Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2011

Moro hjå tannlækjaren

Eg var hjå tannlækjaren i eit ærend, der eg av ymse grunnar bad om ei litt spesiell bedøving. Denne førespurnaden førde til ein nokså heftig dose med eit stoff som i seg sjølv er litt heftig. Ein ikkje heilt uventa bieffekt var at eg miste kontroll over overlippa mi i nokre timar.

Før det komande avsnittet skal eg fyrst nemne for dei uinnvigde at teiknet [β] (stemd bilabial frikativ) er «ein slags v», medan [ɸ] (ustemd bilabial frikativ) er «ein slags f». Vokalar med tilde over er nasalerte, og vitnar om ein m som av og til forsvann for meg. (Transkripsjonen er ikkje i ekte lydskrift, og alt er veldig unøyaktig, men eg bruker altså eit par spesialteikn.)

For då eg vart spurd om det gjekk bra med meg der i stolen, så byrja eg berre å le då eg høyrde meg sjølv: «Ja då, her går det βerre βra. Heh. Dette var worsõt. Ha ha ha! Er det facialis so’ har fått seg ein sɸrut, eller? Hææææhææææ, eg har ɸroβlem med βilaβialane, men eg skal greie å finne fraã til komɸensatorisk artikulasjon ɸå ein eller annan måte. Haha!»

Og kompensatorisk artikulasjon fann eg. Dette var berre kort tid etter at ein kollega hadde sagt på førelesing at labiodentale plosivar ikkje finst, men labiodentalt artikulerte eg, og det gjekk mykje betre enn det bilabiale. Dessverre fekk eg ikkje tid til å øve meg skikkeleg før bedøvinga gjekk ut.

Den store erfaringa her er at når eg lagar bilabiale lydar, så spenner eg overlippa og fører henne både nedover og bak mot tennene (tilsvarande også for underlippa). Når eg laga bilabial nasal [m] med bedøving innanbords, gjekk det av og til på eit vis, for der kom lufta ut gjennom nasen. Men bilabiale plosivar [p, b] vart veldig vanskelege å få til. Der vert det jo eit nauta lufttrykk i munnhola, og når den eine lippa ikkje ville la seg spenne, så vart det i beste fall ein mykje «mjukare» lyd enn eg har til vanleg (altså meir fremre: lippene vart pressa framover av lufttrykket), men stort sett lak lufta berre kontinuerleg ut, slik at det vart frikativar i staden, til og med nokre approksimantar.

Og sjølvsagt måtte eg dokumentere det. Her er videoen.

For ordens skuld, det eg prøvde å seie var: «Akkurat no er overlippa mi bedøvd. Det fører til at eg har problem med å lage bilabiale plosivar, og litt problem med bilabial nasal. Med sånne problem så prøver eg å bruke labiodental artikulasjon i staden.»

Read Full Post »

– Det er verre enn som så

Det er herleg med folk som seier det som det er. Dette er ein kveld for ikkje så lenge sidan. Haugevis av elevar frå vidaregåande skular kjem til eit stort arrangement der fagfolket står på stand og gjer seg lekre for ungdommen. Ved språkforskarstanden nyttar den eine eleven høvet og vender seg til ein av studentane våre. Eg høyrer berre svaret:

– Spør han der.

Så han snur seg mot meg og spør:

– Kan du nynorsk?
– Ja. (Tenkjer: Det er ikkje faget mitt, men eg hjelper gjerne.)
– Kan du skrive en nynorsktekst for meg?
– Eh, er det lekser? Eg kan ikkje hjelpe deg med å jukse, veit du.
– Lekser, nei?! Det er verre enn som så. Det er tentamen!

Read Full Post »