Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2012

Turrfisk

eit turrfiskstykkeTurrfisk er flott,
turrfisk er godt,
turrfisk er nydeleg, smeikjande rått!
Turrfisk er sunt,
turrfisk gjer stunt,
turrfisk gjeng dansande, hoppande rundt!

Gjeve då Gud
fisk utan hud,
fisk som er turr og litt hard i sitt skrud,
slik at me kan
få oss ein sann
turrfisk å leggja mot mennesektann!

Jardar Eggesbø Abrahamsen © 2000


Eg hadde dette på prent i Adressa for ei tolv års tid sidan. Nokre dagar seinare låg det plutseleg ein konvolutt i postkassa, ein lesar hadde kvittert med 30 gram av favoritt-turrfisken min: ferdigbanka, skinnfri islandsk hyse, eg trur eksemplaret var frå Vestfirska harðfisksalan. I seinare tider er det hyse frå Gullfiskur som har overteke ganen min. Og dei kan levere større ting enn småpakkar, om ein spør på den rette måten.

Men ikkje for å hinte. Eg trur fru Judith vil vere glad om ikkje nokon tek det som eit hint.

Read Full Post »

«Alle» snakkar om forskingsbasert undervisning, og nokre av dei meiner det òg. Forskingsbasert undervisning handlar kort sagt om (med litt varierande presisjonsnivå) at det er viktig å ha fagleg oppdatert undervisning i regi av folk som veit kva dei snakkar om. Det skulle berre mangle. Men dette går begge vegar, og det som er mindre omtalt, er den samanhengen som eg vil kalle undervisningsbasert forsking. La meg fortelje litt om dette.

Eg gjer merksam på at eg vil fokusere på rolla til studentane og studietilboda her, nettopp fordi eg vil snakke om undervisningsbasert forsking under dei vilkåra at dei vitskapleg tilsette skal både forske og undervise. Sjølvsagt speler også fagfellesskap mellom kollegaer ei viktig rolle, men ikkje i denne bloggposten.

Det openberre

BøkerMen altså, undervisningsbasert forsking. Og fyrst det heilt openberre: Det ein skal forklare for nokon, lærer ein også betre sjølv. Å formidle faget til studentar som skal lære seg å handtere det, gjev ein eigen nærkontakt med faget.

For alle med eit ærleg forhold til jobben sin veit også at det ein driv på med på fulltid, kan ein betre enn det ein ikkje driv på med på fulltid, så det er fint å kunne undervise i det faget som ein også forskar i, når ein fyrst skal gjere begge delar. Det vert enklare både å halde seg oppdatert og å halde eit kontinuerleg fagleg fokus. Og heilt banalt, kor ofte har eg vel ikkje fått spørsmål frå ein kollega og har svart «veit du, dette snakka vi litt om på ei førelesing sist veke»?

Så her er litt meir av det openberre: Ofte nok kan jo studentar vere mellom dei som ligg nærast å ha eit disiplinspesifikt fagdrøs med på detaljnivå i dagleglivet. Som til dømes, for å nemne nokre kvardagshendingar, då vi gjekk gjennom ein artikkel om tonar og fekk ei fin detaljdrøfting av register i tonal trekkgeometri. Eller då ein student hadde prinsipielle atterhald om Align-krav i OT, og vi fekk diskutert eit viktig «pass på her»-moment. Slikt og mykje anna, også på korridoren, er sånne småting som gjer kvardagen rikare.

Å rettleie meir sjølvstendig arbeid (t.d. masterstudentar) gjer sjølvsagt godt for sjela på sin eigen og meir systematiske måte, og kan vere lærerikt på meir enn eitt vis.

Meir nærgåande

Av og til kan ein til og med verte fagleg inspirert av samtalen med studentane. Sjølvsagt også i diskusjonar og rettleiing som over, men ikkje berre der.

Studentar kan nemleg finne på å stille spørsmål om slikt ein ikkje har tenkt på før, som då ein student kom på døra med eit lite spørsmål som resulterte i ei heil lita førelesing nokre veker seinare. Eg vil ikkje røpe her kva dette handla om, men kan nemne at då eg stilte det same tilsynelatande elementære spørsmålet til ein kollega med nærliggjande fagområde, vart han ståande og måpe. Eg var ikkje like mållaus, men svaret var større enn spørsmålet, ja.

Også når ein sit med ein ny idé (eller med ein meir gjennomarbeidd ein), kan studentar vere kritiske samtalepartnarar, då tenkjer eg på spontane samtalar i nærmiljøet. «Det er mange som bruker studentane som sparringpartnerar,» var det ein som uttrykte det på jobben. Og dette er ikkje rart. Der kollegaer, sjølv med delvis overlappande fagområde, har ulikt fokus, vil studentane dine ofte kunne forstå momentant kva du snakkar om. Dette og mykje anna er sjølvsagt spesielt verdfullt for dei som har få direkte fagfellar på arbeidsplassen.

Eit døme som kombinerer litt av det eg har nemnt hittil: Den siste tida har eg innimellom alt det andre sete og fordjupa meg i nokre fenomen som allereie er utførleg skildra på sin meir klassiske måte m.a. for eit bestemt språk. Men eg vil nærme meg materien på ein noko meir oppdatert måte. Dei meir allmenne artiklane eg har i botnen då (dei tek føre seg fenomena, ikkje dette bestemte språket), hadde eg frå før, men då dei vart aktuelle for eit masterkurs, fekk eg eit kjærkome høve til å lese dei på ein ny måte og diskutere innhaldet i detalj med studentane. Forresten ville desse tekstane aldri ha banka på døra på den måten på eit anna fag, ikkje eingong på faget som handlar om det aktuelle språket, pga. omsynet til fagleg eigenart. Delar av analysen min har eg òg fortalt til studentar undervegs, ikkje nokon av mine gode kollegaer på korridoren ville ha forstått dei aktuelle detaljane. Heilt udramatisk, slik er det berre.

Direkte medverknad

Vi trong ein assistent

Kan det verte betre enn dette? Ja, det kan det. For i det siste har vi arbeidt med eit pilotprosjekt på jobben, vi held på med slikt som ein kan forske på i eit laboratorium, og som på sikt kan vere med på å danne grunnlag for nokså nyttige saker, sjølv om det på dagens stadium er grunnforsking innanfor spesialiserte fagområde som verda aldri vil trenge mange utøvarar av.

Då trong vi ein assistent til å gjere kompetent arbeid for oss. For ein stor del rutinearbeid, men tidkrevjande og med trong for kompetent fagleg refleksjon undervegs. Kvar fann vi denne assistenten? Jau, vi fann ein student som hadde kvalifisert seg ved å studere dei aktuelle faga, som dermed ikkje berre kunne arbeide sjølvstendig, men som også kunne delta i dei faglege diskusjonane, som etterpå var med på den internasjonale konferansen der vi la fram forskingsresultata, og som endeleg også er å rekne som medforfattar.

Tilfellet er langt frå eineståande. Og kvar i all verda skulle vi ha funne slike assistentar om det ikkje var for at vi faktisk utdanna slike folk? Studentar er viktige på mange måtar, også direkte i forskinga.

Del av infrastrukturen

Og dermed til slutt noko heilt sjølvsagt igjen: Studentar vert ikkje berre assistentar. Også våre framtidige kollegaer vert rekrutterte mellom dei som i dag studerer. Studentar i det aktuelle faget er dermed naudsynte for å føre faget og forskinga inn i framtida. Det er så sjølvsagt at det nesten er flautt å trenge å seie det.

Forsking skal liggje til grunn for undervisninga, og undervisninga skal vere eit gode for studentane. Men i dette samspelet har studentane også noko å bidra med tilbake, både i forsking, i fagleg kontinuitet og i individuell fagleg utvikling for den fagtilsette, anten studentane veit det sjølve eller ikkje.

For meg er studentane ein del av den faglege infrastrukturen på arbeidsplassen. Og då har eg ikkje eingong vore inne på kor viktige dei er for trivselen der.

_____
Relatert:
Kvifor det unyttige er nyttigLingvistikkÅ verte føreslegen nedlagdFramtidsretta medisinutdanning

Read Full Post »