Tastaturoppsettet «Utvida norsk» for Mac finst no i versjon 2.4. Det kan lastast ned gratis, klikk her. Med dette oppsettet kan ein skrive ikkje berre dei vanlege norske teikna, men også teikn som ð đ ŧ ĉ č ŋ ņ ŭ ǿ → 👍 ⌘ ⌥ ⇧ og mangt anna. Versjon 2.4 inneheld nokre mindre endringar: Ein feil er retta, komma på numerisk tastatur vert no punktum når ein held nede ⇧ slik som på nyare oppsett frå Apple, og stor ẞ er litt meir tilgjengeleg enn før. Førre versjon er omtalt her.
Også IPA-tastaturoppsettet med lydskrift er oppdatert, no versjon 2.3. Det kan lastast ned gratis, klikk her. Nokre nye teikn er lagde inn, m.a. kombinerande pluss over (nyttig for å modifisere teikn med underlengd) og heva schwa (ᵊ). Førre versjon er omtalt her.
![IPA-tastatur med shift-tasten nedtrykt.](https://jardar.wordpress.com/wp-content/uploads/2019/08/ipa22-sh-500.jpg?w=422&h=161)
IPA-oppsettet: Med tasten ⇧ nede vert desse teikna tilgjengelege.
Takk, Jardar!