Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2012

Vi leiger av og til film på CanalDigital GO, men så fungerte det plutseleg ikkje meir. Silverlight var installert, vi prøvde ulike nettlesarar, men ingenting fungerte. Trailerane fekk vi sjå, men ikkje den filmen vi hadde betalt for. Då stod det berre og spann på «Opening».

skjermbilete: opening

Så vi sende feilmelding om det, og prøvde i staden den tilsvarande tenesta hjå Telenor (Comoyo), men det fungerte ikkje der heller. Ikkje før Judith kom på at vi hadde jo begge fått oss ny Mac i det siste. Min gamle krasja plutseleg nokre månader i forvegen, og det var ikkje harddisken som gjekk, nei. Jøye meg for eit krasj det var. Sidan då hadde vi sett film på Judiths Mac, fordi eg ikkje hadde skaffa meg VGA- eller HDMI-overgang til min nye enno. Men så hadde ho nyleg fått seg ny Mac òg.

Så vi prøvde gamlemaskina hennar, som altså ikkje hadde krasja, men berre var sliten. Og sanneleg, då fekk vi sjå film.

Dette var eit mysterium. Canal Digital og Telenor hadde den same avspelingsløysinga, så det var vel ikkje så veldig overraskande at problemet var det same hjå begge to. Feilmelding vart send av garde også til selskap nr. 2: Alle innstillingar var identiske på den gamle og dei to nye maskinene som vi prøvde no, både på systemnivå og i nettlesarane. Det var også den same versjonen av både operativsystem, av nettlesar og av Silverlight. Og svaret (som kom frå Comoyo) då vi fortalde alt dette? Nei, at dette hadde dei aldri høyrt om før, så «da må du nesten sjekke innstillingene til mac og nettleser».

Vi forstod at vi måtte finne ut av dette på eiga hand.

Som sagt, så gjort. Og dette var det vi kom fram til:

Når ein kjøper ny Mac som skal erstatte den gamle, så pluggar ein den gamle (eller harddisken til den gamle, eller ein tryggingskopi av den gamle) inn i den nye under installeringa, og vips, så er alt overført, med innstillingar og programvare og alle dokument og heile greiene.

Og det var jo slik vi hadde gjort det. Eg hadde eit krasja hovudkort, men hadde plugga inn disken frå gamlemaskina og overført rubbel og bit. Judith hadde starta gamlemaskina si som ekstern disk (target mode) og plugga inn i nyemaskina. Eit litt gjennomtenkt Google-søk fann at folk hadde problem også med ein amerikansk videoleverandør som bruker Silverlight.

Løysinga er: Gå til /Library/Application Support/Microsoft/PlayReady og slett fila «mspr.hds». Og det er alt som skal til. Urøynd med å navigere på maskina? Gå til Finder og til menyen «Gå», vel «Gå til mappe…», og tast inn /Library/Application Support/Microsoft/PlayReady (pass på skråstrek også heilt i starten).

PlayReady-mappa

Det er DRM-systemet PlayReady i Silverlight som er problemet. Tydelegvis vert opphavsretten verna så godt at dersom Silverlight på ei bestemt datamaskin fyrst har registrert at ein har sett film på denne datamaskina, så er det denne bestemte datamaskina som gjeld. Å flytte DRM-fila til ei anna maskin (som ved overføring av diskinnhald ved nykjøp) fører dermed til at ein ikkje får sett film før ein slettar fila slik at Silverlight må lage ny. For Silverlight lagar ikkje ny fil sånn utan vidare når den gamle ikkje fungerer.

Kanskje Comoyo og Canal Digital skal få lenkja til denne bloggposten, for no har vi i alle fall funne ut av det.

Oppdatering 22.2.2012:
Comoyo las bloggposten, sende lenkja vidare til dei andre på kundeservice, og gav oss ein gratis film som takk for innsatsen. Eg har ikkje fått tilbakemelding frå Canal Digital enno om dei har lese bloggposten, men dei har refundert filmen vi ikkje fekk sett. Takk til begge!

Read Full Post »

Framtidsretta medisinutdanning

Foto av Snørrhovet

PR-sjef Bjarte-Leif Snørrhovet

Bløffsvik (Anonymt Telegrambyrå): Etter at Kunnskapsdepartementet nyleg innførte strategisk finansiering, har Universitetet i Bløffsvik vedteke å satse på ein meir tilpassingsdyktig profil i medisinutdanninga si, skreddarsydd for framtida.

Mellom anna vil undervisninga i dei fleste slags kirurgi heretter basere seg på placeboeffekten. Pasienten vil verte lagd i narkose og få eit enkelt snitt som ein deretter vil sy for å skape ei mest mogeleg realistisk oppleving. Ein konsulentanalyse frå firmaet !Uni1 understrekar at placebo kan ha ein effekt som kan jamførast med meir invasiv behandling, det er derfor ikkje naudsynt å bruke dyre inngrep i opplæringa.

Metoden «éin tablett for alt» vil òg verte innført på alle nivå, herunder etter kvart også som eit alternativ til kirurgi. Ei slik heilskapsløysing vil betre gjennomstrøyminga av studentar og dermed auke produksjonen av studiepoeng betrakteleg. Effekten skal styrkjast endå meir ved å bruke placebo også på studentane, som alle vil få toppkarakter.

– Det er dessutan populært med homøopati for tida. På bakgrunn av konsulentanalysen meiner vi det kan vere lønsamt å tilby undervisning som er i tråd med etterspurnaden i marknaden, uttaler ein entusiastisk PR-sjef Bjarte-Leif Snørrhovet i ein kommentar.

Kompetansen ved Det medisinske fakultet skal i tillegg haldast ved like og utviklast ved at dei fagleg tilsette vert brukte som konsulentar for forfattarar som skriv legeromanar. Dette vil vere ei meir formålstenleg utnytting av ressursane, då den eksterne finansieringa på denne måten vil verte vesentleg betre enn i dag. Med ei slik omlegging av aktivitetane ventar ein også å spare store utgifter som elles ville gått til lite berekraftige obduksjonar og elles til undervisning i lite populær terminologi og altfor detaljerte disiplinar som anatomi.

Bakgrunn

Kunnskapsdepartementet har i lengre tid arbeidt med effektivisering av sektoren.

Langsiktig planlegging er eit hovudprinsipp i dette arbeidet.

Det mest langsiktige tiltaket er omlegging av oppvarmingssystemet, som sidan 2003 har basert seg på eigenprodusert vassboren varme på 37 °C som vert kanalisert til slike tekstilar som omsluttar dei nedre ekstremitetane.

Den nye utdanningsprofilen vil dessutan rasjonalisere vurderinga av kompetente jobbsøkjarar i framtida, når dagens personale når pensjonsalder og må erstattast av sine gamle studentar.

– Alle desse omleggingane er både tidsriktige og framtidsretta, og ikkje minst svært heilskapsorienterte. Såleis er det eit overordna mål at denne strategien skal gjere studietilbodet vårt marknadsleiande og skaffe oss mykje prestisje, seier PR-sjefen til slutt.

På spørsmål om omleggingane svarer høgare utdanningsminister Skvette Gaasvand at ho ikkje vil leggje seg opp i utdanningspolitikk.

Read Full Post »

Ho tilbaud meg eit reisekort

– Är du VISA-kund? Ho spør meg på svensk. Sjølvsagt, dette er jo Gardermoen. Eg har nettopp drege kortet og kome gjennom til rulletrappa over perrongen som flytoget går frå. Avgang om to minutt.

– Ja, eg er VISA-kunde.

– Då ska du få ett reskort av mig, seier ho på svorsk, og fortel at då vil eg spare pengar. – Har du legitimation?

Ja, det har eg. Eg leiter instinktivt fram førarkortet og ser fram til å spare pengar på togreisa inn til Oslo sentrum, som den sunnmøringen eg er. Eg vert med bort til eit bord der det ikkje ligg rabattkupongar for togreisa men derimot ein liten bunke skjema med namn og fødselsnummer på, eller var det kontonummer?

– Eh, spør eg, kva er aberet her?

– Ingenting, seier ho, det är gratis när du redan har VISA, og du släpper många gebyrer, og så fortel ho vidare om korleis eg kan bruke reisekortet, og at eg kan velje mellom debetkort og kredittkort.

– Å, sa eg då eg hadde oppfatta kva ho altså eigentleg meinte med «reskort». I tankane mine var vi nemleg to meter innanfor sperrene til flytoget som straks hadde avgang, og eg var på reise og hadde nettopp betalt for meg. I hennar tankar var vi på ein VISA-stand.

– Eg skal ikkje ha fleire kort av det slaget no, nei.

– Då måste du ha en god dag!

Read Full Post »