Ein skule hadde innført kjønnsdelt gymundervisning, men den ordninga vart det slutt på, melder NRK. Det var nemleg i strid med opplæringslova § 8-2.
Den offentlege debatten om saka handla likevel lite om lovteksten. Då saka dukka opp i oktober, kunne Frp ikkje uventa fortelje at «dette er islamisering». Samstundes kunne ein mann (tilfeldigvis prest) stille den diagnosen at vi ikkje torer å «holde på vårt eget». Ja, verre enn som så: Kjønnsdelt gymundervisning «bryter med norske grunnverdier», noko også Frp var inne på: «kjønnsdeling bryter med grunnleggende verdier». Ikkje småtteri, altså: grunnleggjande verdiar. Og lesarkommentarane på dagbladet.no? Giss éin gong. Kanskje den paranoide muslimhamringa der var uttrykk for grunnleggjande norske verdiar?
Opplæringslova er frå 1998. Då eg gjekk på barne- og ungdomsskulen på Sunnmøre på 70- og 80-talet, var kjønnsdelt gymundervisning regelen, ikkje unntaket. Dette var greitt nok, eg følte meg ikkje undertrykt av det, eg slapp å vere flau i same gymsal eller basseng som jentene, og eg har ein mistanke om at jentene òg syntest det var greitt å sleppe gutane.
Bortsett frå å avskaffe heile kroppsøvinga var det to ting eg ynskte meg på den tida: separat bås i garderoba og separat dusjbås. Eg likte rett og slett ikkje å opptre naken framfor dei andre gutane. Kall meg gjerne sær, men slik var det, og eg liker framleis ikkje å opptre naken for andre enn kona mi. Men då det viste seg for nokre år sidan at nokre muslimske jenter i Trondheim var like sære som eg, så vart det offentleg debatt om muslimane som kjem hit til vårt stolte Noreg og vil ha spesialbehandling. (Om jentene kom hit eller var fødde her, var like lite interessant som trusfridom.)
Tenk om eg hadde ytra det blyge ynsket mitt om dusjbås i 1984, og så hadde det vorte nasjonal debatt om knefall og jardarisering, og om denne fyren frå Eggesbøneset som kjem her og vil bestemme, «snart skal vel alle klasserom vendast i retning Eggesbøneset». Det hadde ikkje vore særleg kult for ein blyg fjortenåring.
Men no forstår eg det slik at kjenslene mine og forholdet mitt til eigen kropp ikkje fell inn under definisjonen på «norsk». Oppveksten min på Sunnmøre var «unorsk», og vil eg ikkje integrerast og angre på blygskapen min, så…
Eller er det av uforklarlege grunnar rom for avviket mitt likevel? – Og får eg i så fall lov til å vere den neste som definerer kva slags kjensler som er bra nok til å kunne kallast norsk?
PS: Dusjbåsane i Trondheim vart forresten populære uavhengig av religion. Bombe.
Du har ikkje syn for dynamikken i dette: Ein held gjerne endå kraftigare på sitt eige i garderoba. 😉
Forresten: Du skriv «garderob_a_». Kvifor? Uttrykk for dialekt? Eller meiner du at kjønnsnormeringa av dette og andre lånord er usystematisk?
Som eg skriv på «om»-sida: «Morfologien og språknorma her er nokså inkonsekvent, og det synest eg er heilt greitt.»
Meir attende til tema, då: eg er mykje samd at det er rett å vera kritisk til påstanda om kva som er typisk norsk. Og at det kan vera grunn til å ikkje tolk alt ein muslim gjer og seier i ljos av at vedkomande er muslim.
Samleis tykkjer eg Dagbladet bør læra seg å skilja mellom det å verta utsett for rasistar og det å verta utsett for rasisme:
http://www.dagbladet.no/2010/12/13/nyheter/utenriks/taimour_abdulwahab/terror_stockholm/14689023/
Om mange år vil jeg ha nostalgiske assosiasjoner ved deg Jardar!