Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘colaboks’

Colabokseksplosjon

colaboksDet vart full kjøleskapvask i dag etter at ein colaboks eksploderte.

Det var i går eg kjøpte nokre colaboksar vi skulle skikkeleg kose oss med. To av dei gjekk då også med til laurdagskosen same kveld. Men då sundagsmorgonen kom og frukosten stod for tur, kom det frå Judith: «Det er noko som lek i kjøleskapet.»

Det rare var at vi ikkje klarte å identifisere kjelda til lekkasjen. Mørkebrune dròpar låg overalt, til dels innsjøar, også der det ikkje låg noko over som kunne leke. Men leiteaksjonen gav omsider resultat då vi fann ein colaboks der loket hadde pressa seg fleire centimeter opp langs halve omkrinsen. Colasølet tyder på at det må ha skjett eksplosivt.

Ulukka skjedde tydelegvis fordi colaboksen hadde stått for langt bak i kjøleskapet, altfor nær kjøleelementet, for det taut ut med is. Eit stykke unna fann vi også ein isklump med tydelege restar av cola.

Vaskesjauen var elles ei eventyr for oss som er interesserte i lokalhistorie, meir skal eg ikkje seie om den saka, anna enn snittalderen på innhaldet i kjøleskapet har gått ned som resultat av denne hendinga.

Men kjøleelementet er altså litt overivrig. Det har det i og for seg vore ei stund, og når sant skal seiast, treng vi nytt kjøleskap. Men det er eitt moment som hittil har stoppa oss: Noverande kjøleskap har kjøleskap oppe og svaleskap nede, med separate dører. Dette er veldig praktisk, for vi kan opne svaleskapet uavhengig av kjøleskapet.

Slikt får ein ikkje tak i lenger. No finn ein berre kjøleskap med éi stor dør, og med svaleavdeling i lukka skuffer. Ikkje berre må ein opne heile skapet same kva ein skal ha tak i, ein må også bruke lengre tid, fordi ein må tulle rundt med desse skuffene, som forresten heller ikkje har like god plass som vi har med to hyller pluss skuffer i dagens svaleavdeling.

Så om nokon har eit tips om eit godt produkt, er det berre seie ifrå. I mellomtida kjem den generelle åtvaringa herifrå: Ver forsiktig med kvar du plasserer colaboksane dine.

Read Full Post »