre mindre justeringar i plasseringa av visse teikn. Til dømes har stor ß (ser ut som ẞ, dersom du har ein font som støttar teiknet) vorte offisielt tillaten i tysk, og ligg lettare tilgjengeleg på tastane no enn i førre versjon av oppsettet.

Mellom dei 58 nye teikna i tastaturoppsettet finst m.a. nokre nye bokstavar, fleire pilsymbol, og ein kan taste komponentane i store parentesar, både runde parentesar, firkantparentesar og krullparentesar, og tilsvarande for sum-teiknet og integralteiknet. Til dømes for venstre rund parentes og for sum-teiknet: ⎛ ⎜ ⎝ ⎲ ⎳

Nokre av dei nye teikna som ikkje er bokstavar, men som eg sjølv bruker i mi eiga tasting til tider, er avhakingsteikn ✓, tommel opp 👍, peikefinger ☞ (desse to er mellom pilsymbola) og dei to teikna word joiner og zero-with non-joiner. Begge desse to siste teikna er usynlege, og sikkert uinteressante for dei fleste som sit attmed eit tastatur, men eg skal seie litt om dei fordi eg sjølv bruker dei av og til:

Teiknet word joiner held saman tekst på venstre og høgre side av seg. Personleg bruker eg dette teiknet for å hindre linebryting etter skråstrek eller bindestrek eller anna som har den eigenskapen. Dette er særleg aktuelt for meg dersom eg skriv lydskrift mellom skråstrek, t.d. /mɑːt/. Det innebygde tekstsystemet på Mac vil nemleg ved linebryting la det fyrste skråstreket stå att på den eine lina medan resten av transkripsjonen kjem på neste line. Macen veit jo ikkje at skråstreket i det tilfellet vert brukt i fagformalisme. For å hindre slik linebryting er det berre å stappe inn word joiner imellom. Det same kan vere aktuelt etter bindestrek t.d. når ein skriv ei frittståande bøyingsending som -er.

Det andre av desse to usynlege teikna, zero-width non-joiner har som effekt å halde to teikn frå kvarandre, t.d. om ein vil unngå ligaturar. Plassert mellom eit mellomrom og eit teikn som t.d. skråtrek vil det også sikre at når word joiner held skråstreket saman med teksten etter, så vil ikkje dette trekkje med seg føregåande ord til neste line.

Dette var berre litt i full fart om nokre nye saker i versjon 2.3. Eg blogga om versjon 2.1 av tastaturoppsettet for rundt ni år sidan, og fortalde meir den gongen om kva dette handlar om: Skriv mange språk.

Siste versjon av oppsettet kan lastast ned her: Klikk her.

Eg har planar om å oppdatere andre tastaturoppsett òg, særleg IPA-oppsettet (lydskrift), men eg torer ikkje å gje nokon tidsprognose akkurat no, for det er så mykje anna å hengje fingrane i. Eg håper eg får tid snart.

Read Full Post »