I lengre tid har eg flikka på ein ny versjon av IPA-tastaturoppsettet, og etter at eg fekk på plass ein ny versjon av Utvida norsk på føresommaren, har det gått radigare med IPA-oppsettet òg, og eg har fått prøvt ut nokre betaversjonar undervegs. No er versjon 2.2 her.
Tastaturoppsettet kan lastast ned her.
Oppsettet gjer at ein kan skrive IPA-lydskrift direkte på Mac-tastaturet. Ein kan sjølvsagt i staden bruke løysingar med teikntabellar og klikke på einskildteikn der, men nokre av oss som skriv mykje lydskrift når vi fyrst er i gong, kan synast det er greiare å bruke tastaturet. Til dømes kan ein få ʃ ved å trykkje ⇧S, eller ein kan finne ʂ på ⌥S. Oppsettet er tilpassa norske Mac-tastatur, slik at ein t.d. finn teiknet æ på nettopp Æ-tasten.

Med tasten ⇧ nede vert desse teikna tilgjengelege. Raude tastar er daudtastar, som ikkje lagar teikn direkte på eiga hand, t.d. tasten ^.
Dei veldig store endringane i IPA-oppsettet har det ikkje vore i 2.2, men litt er det. Lat meg nemne dei viktigaste. (Og hugs at ein treng fontar som støttar desse teikna for å kunne lese dei, så om noko ser rart ut, kan der vere derfor.)
Symbol med diakritiske teikn vert laga på dei same måtane i denne versjonen som i førre, anten teiknet er førehandskomponert i Unicode, slik som [ê] (trykk ^, som er ein såkalla daudtast, og deretter e), eller skal setjast saman der og då, som [æ̂], altså æ med kombinerande cirkumfleks (trykk æ, deretter ^, deretter det som til vanleg er anten apostroftasten eller «mindre enn»-tasten).
I IPA er det slik at dersom eit diakritisk teikn skal stå under eit bokstavteikn, men så har bokstaven underlengd, så kan det diakritiske teiknet i staden skrivast over bokstavteiknet: Ustemd [n̥] men ustemd [ɡ̊]. Støtta for slikt har vorte utvida litt i denne versjonen, m.a. for teikna «meir runda» og «mindre runda»: [y͗ y͑].
Det har òg kome til nokre ekstra parentesar i oppsettet, og dei ulike pilene og tonesymbola har vorte enklare tilgjengelege.
Det er lagt inn nokre ekstra extIPA-teikn for taleforstyrringar, t.d. Ⓕ for usikkert identifisert frikativ, oɡ nokre ekstra VoQS-teikn for stemmekvalitet, t.d. ꟿ for spasmodisk dysfoni. Og til detaljkontrollen på det typografiske planet er det lagt inn to teikn, word joiner og zero width non-joiner, som er nærare omtalte i bloggposten om nye Utvida norsk, og som òg sjølvsagt er nemnde i «read me»-fila.
Tastaturoppsettet kan lastast ned her.
For dei som ikkje alltid vil skrive IPA på tastaturet, men som gjerne klikkar i tabellar, kan eg tilrå IPA Palette, eller den OS-uavhengige nettressursen til Weston Ruter.
Ein gammal bloggpost av relevans: Lydskrift på Mac.
[…] Når eg vil skrive lydskrift, kan eg anten klikke på teiknstilen «ipa», eller eg kan trykkje ein tastatursnarveg som eg har definert direkte i stilarket. Då vert teiknstilen sett til «ipa», og denne teiknstilen inneber det fylgjande: Skrifta vert endra til ein lydskriftvennleg font som heiter Doulos SIL. Sidan denne fonten er litt meir knipen enn nokre av dei andre fontane eg bruker i brødtekst, har eg for dømet si skuld sperra ørlite med 2 twips (1 twip = 1/20 typografisk punkt). I denne teiknstilen har eg også spesifisert eit språk, som vil overstyre eventuelle språkval i avsnittsstilane. Språket her er det eigendefinerte «IPA». Det språket har eg definert i programinnstillingane slik at stavekontrollen vert slegen av (det er trass alt lydskrift), og samstundes skiftar tastaturoppsettet mitt til IPA-oppsettet. […]