Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 21st, 2013

Ei overrasking i posten

Om det er overraskande, veit eg ikkje, men ein må kalle det imponerande når posten klarer å finne fram til ein mottakar der både namn og adresse på konvolutten er så øydelagde av fukt som på det eg fekk i dag.

Då eg opna konvolutten, fann eg ei bok med tittelen Dialogo, og forstod ein kort augneblink ikkje det døyt. Men inni låg det ein lapp med takk frå forfattaren. Og her var overraskinga: Plutseleg hadde eg vorte skjønnlitterær omsetjar frå esperanto til norsk på eit rumensk forlag med ein forfattar som eigenleg er ungarskspråkleg. Eg deler lagnad med 51 andre omsetjarar til språk som tsjekkisk, frisisk, arabisk, hindi, japansk og altså mykje meir.

Det er dokketeaterartisten, forfattaren og redaktøren Júlia Sigmond som står bak. I fjor på denne tida sende ho ut ein kort, lyrisk dialog til esperantofolk over heile verda og bad oss om å omsetje diktet til språka våre. Eg gjorde dette fort innimellom det andre eg hadde å gjere, men ikkje verre enn at resultatet var trufast mot originalen.

Så trufast mot originalen var eg at då eg såg dei andre omsetjingane i boka, måtte eg undrast. For her er dei seks siste replikkane i mi omsetjing:

– Og om vi ikkje lenger høyrer?
– Då ser vi stilt på kvarandre.
– Og om vi ikkje lenger ser?
– Då held vi kvarandre i hendene.
– Og då er vi også lukkelege?
– Til vi lever, for vi elskar kvarandre.

Legg merke til det geniale grepet i aller siste replikk. Vi er lukkelege «til vi lever»! Kjærleiken fører altså fram mot sjølve livet. Og slik står det også i originalen som eg fekk på skotårsdagen i fjor: «Ĝis ni vivos, ĉar ni amas unu la alian.» Eg hugsar at eg fall fullstendig for dette.

Men dei andre omsetjingane i boka seier noko anna, nemleg «så lenge vi lever». Og der er også originalen endra til det tilsvarande, «dum ni vivos». Av dei språka eg er i stand til å forstå, er det ingen andre som har noko tilsvarande «ĝis ni vivos».

Eg veit ikkje kva som har skjett her, men då eg skreiv tilbake til forfattaren og takka for boka, måtte eg leggje til: Eg synest den tidlegare versjonen med «ĝis ni vivos» er endå meir poetisk enn slik det vart til slutt.

Oppdatering 22.2.2013: Eit nytt opplag der trykkfeil skal rettast, kjem i april. Også den norske omsetjinga hadde litt rusk, og eg har nytta høvet til å justere omsetjinga på fleire andre punkt når eg fyrst var i gong, også dei to siste linene, som vert: Og også då kjem vi til å vere lukkelege? / Så lenge som vi lever, for vi elskar kvarandre.

Read Full Post »