Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2020

Automattelefon 8. mai 1980

sveivetelefon

Sveivetelefon av same type som vi hadde.
Foto: Beate Heide • Lisens: CC BY-SA

For 40 år sidan i dag vart Fosnavåg telefonstasjon lagd ned saman med dei tilsvarande stasjonane andre stader i Herøy, vi vart kopla til fjernvalnettet, og den svarte sveivetelefonen vår vart skifta ut med det vi kalla automattelefon. No kunne vi ringje direkte til rett nummer på eiga hand, ved å stikke fingeren ned i nummerhòla på ei talskive og vri på denne, utan å gå via sentralbord.

Ei stund i forvegen hadde det vore ein mann inne hjå oss og montert ny og grå telefonkontakt i veggen, rund og med tre hòl, attmed den gamle, svarte, firkanta med seks hòl. Eg var tilfeldigvis heime åleine akkurat dei minutta då dét skjedde. Og på eitt eller anna tidspunkt – med atterhald om at eg hugsar rett tid og høve – var eg og lisjebror Gard med pappa inn på ei slags omreisande telefonutstilling, og der såg vi også den telefonen vi skulle ha heime, og som vi tidlegare hadde sett i massemedia.

telefonapparat med dreibar nummerskive

Automattelefon av den typen som vi hadde.
Foto: Ola Nordal • Lisens: CC BY SA 3.0
Farge- og nivåjustert av JEA.

Og denne ettermiddagen, torsdag den 8. mai 1980, sat eg ved telefonbordet og lytta etter summetonen, for eg ville høyre han frå den augneblinken han kom til oss. Dessverre høyrde eg berre klikking og inkje. Ikkje før eg gav opp, la på røyret, og lyfta det opp att, kom summetonen. Men eg var i alle fall den fyrste i familien som høyrde summetonen, då. Og kanskje den einaste i området som høyrde at noko vart kopla om. Klokka var 16 då omkoplinga skjedde.

Om denne nyfikna mi på noko vis har ført til kluss nokon stad i den nye sentralen, må eg berre be om orsaking. Men eg var altså berre ti år gammal. Hugsar eg ikkje heilt feil, var andre delar av samfunnet ute i verda opptekne av at Tito vart gravlagd den dagen.

Read Full Post »