Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2013

(Dette er ein ørlite lengre versjon av dagens bloggpost på Språkkalenderen.)

* * *

hustak i Helsinki

Helsinki

Det står i pensumlitteratur og grammatikkbøker her og der, og sjølvsagt også i kursmateriell for framandspråklege som skal lære seg norsk: I norsk landar trykket på den fyrste stavinga i ordet, slik som i hane. Og så finst det nokre andre slags ord, særleg lånord, der trykket kan lande andre stader. Døme på dette kan vere universitet, banan og katakombe, medan sofa og konto fylgjer det norske mønsteret. (Her ser eg bort frå dialektar med bannan-uttale, og eg skal halde meg til usamansette og ubøygde ord.)

Men saka er at dei fleste ord i norsk kan skildrast slik (dette er ei kort og noko forenklande oppsummering av dei meir nyanserte arbeida til Gjert Kristofferen og Curt Rice): Trykket landar til vanleg på den siste eller nest siste stavinga, avhengig av om den siste stavinga sluttar på konsonant eller vokal.

Unntak finst sjølvsagt, men tendensen er likevel så sterk at sjølv om Helsinki vert uttalt med trykk på den fyrste stavinga i finsk, så er det vanleg å leggje trykket på den nest siste stavinga når ordet vert uttalt på norsk (dømet er lånt frå Gjert Kristoffersen). Det same fenomenet finn vi i det russiske lånordet babusjka (bestemor). Sjølv voks eg opp og trudde at H.C. Andersen var frå Odense med trykk på den, og eg var ikkje den einaste. Og kvifor diskuterer folk korleis dei skal uttale oregano (trykk på re eller på ga) om det ikkje fanst ein konflikt mellom lågjevande språk og det norske systemet? Den tida eg var student i Volda, var det forresten mang ein medstudent med bokmålsbakgrunn som ikkje tenkte momentant på at «langope» på skiltet utanfor butikken var eit samansett ord, men trudde det var namnet på ei merkeleg matvare. Giss éin gong kvar dei la trykket.

Det er sjølvsagt ikkje feil at hane har trykket på den fyrste stavinga og universitet på den femte stavinga. Men det vert litt som å seie at bilen ligg éin meter frå venstre vegkant på smale vegar og fire meter frå venstre vegkant på breie vegar, i staden for å seie at vi har høgrekøyring.

Tilnærminga med «trykk på fyrste staving, men lånord er annleis» heng saman med ein eldre analysetradisjon. Dagens meir einskaplege generaliseringar såg dagens lys så seint som rundt år 2000. Framstellinga her i denne bloggposten er sjølvsagt noko forenkla.

Read Full Post »