Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2010

På ville vegar

Christina Stürmer syng ein tekst (av Jasmin Wagner, med melodi av Maya Singh) som går slik. Eg sløyfar teiknsetjinga her, ettersom det ikkje finst teiknsetjing i talespråket:

Denn es spielt ein Orchester in mir wenn ich dich nur seh’ sind da tausend Melodien.

Kuttar vi ut versemålet, kan teksten svare til dette på norsk, framleis utan teiknsetjing:

For det speler eit orkester i meg når eg berre ser deg er der tusen melodiar.

Fyrst kan ein kome til å tru at leddsetninga «wenn ich dich nur seh’» (når eg berre ser deg) er adverbial i det som sitatet startar med: «Denn es spielt ein Orchester in mir, wenn ich dich nur seh’» (For det speler eit orkester i meg når eg berre ser deg). Men så skjønar ein at dette slett ikkje kan stemme, for teksten må forståast slik:

Denn es spielt ein Orchester in mir.
Wenn ich dich nur seh’, sind da tausend Melodien.

For det speler eit orkester i meg.
Når eg berre ser deg, er der tusen melodiar.

Greitt, det er ein liten pause mellom dei to setningane, men dette kunne jo like gjerne vere pga. musikken.

Same kva, sitatet over kan sjølvsagt ikkje måle seg med det ein finn i denne Wikipedia-artikkelen.

Fyrste gongen eg høyrde Christina Stürmer, var på ein radiokanal som vart brukt som bakgrunnsmusikk på toalettet på ein McDonalds i Wien i 2008, med songen Engel fliegen einsam.

Read Full Post »

I samband med hundreårsjubileet til ein stor del av Gløshaugen i september kom det ut eit historieverk om dei og oss alle. Dette er altså ikkje eit debattinnlegg (til slikt har ein pamflettar og bloggar), men ein solid murstein av ei bok, skriven av historikarar. Boka vart lansert i inkluderande jubileumsrus med ein «strek over stridigheter». Ja, bortsett frå eit rituelt og etter kvart lite originalt spark, bortgøymt langt nede i saka i Universitetsavisa:

Setter strek over stridigheter
Konklusjonen er klar: NTNU er en vellykket fusjon.
– De som fremdeles lengter tilbake til tiden før 1995 vil nok være uenig med oss, sier Brandt.

Men når sant skal seiast, kjenner eg ingen som passar til denne karakteristikken og som ynskjer seg tilbake til fortida. Eg kjenner til fleire som veit at det skjedde urettar i 1995, og som ikkje vil sementere desse, men som ynskjer ei betre framtid enn status quo, men det er jo framover i tid, ikkje bakover.

Jau, det er klart, det er jo ikkje like mykje schwung over «de som vil ha en bedre framtid, vil nok være uenige med oss». Som spark kunne det til og med ha vorte oppfatta som eit heller mislukka døme på at ein i namnet åt suksessen «setter strek over stridigheter».

Lesarar som er heldige å vere unge, treng kanskje eit lite resymé av tider som var:

Universitetet i Trondheim (UNIT), grunnlagt 1968, var sett saman av Noregs tekniske høgskole (NTH), Den allmennvitskaplege høgskolen (pr. 1995 med dei fleste studentane, namnet AVH sidan 1984), Det medisinske fakultet og Vitskapsmuseet. I 1995 skulle det kome ei ny lov for høgare utdanning, høgskulenivåa skulle kome til å forsvinne frå UNIT (til sorg særleg for varemerket NTH), og i denne samanhengen var det nokre politikarar som, etter innspel frå rektoren vår, fann ut at UNIT også skulle få eit nytt og misvisande namn (til sorg for dei miljøa som ikkje er teknisk-naturvitskaplege). Som stortingsrepresentant Marit Nybakk sa det i Odelstinget 21.3.1995 (mi utheving):

Vi er i flertallet naturligvis helt klar over at Universitetet i Trondheim har ulike utdanningstradisjoner og fagkulturer – det skulle bare mangle. Å heve universitetets standard til et teknisk-naturvitenskapelig universitet vil ikke erstatte disse kulturene.

Og dermed vart NTNU skipa til store protestar frå dei fleste studentar og tilsette på alle campusar, men til applaus frå rektor og nokre andre i maktposisjonar. I ein artikkel i tidsskriftet Agora oppsummerte Olav Gundersen prosessen slik:

Mellom den offisielle presentasjonen av forslaget om å omdanne Universitetet i Trondheim til Teknisk universitet og tidspunktet for vedtak i Stortinget var det 4 dager inkludert helga. Gjennom 9 måneder hadde man utredet saken uten at denne løsningen så mye som var nevnt (hvis det da ikke var i hemmelighet). Vi hadde fire dager og ingen representative kanaler å nå fram gjennom. Her var hverken tid eller vilje til å høre den jevne universitetsbrukers mening.

Men tilbake til historieverket som vart lansert no i september. På s. 430–431 kan ein lese dette:

Mest forarget av alle var kanskje hovedfagsstudent ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Jardar Eggesbø Abrahamsen. Så sent som 16. mars gikk det opp for ham at NTNU-forslaget lå på bordet. Det gjorde ham så fortørnet at han satte i gang en studentkomité som arrangerte protestaksjoner. En stor del av opphisselsen rettet seg mot UNIT-rektor Karsten Jakobsen, som hadde uttalt seg positivt til NTNU-forslaget. Studentene okkuperte Jakobsens kontor i protest, uten at det hjalp særlig.

Dette er nok ikkje heilt korrekt. Ha no tolmod, det tek meir plass å presisere noko enn å tabloidisere det. Og forstå meg rett, eg vil ikkje ta føre meg korleis fortida vert tolka, berre sjølve saksopplysningane:

For det fyrste: Her ser det ut som om studentkomiteen gjekk rundt og berre dreiv med protestaksjonar. Dette er sjølvsagt feil. Arbeidet i studentkomiteen desse marsdagane handla mykje om å informere studentane om det som skjedde, og om å snakke med politikarar. Vi samarbeidde også tett med aksjonsgruppa til dei tilsette. Dei reine aksjonane våre desse dagane var avgrensa til streikevaktassistanse for dei tilsette og eit demonstrasjonstog for studentar og tilsette (herunder ein liten avleggjar til rektors kontor).

For det andre: Historieverket skriv at eg «satte i gang» studentkomiteen. Også dette er feil. Eg vart med, men sette ikkje i gang. Vi var ein gjeng studentar som møttest meir eller mindre tilfeldig på kantina, og som fann ut at når ingen andre gjorde noko, så måtte vi ta saka i eigne hender. Både det store allmøtet på Dragvoll og det seinare mistillitsframlegget mot studentpolitikarane tyder på at denne vurderinga var korrekt. Men ingen einskildperson «satte i gang» studentkomiteen, som ikkje eingong hadde nokon leiar.

Faksimile, Adressa 18.3.1995.

For det tredje: Historieverket gjev inntrykk av at studentane okkuperte rektors kontor for å få han til å snu eller noko, jf. «uten at det hjalp særlig». Dette er nok også misvisande. Sant er sjølvsagt at eit «stort flertall blant ansatte og instituttstyrere på AVH har ikke lenger tillit til universitetsrektor» (Adressa 18.3.1995), at studentane følte det same, og at ja, nokre representantar for studentane braut ut frå demonstrasjonstoget 20. mars for å okkupere kontoret til «NTNUs far» i 45 minutt. Stemninga var god og venskapleg, rektor fekk til og med eit eple, men ingen var så naiv å tru at han kunne overtalast til noko. Dette var eit mediestunt, førehandsvarsla med pressemelding, som eit lite bidrag til å få formidla til ålmenta at ikkje alt var så roseraudt i Trondheim som Stortinget såg ut til å tru. Då massemedia troppa opp, var føremålet oppnådd. Det kan mistenkjast at dette og andre tiltak frå studentar og tilsette var velvalde: Jon Lilletun, som hadde ei viktig rolle i denne saka, fortalde 6. august 1995 at han hadde vorte overtydd nettopp av rektor, og hadde vore sjokkert over grasrotreaksjonane.

Kapittelforfattaren har ikkje intervjua folk som var med i studentkomiteen, om arbeidet til studentkomiteen, men viser til boka mi, «uten at det hjalp særlig», for å seie det sånn. Dette var tilfeldigvis nokre bagatellmessige punkt i historieverket, der eg sjølv kunne sjå at det var feil eller misvisande, og det er sikkert greitt nok (men når det er så mykje feil og misvisande i eit så lite avsnitt, kor mykje anna er då like feil eller misvisande?).

Studentar og tilsette streika 21.3.1995.
Foto © Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Fleire har kommentert til meg at framstellingsforma i historieverket er prega av personlege haldningar. For akkurat dette avsnittet nemnde den eine særleg personkarakteristikkane «mest forarget av alle», «han ble så fortørnet» og «så sent som 16. mars gikk det opp for ham» som utanfor saka. Ein annan var meir oppteken av samspelet mellom framstellingsform og faktafeil.

Ja, det er sikkert mykje i framstellingsforma som kan analyserast, men det ligg milevis utanfor min fagkompetanse, og det ville berre vere ei avsporing om eg prøvde å sjå nærare på det. Når det derimot gjeld «så sent som 16. mars gikk det opp for ham» (altså at eg er treg i oppfatninga), så kan det i alle fall utdjupast med ein sakskommentar i mimremodus (sjølv om det meste allereie står i boka som historieverket refererer til). Utdjupinga er at eg på den tida var veldig oppteken av hovudoppgåva mi (tilsvarer ca. masteravhandling i dag), og arbeidde natt og dag, relativt isolert frå omverda. Eg las nesten ikkje aviser i den innspurten (men eg las NTB via nettet), og akkurat desse dagane fram mot 16. mars var det også mykje anna som ramla uventa inn i livet mitt. Eg kan ikkje sjå at dette har vorte referert i historieverket, men den utvalde opplysninga om datoen 16. mars har dei i alle fall funne grunn til å referere.

Torsdag 16. mars var forresten då NTNU-reforma vart konkretisert gjennom eit faktisk saksdokument, tilgjengeleg for oss i Trondheim neste dag. Over helga fekk også stortingspolitikarane saksdokumenta, slik at Odelstinget kunne vedta NTNU tysdag kveld.

Djupedal karakteriserte prosessen bak NTNUs tilblivelse som et «statskupp». Et nytt universitet ble skapt på få uker i Stortinget, uten departementets medvirkning og uten noen form for høring eller utredning.

Faksimile, Adressa 15.9.2010

Men kva meiner eg om 1995, då? Meiner eg ikkje at det var ille, kanskje? Jau då. Eg kan ramse opp mykje som var ille i 1995, godt nok dokumentert i boka som kom to år seinare. Mellom mykje anna var det ille at saksgangen var av slik art at den sentrale aktøren Øystein Djupedal, etter eiga utsegn framleis svært stolt av vedtaket, i ettertid karakteriserer det som eit statskupp (Adresseavisen 15. september 2010 s. 9). Stortingsvedtaket 28. mars gjekk m.a. ut på at regjeringa, dvs. eit utval, måtte finne ut kva stortingsvedtaket den 28. mars eigentleg hadde gått ut på. Eg skal heller ikkje låst som det var uinteressant å etterprøve det som dette utvalet påstod om høyringsfråsegnene dei fekk inn (lenkja til s. 81 fungerer visst litt dårleg i somme Safari-versjonar).

Men eg gjorde meg altså ferdig med mitt vesle bidrag til å ta eit oppgjer med fortida i den nemnde pamfletten. Så for å oppklare nokre mistydingar som har ramla inn for eiga maskin med ujamne mellomrom dei siste femten åra:

Eg er glad i arbeidsplassen min. Eg har gode kollegaer og oppegåande studentar, og dei teknisk-administrativt tilsette er imøtekomande og hjelpsame. Som fagfolk flest identifiserer eg meg sjølvsagt primært med mitt eige fagmiljø, men eg får stendig stadfest inntrykket mitt av fagfolk frå alle delar av institusjonen som vidsynte menneske som synest at alle fagområde bør ha gode vilkår. Vert det flåsete å seie at eg har vener med NTH-ring på fingeren?

Dette tyder sjølvsagt ikkje at vi på grunn av eitt eller anna tabu må sitje fast i fortidas politiske hastverksvisjonar for all framtid. Det er trist at det å nemne t.d. visse historiske bokstavkombinasjonar eller ei framtid som bryt med 1995, kan hauste personåtak og avsporingar (sjå t.d. nokre av lesarkommentarane i denne saka i Under Dusken).

Og hundreårsjubileet? Klart det er lurt frå eit marknadsføringsperspektiv å bruke jubileet som PR-kampanje for universitetet som heilskap. Å byggje eit varemerke er dessutan eit kollektivt prosjekt som er avhengig av at alle miljøa føler seg inkluderte og verdfulle. (Dette medfører ikkje naudsynleg at ulike fagmiljø må feire kvarandre – i den grad dei føler at det er kvarandre dei feirar. I det kollektive prosjektet er det heller element i kvardagen som er viktigast.) Om NTH-jubileet meiner eg elles at det var fint for kakemonsar som meg at Studentsamskipnaden spanderte gratis kake på alle, også på oss som ikkje høyrer til siv.ing.-miljøet. Håper dette gjentek seg når universitetet fyller 50 år i 2018, og når dei frie faga («universitetsfaga») fyller 100 i 2022. Det finst alltid ei unnskyldning for å ete kake.

Read Full Post »

Ordet som ikkje mangla

Med ujamne mellomrom dukkar det opp utsegner baserte på formelen «språk X har ikkje noko ord for Y». Denne gongen er det VG som melder:

– I Kina har de ikke en gang et eget ord for meg. De tenker hele tiden relatert til andre mennesker.

Eg veit ikkje om intervjuobjektet er korrekt referert. Det kan òg vere at intervjuobjektet ikkje har meint dette bokstavleg. Men slik det står i avisa, inviterer det til nokre kommentarar.

Den fyrste er «i Kina». Har dei ikkje noko ord for «meg» i Kina? Intervjuobjektet er norskspråkleg og skal no bu i Kina i eit år, og eg veit at han ikkje er den einaste norskspråklege der. Då har dei til og med sjølve ordet «meg» i Kina. Det som sjølvsagt er meint, er «i kinesisk» (truleg mandarin), for det er skilnad på land og språk. Ethnologue fører opp 292 levande språk som er heimehøyrande i Kina.

Men om det no er «i kinesisk» dei ikkje har noko ord for «meg», så er det sjølvsagt feil, det òg. Mandarin har ordet «wǒ». Dette ordet kan omsetjast til norsk med både «eg» og «meg», alt etter samanhengen.

Til slutt har vi sjølve formelen og måten denne er brukt på. Det vert oppretta ei kopling mellom tankesett/skikkar (ikkje-egosentrisitet) og grammatikk (det morfosyntaktiske trekket «1. person», ordet for «eg/meg»). Ja vel. Lat meg prøve, eg òg: I norsk tale- og skriftspråk skil ein ikkje mellom inklusivt «vi» (eg og dykk som eg snakkar med) og eksklusivt «vi» (eg og dei andre). Det gjer derimot norsk teiknspråk og mandarin. Dette impliserer at…?

Read Full Post »