Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Norsk Gallup’

Det offentlege har eit kontakt- og reservasjonsregister med private e-postadresser og telefonnummer til innbyggarane i landet. Å ikkje stå i registeret, eller å reservere seg mot kommunikasjon med det offentlege på nett, har store konsekvensar, i verste fall også for kontakt med helsevesen. Men skal ein stå i det registeret, må ein òg samtykkje til m.a. SMS-spam, det har eg blogga om før. Og skal ein reservere seg mot SMS-spam, som var temaet den gongen, så reserverer ein seg også mot normal kontakt med det offentlege.

Denne gongen har det skjett noko anna. Eit tilfeldig statleg direktorat, Bufdir, har henta ut private e-postadresser og private telefonnummer som finst i kontakt- og reservasjonsregisteret, og har formidla desse til Norsk Gallup.

Formålet med overleveringa var å gi Norsk Gallup adresser og telefonnummer så dei kunne gjennomføre ei undersøking om «upassende oppførsel og hendelser som kan oppstå på arbeidsplassen, i forbindelse med fritidsaktiviteter, eller ute i det offentlige rom». Undersøkinga var kjøpt av nettopp Bufdir. No kan ein sjølvsagt lure på om slik bruk av privat kontaktinfo er i samsvar med formålet med registeret og med eForvaltningsforskrifta § 29. Men det er visst tillate (sjå under), så uavhengig av dette: Er det greitt å distribuere privat kontaktinfo på denne måten, og med eit slikt formål, når konsekvensane av å reservere seg er så store? Då eg gav frå meg e-postadresse og telefonnummer, var det under andre vilkår og med andre formål.

E-posten frå Norsk Gallup med undersøkinga landa i ei privat innboks i sommar. Dette er ei adresse som eg har klart å halde bortimot fri for spam i alle år, men no hadde altså Norsk Gallup fått adressa. Seinare mottok eg purring frå Norsk gallup på den same e-postadressa. Deretter kom det purring på SMS til mitt private nummer, som eg har klart å halde bortimot fritt for marknadsføring og liknande.

Eg kontakta Kantar (som Norsk Gallup er ein del av), som kunne stadfeste at dei hadde fått den private kontaktinfoen frå Bufdir. Kantar fortalde òg at Bufdir har «tilgang til offentlige register som inneholder din epostadresse og ditt mobilnummer», medan Norsk Gallup opplyste at «utvalget er hentet fra folkeregisteret». Dette tyder ikkje anna enn at kontaktinfoen er henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret.

Og slik bruk av registeret er visst lovleg. Men bruken skal vurderast på førehand av Digdir, og mottakargruppa skal vere «begrenset ut fra en vurdering om relevans», sjå avsnitt 4.1.1.5 i dette dokumentet. Så eg kontakta Digdir og bad om å få sjå vurderinga. Dessverre svarer ikkje Digdir på den førespurnaden, heller ikkje etter purring, så dermed er det ukjent om Bufdir har handla på eiga hand eller ikkje.

Kantar opplyser elles i e-post at ein kan reservere seg mot slike undersøkingar ved å be anten kvar einskilde offentlege etat om dette, eller ved å kontakte kvar einskilde marknadsundersøkingsleverandør.

Ein må altså registrere seg hjå Norsk Gallup dersom ein ikkje vil at dei skal bruke kontaktinfoen. I sjølve kontakt- og reservasjonsregisteret kan ein ikkje reservere seg mot slik spreiing og bruk av kontaktopplysningar frå registeret. Ikkje utan å samstundes avslutte normal kontakt med det offentlege.

Eg fekk forresten heile to svar frå Kantar, med to månaders mellomrom, med den same «beklager at du ikke har fått et svar tidligere» (variert med «før nå»), med den same juridiske utgreiinga om kvifor dette er lovleg, og med til dels heilt identiske formuleringar, m.a. om måten å reservere seg på mot spørjeundersøkingar frå det offentlege. Skal vi tippe at eg ikkje er den einaste som har kontakta dei om dette?

Oppdatering 30.1.2024: Digdir har svart. Dei seier seg leie for at det tok tid å svare, og fortel: «Vi kan diverre ikkje sjå at vi har vurdert bruken i dette tilfelle du viser til. Av kapasitetsmessige årsaker er vi avhengige av at verksemdene som nyttar registeret i hovudsak gjer denne vurderinga sjølv.»

Read Full Post »