Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘uttrykk’

DVD-omslaget til Der große DiktatorEg hugsar då eg kjøpte min fyrste DVD-film. Det var i år 2000, få år etter at DVD-plater hadde kome på marknaden, og medan VHS-kassettar framleis var viktige. Men no hadde eg planar om å skaffe meg ei datamaskin som kunne spele av DVD-ar, og filmen var ein klassikar som eg hadde ynskt meg lenge, nemleg «The Great Dictator» (1940) av Charlie Chaplin. Då eg fann filmen til sals, vart det rettnok ein versjon som var dubba til tysk, «Der große Diktator». På omslaget såg vi Chaplin i ei av dei Hitler-parodiske scenene sine. Og året etter, i 2001, skaffa eg meg ei slik datamaskin med DVD-stasjon så eg fekk sett filmen.

Så omsider ein vakker dag i 2002 fann eg ut at eg skulle kjøpe meg ein skikkeleg DVD-spelar. Det var eit spontant kjøp. Eg var på eit kjøpesenter i Trondheim der ein butikk – eg skal ikkje vere meir spesifikk – akkurat på den tida selde DVD-spelarar som ikkje kosta all verda. Og når eg fyrst var der, så kjøpte eg ein spelar til foreldra mine òg.

Eg og kjærasten (no: kona) reiste til foreldra mine den påska. VI rigga til den nye spelaren og skulle spele av ein DVD, men nei, det gjekk ikkje så bra. Spelaren fekk problem som eg ikkje hugsar i detalj no, men eg har notert meg problem med både tekst og grafikk, eg meiner desse oppstod allereie i hovudmenyen, og vi fekk ikkje sett nokon film. Det same problemet viste seg å finnast på mitt eige eksemplar av apparatet, same kva for ei DVD-plate eg stappa inn.

Så eg tok med meg begge spelarane tilbake til butikken, og kunne rapportere at denne DVD-spelaren taklar ikkje DVD-formatet spesielt godt. Eg ville gjerne levere tilbake begge spelarane og heve kjøpet, det er ingen vits i å prøve fleire eksemplar av modellen. Eg fortalde elles at eg hadde med meg ei DVD-plate som eg kunne demonstrere programmeringsfeilen med dersom det trongst.

Den unge herren bak disken såg ned på Chaplin-etuiet mitt: «Æ ser at det e en svæææært gammel film du har der, og gamle DVD-plata kainn det vær skada på.»

Etter litt om og men fekk eg til slutt levert tilbake spelarane. Men sidan då har «men det er no ein veldig gammal film, då» vore eit uttrykk i heimen i høvelege situasjonar.

Read Full Post »