Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘satire’

Dialog

Direktøren: Vi har teke ungane frå nokre foreldre og sett dei i eit fangehòl, og så tvingar vi ungane til å produsere gode produkt for oss, slik at vi får pengar på kontoen.

Høgsterett: Dette er ikkje lov. Det er jamvel i strid med menneskerettane.

Direktøren: Ja, då må vi få nokre avbøtande tiltak, då. Kanskje vi kan sende foreldra på tivoli og gi dei noko godt å drikke. Vi kan jo ikkje gi frå oss ungane.

Foreldra: Vi vil ha tilbake ungane våre.

Direktøren: Men tenk på alt vi har investert her, med topp moderne fangehòl og fin veg. Det vert jo svindyrt å kvitte oss med det.

Foreldra: Vi vil ha tilbake ungane våre.

Direktøren: Men tenk på kostnadene! Og tenk på pengane vi tener på dette, som går tilbake til samfunnet, og alle dei fine produkta som folk treng! Utan borna går ikkje dette! Tenk kor mykje samfunnet taper dersom vi gir frå oss ungane! Alt kjem til å verte dyrare! Foreldra er nokre store egoistar!

Foreldra: Menneskerettar er ikkje valfrie.

Direktøren: Men høgsterett sa ikkje at vi skulle sleppe ungane fri.

Stasdirektøren: Send foreldra på tivoli, du. Vi må ta dette i rett rekkjefylgje, veit du.

Direktøren: Ja, for no treng vi eit kunnskapsgrunnlag som sikrar at vi får behalde ungane. Noko anna ville vere uansvarleg. Dette er ei vanskeleg avveging, tenk på pengane og på det ansvaret vi har. Og dessutan er vedtaket om å etablere fangehòlet gyldig så det syng etter.

Foreldra: No set vi oss ned framfor kontoret ditt heilt til du byrjar å oppføre deg.

Politimannen: Nei veit du kva. Det er ikkje lov å setje seg ned framfor kontoret hans, så no har vektaren hans bede oss om å flytte dykk, så då flyttar vi dykk, det har vi både rett og plikt til. Det vert solide bøter for dykk som sit, ja!

Read Full Post »

Framtidsretta medisinutdanning

Foto av Snørrhovet

PR-sjef Bjarte-Leif Snørrhovet

Bløffsvik (Anonymt Telegrambyrå): Etter at Kunnskapsdepartementet nyleg innførte strategisk finansiering, har Universitetet i Bløffsvik vedteke å satse på ein meir tilpassingsdyktig profil i medisinutdanninga si, skreddarsydd for framtida.

Mellom anna vil undervisninga i dei fleste slags kirurgi heretter basere seg på placeboeffekten. Pasienten vil verte lagd i narkose og få eit enkelt snitt som ein deretter vil sy for å skape ei mest mogeleg realistisk oppleving. Ein konsulentanalyse frå firmaet !Uni1 understrekar at placebo kan ha ein effekt som kan jamførast med meir invasiv behandling, det er derfor ikkje naudsynt å bruke dyre inngrep i opplæringa.

Metoden «éin tablett for alt» vil òg verte innført på alle nivå, herunder etter kvart også som eit alternativ til kirurgi. Ei slik heilskapsløysing vil betre gjennomstrøyminga av studentar og dermed auke produksjonen av studiepoeng betrakteleg. Effekten skal styrkjast endå meir ved å bruke placebo også på studentane, som alle vil få toppkarakter.

– Det er dessutan populært med homøopati for tida. På bakgrunn av konsulentanalysen meiner vi det kan vere lønsamt å tilby undervisning som er i tråd med etterspurnaden i marknaden, uttaler ein entusiastisk PR-sjef Bjarte-Leif Snørrhovet i ein kommentar.

Kompetansen ved Det medisinske fakultet skal i tillegg haldast ved like og utviklast ved at dei fagleg tilsette vert brukte som konsulentar for forfattarar som skriv legeromanar. Dette vil vere ei meir formålstenleg utnytting av ressursane, då den eksterne finansieringa på denne måten vil verte vesentleg betre enn i dag. Med ei slik omlegging av aktivitetane ventar ein også å spare store utgifter som elles ville gått til lite berekraftige obduksjonar og elles til undervisning i lite populær terminologi og altfor detaljerte disiplinar som anatomi.

Bakgrunn

Kunnskapsdepartementet har i lengre tid arbeidt med effektivisering av sektoren.

Langsiktig planlegging er eit hovudprinsipp i dette arbeidet.

Det mest langsiktige tiltaket er omlegging av oppvarmingssystemet, som sidan 2003 har basert seg på eigenprodusert vassboren varme på 37 °C som vert kanalisert til slike tekstilar som omsluttar dei nedre ekstremitetane.

Den nye utdanningsprofilen vil dessutan rasjonalisere vurderinga av kompetente jobbsøkjarar i framtida, når dagens personale når pensjonsalder og må erstattast av sine gamle studentar.

– Alle desse omleggingane er både tidsriktige og framtidsretta, og ikkje minst svært heilskapsorienterte. Såleis er det eit overordna mål at denne strategien skal gjere studietilbodet vårt marknadsleiande og skaffe oss mykje prestisje, seier PR-sjefen til slutt.

På spørsmål om omleggingane svarer høgare utdanningsminister Skvette Gaasvand at ho ikkje vil leggje seg opp i utdanningspolitikk.

Read Full Post »