Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘solbriller’

Det eldgamle fotoapparatet mitt byrja å svikte. Av og til slo det seg av og sa at det hadde objektivfeil. Og det eine reservebatteriet bula utover og fekk ikkje plass lenger, så det måtte kastast på forsvarleg vis. Fotoapparatet slukte straum, så eg har hatt to reservebatteri.

Til slutt kjøpte eg eit nytt kompaktkamera, og det fungerte bra nok, med eitt unntak: Når eg er utandørs, har eg ofte på meg solbriller, og eg har polariserande solbriller for å dempe gjenskin frå asfalt i sola, våt veg og andre flater som reflekterer lys. LCD-skjermar har polarisert lys. Og dette fotoapparatet er produsert på så tåpeleg vis at dersom ein ser gjennom solbrillene medan skjermen ligg i vanleg breiddeformat, så ser skjermen svart ut. Som regel tek eg bilete nettopp i breiddeformat. Det er dessutan slik ein også må halde fotoapparatet for å kunne lese menyane.

Kameraskjermen er svart når solbrillene er framføre.

Løysinga, som er omtalt litt her og litt der på nettet, viste seg å vere slåande enkel: skjermbeskyttar. Når lyset passerer gjennom denne, vert det avpolarisert, og eg ser skjermen også når eg har på meg solbriller. Etter det eg forstår, kan ulike skjermbeskyttarar rettnok oppføre seg litt ulikt, og ikkje alle fungerer like bra. Men eg kjøpte ein skjermbeskyttar av plast til mobiltelefon, kostnad 5 kroner frå billigkorga på Biltema, og denne viste seg å fungere greitt nok. Her på det neste biletet held eg den lause skjermbeskyttaren mellom skjermen og solbrillene.

Skjermen kan sjåast gjennom solbrillene der det er skjermbeskyttar mellom solbrillene og skjermen.

No skulle skjermbeskyttaren berre skjerast til etter måla til kameraskjermen, og eg er så heldig å ha tilgang til ein papirkuttar. Fyrst målte eg skjermen med linjal, men eg fann fort ut at det kunne vere lurt å prøve seg fram til nøyaktige mål ved å skjere til eit papirark. Då fekk eg også målt dette direkte på rutenettet på papirkuttaren.

Då måla var på plass, leitte eg fram skjermbeskyttaren. Før eg la han på papirkuttaren, la eg merke til at det var ein folie på limsida og ein folie på utsida, og desse skulle sjølvsagt fjernast i tur og orden under og etter montering. Det var også festa ein kraftig teipbit på kvar side, som både fortalde kva som var limsida og kva som var framsida, og som også skulle hjelpe med å fjerne foliane. Eg gjorde ikkje det fylgjande, så eg seier det her: Det kan vere lurt å lime ein teipbit på folien på limsida før ein byrjar å kappe, som ei påminning om kva som er kva, for i mitt tilfelle kappa eg bort alle spor av originale teipbitar, og det var berre hell og lukke som gjorde at eg fann rett limside på fyrste forsøk etterpå.

Men i alle fall, skjermbeskyttaren for mobiltelefon fekk ein omgang med papirkuttaren, og på kort tid hadde eg ein tilpassa skjermbeskyttar til det nye fotoapparatet mitt. Det fyrste eg såg, var at det hadde kome striper på skjermbeskyttaren etter turen innom papirkuttaren, eg burde ha lagt noko imellom over og under for å dempe presset frå der ein held papiret på plass under skjeringa. Men ved nærare ettersyn viste stripene seg heldigvis å vere avgrensa til folielaget.

Kameraskjermen fekk litt sprit. Det fylgde ikkje med eigen alkohol saman med skjermbeskyttaren denne gongen, men eg tok sjansen på å bruke antibac for overflater. Eg spraya litt på eit mjukt turkerullpapir, og turka skjermen forsiktig for å få bort feitt. Deretter brukte eg også mikrofiberkluten frå skjermbeskyttarpakken. Og skjermen vart fin og rein og støvfri. Folien vart teken av på limsida, skjermbeskyttaren vart festa forsiktig til skjermen, alle tendensar til bobler vart fjerna med den medfylgjande flate dingsen, og så fjerna eg folien på oversida.

Skjermbeskyttar er montert, og ein ser skjermen gjennom solbrillene.

Og då var vi i mål. No ser eg skjermen også når eg har på meg solbriller. Litt rart er det framleis å sjå på han gjennom polariserande solbriller, fordi høgre og venstre auge får ørlite forskjellige vinklar bort til kameraskjermen, og fargane vert litt ulike når lyset reiser gjennom solbrillene mine. Ein ser noko av det same på biletet her. Så det er slett ikkje perfekt med akkurat denne billige skjermbeskyttaren som eg kjøpte. Men det er til å leve med, for eg ser nok til å ta bilete, eventuelt nok til å ha kontroll fram til eg kikar over brillekanten for å sjå meir, og det er i alle fall mykje betre enn å sjå ingenting. Men om nokon veit om ein betre skjermbeskyttar til slik bruk, så sei gjerne ifrå.

Utan polariserande solbriller ser det berre ut som ein vanleg skjermbeskyttar, det vil seie at eg ser ikkje nokon praktisk skilnad frå skjermen slik han var før. Og ja, dette er ein peikeskjerm (berøringsskjerm), og det går heilt fint.

Her er ein liten video frå prosessen.

Read Full Post »