This is the Norwegian version of the blog post. The English version is found here.
Dette er den norske versjonen av bloggposten. Du finn den engelske versjonen her.
Vi er framleis nokre som køyrer Tweetbot 1.6.2 på eit OS X som er eldre 10.10, og vi er ikkje naudsynleg så veldig glade for tida. Tweetbot kan berre kjøpast via Mac App Store, noverande versjon av Tweetbot (versjon 2) fungerer ikkje på gamle versjonar av operativsystemet, og for nokre dagar sidan gjorde Apple
noko som øydela den versjonen av Tweetbot (altså 1.6.2) som fungerer på gamle versjonar av OS X. Det var noko med eit sertifikat som gjekk ut 11. november.
Det er mogeleg å laste ned den siste kompatible versjonen (altså 1.6.2) frå Kjøpt-fana i App Store, men det nedlasta programmet fungerer likevel ikkje på OS X 10.8.5, i alle fall ikkje på nokon av dei Macane som fru Judith og eg har tilgang til. Programmet knelar etter eit sekund eller deromkring. Den offisielle løysinga er å installere OS X 10.10 eller nyare, men det finst grunnar til at vi ikkje kan gjere dette akkurat no.
Men det fylgjande trikset fungerer faktisk. Om du tenkjer på å gjere det same fordi du såg at eg gjorde det, så gjer du det på eige ansvar, men det skjer neppe noko alvorleg, for det handlar berre om å endre datoen i nokre sekund:
Fyrst fann eg ein tryggingskopi av Tweetbot på tryggingsdisken min (i mitt tilfelle: Time Machine). Det viktige er å finne eit eksemplar frå før 11. november 2015. Så kopierte eg Tweetbot frå tryggingsdisken og over til den interne «Macintosh HD». Eg la programmet i ei mappe som heiter «test» berre for å ha eit eksemplar der, slik at eg ikkje skal trenge å kopiere det frå tryggingsdisken kvar gong noko går gale.
(På ein av Macane trong eg ikkje å kopiere frå tryggingsdisken, men kopierte det rett frå Programmer-mappa. Dette fungerte fordi Tweetbot ikkje hadde vorte starta på nytt etter 11. november, så det lokale eksemplaret var enno ikkje øydelagt.)
Deretter kopierte eg dette eksemplaret av Tweetbot til Programmer-mappa, det er jo der programmet eigentleg skal vere (Macen bad om administratorpassord). Det som no skal skje, er å starte Tweetbot medan Macen trur at det enno ikkje har vorte 11. november 2015. Datoen kan justerast manuelt i systemvala, men ikkje bruk ein veldig tidleg dato, for då fungerer det ikkje likevel. Eg landa på å stille datoen til, sjølvsagt, 10. november 2015.
Start Tweetbot. Ver budd på at programmet kan klage over «Timestamp out of bounds», eller jamvel vil nekte å logge på Twitter. Men dette rettar seg fort: Då eg skrudde fram igjen til dagens dato og klokkeslett, var Tweetbot nøgd, og alt var som det skulle.
Eg vil gjerne starte Twetbot litt kjappare enn dette, så eg har laga dette skriptet, som eg køyrer med sudo. Dersom eg gløymer å bruke sudo, vert Tweetbot øydelagt igjen fordi datoen ikkje vert endra til 10. november, så fremst i skriptet ligg det ein test for dette:
#!/bin/sh
if [ "$USER" != "root" ] ; then
echo "sudo!!!"
exit
fi
tid=`date "+%m%d%H%M%Y"`
date 111011112015
open /Applications/Tweetbot.app
sleep 5
ntpdate -u time.euro.apple.com || date $tid
Skriptet noterer seg kva dato og klokkeslett vi har no, justerer deretter til 10. november 2015 kl. 11:11, startar Tweetbot, ventar i fem sekund, og stiller deretter fram igjen til dagens dato og klokkeslett ved å spørje den europeiske NTP-tenaren til Apple (sidan vi er i Noreg). Om det siste skulle gå gale, skal skriptet etter planen stille dato og klokke til slik det var for fem sekund sidan, men det vert ikkje heilt nøyaktig, sidan sekundet vert sett til null.
Pausen på 5 sekund gjer at min Tweetbot ikkje eingong rekk å klage. Men dei fem sekunda må gjerne justerast på di maskin dersom det viser seg å vere for kort tid til at Tweetbot klarer å starte skikkeleg. Dersom dette skjer, vert programmet truleg øydelagt igjen, og må kopierast til Programmer-mappa endå ein gong. Dette er ein god grunn til å ha ein tryggingskopi av Tweetbot ein annan stad på interndisken, slik eg gjorde i test-mappa over.
Dette er ei kjappløysing som ikkje naudsynleg er problemfri. Mac-klokka kan gå nokre sekund feil etterpå, avhengig av korleis dato og klokke vart justert den andre gongen. Det å skru tida tilbake på denne måten, sjølv om det vert korrigert igjen nokre sekund seinare, kan også skape trøbbel for andre program som måtte vere i gang på Macen. Dersom det til dømes kjem ein e-post akkurat medan dato og klokkeslett er feil, så kan han få feil mottakstid. Så du gjer som sagt dette på eige ansvar, særleg dersom du ikkje allereie er kjend med det å lage og køyre skript.
(Kjapp innføring for dei desperate: Kopier koden over, start Terminal, tast «nano tweetbotskript» utan hermeteikna og trykk på returtasten. Lim inn koden. Trykk ctrl-O (altså bokstaven O) og returtasten for å lagre skriptet. Trykk ctrl-X for å avslutte nano. Tast «chmod u+x tweetbotskript» og trykk på returtasten. Tast «sudo ./tweetbotskript» og returtasten. Tast inn passordet ditt når du vert beden om det. Sjølv lagra eg skriptet i ~/bin i staden, då vert detaljane her litt annleis. Innføringa for dei despereate legg til grunn at du allereie har aktivert rotbrukaren.)
Eg kjøper helst program direkte frå utviklaren, ikkje frå Mac App Store. Denne episoden, som Glenn Fleishman i Macworld omtaler som «MAS extinction», er berre endå ein grunn til det, i tillegg til at det er kjekt å få oppdateringane tidlegare enn via Mac App Store, og at meir av pengane går til utviklaren. Dessverre er akkurat dette programmet å få berre på Mac App Store.
Legg att eit svar